Finn-Eirik Johansen: – Vil ha eit ambisiøst arbeidsmiljø for yngre forskarar, utan spisse olbogar

– Generelt sett vil eg seia at vitskapleg tilsette ikkje blir høyrde nok i ting som har å gjera med korleis universitetet utviklar seg som organisasjon, seier biologiprofessor Finn Eirik Johansen. Han er ein av dei seks kandidatane som dei vitskaplege tilsette kan stemma på i universitetsstyrevalet.

KORRIGERA PROSESSAR: – Å sitja i styret vil ikkje seia at det er styremedlemane sin agenda som kjem opp, men det blir å jobba saman med leiinga, finna og kanskje korrigera prosessar og innspel som kjem frå leiinga til styret. seier Finn-Eirik Johansen. No vil han inn i Universitetsstyret som representant for dei vitskaplege tilsette.

Foto: Ola Gamst Sæther

Universitetet i Oslo har akkurat begynt å vakna til liv både etter helga og etter koronarestriksjonane, då me møter biologiprofessor Finn-Eirik Johansen i foajeen i Georg Sverdrups hus. Førre onsdag blei det klart at den tidlegare forskingsdekanen og tidlegare direktøren for UiO: Livsvitskap er ein av dei seks kandidatane som tar mål av seg til å bli vald til ein av dei to plassane for dei faste vitskaplege tilsette i Universitetsstyret.

Val til UiOs styre 2021–2025

Universitetsstyret er UiOs øvste organ. Styret har elleve medlemar og er sett saman av styreleiar (rektor), to fast vitskaplege tilsette, éin mellombels vitskapleg tilsett (vert vald årleg), éin teknisk-administrativ tilsett, to studentar (vert valde årleg) og fire eksterne medlemar (vert oppnemnde av Kunnskapsdepartementet).
I år er det val på alle stillingskategoriar
Valbar er tilsette som har stemmerett og har eit tilsetjingsforhold som dekkjer heile valperioden. Stemmerett har fastlønna tilsette i minst halv stilling ved dei einingane som gjennomfører val, og professorar II. 
Valet pågår elektronisk frå 31. mai til 7. juni.

(Kjelder: Uniforum og UiO)

– For lite tydeleg

– Eg stiller sjølvsagt opp fordi eg ynskjer å representera dei vitskaplege tilsette i styret. Og eg har hatt ein del leiarfunksjonar på universitetet, vore i mange ulike komitear og utval. Eg har alltid syntest at stemma til dei vitskaplege tilsette har vore litt for lite tydeleg.Det er mange leiarar som kjem til orde, men dei vitskaplege tilsette gjer ikkje alltid det, konstaterer han.

Finn-Eirik Johansen trur ikkje dette blir tilfellet i Universitetsstyret.

– I styret er det litt annleis for der er det jo to representantar for dei faste vitskaplege tilsette i tillegg til representanten for dei mellombels vitskaplege og studentane. Generelt sett vil eg seia at vitskapleg tilsette ikkje blir høyrde nok i ting som har å gjera med korleis universitetet utviklar seg som organisasjon. Det er ei av hjartesakene mine, seier Finn Eirik Johansen til Uniforum.

– Me har fått ei profesjonalisering av leiing

 Han ser ei utvikling der leiing er blitt noko anna enn før.

– Det er ikkje slik at dei vitskaplege berre skal bry seg om sitt eige fag, og så skal leiinga bestemma korleis universitet skal utvikla seg som organisasjon.Det er tendensar til at leiing no er blitt ei slags leiargruppe. Me ser det endå tydelegare på rektornivå no når Dag Rune Olsen går frå å vera rektor ved Universitetet i Bergen til å blir rektor ved Universitetet i Tromsø, medan Curt Rice går frå rektorstillinga ved OsloMet til å bli rektor ved NMBU. Slik har me fått ei profesjonalisering av leiiing i staden for å ha faglege leiarar som har stor faglegheit i botn. Det er ei viktig sak for meg, slår han fast.

Vil ha forskingsaktive leiarar

Så viser han til erfaringar han gjorde i tida som doktorgradsstudent ved Columbia University i New York.

– Han som hadde kontor ved sida av rettleiaren min var samtidig dekan ved Columbia College. Han var fagleg leiar for utdanninga av alle bachelorgradsstudentane på Columbia. Og han var også internmedlem i min Ph.d.-komité, hadde ein stor lab, og var ein forskingsaktiv, fagleg leiar, fortel biologiprofessoren.

Finn-Eirik Johansen viser også til eit innlegg han skreiv om universitetsleiing i Uniforum.

• Les i Uniforum: MN trenger akademiske instituttledere

 – Me burde ha faglege leiarar som også er forskingsaktive, så langt det er mogleg. Og det burde vore mogleg, og me burde ha ein organisasjon som legg til rette for det. 

Tilhengjar av valde leiarar

Uniforum har også fått tjuvkika litt i valplattforma hans, som skal overleverast til Valstyret den 12. mai. Der går det fram at Finn-Eirik Johansen også er ein ivrig tilhengjar av valde leiarar på alle plan. Han meiner at universitetsdemokratiet blir best tatt vare på gjennom val av rektor og dekanar. Han meiner det ikkje finst noko som tyder på at valde kandidatar er dårlegare enn dei tilsette. Finn-Eirik Johansen er også optimist når han ser på dei siste dekanvala på HF, OD og Jus, der det på alle dei tre fakulteta var to kandidatar som stilte opp mot kvarandre.

– Hjelpa til med å finna løysingar

Han er klar over at å vera med i Universitetsstyret blir noko heilt anna enn å jobba som direktør for ei forskingssatsing  eller som instituttleiar på UiO.

– Å sitja i styret vil ikkje seia at det er styremedlemane sin agenda som kjem opp, men det blir å jobba saman med leiinga, finna og kanskje korrigera prosessar og innspel som kjem frå leiinga til styret. Og så hjelpa til med å finna betre løysingar enn det leiinga sjølv hadde kome på. Me veit jo aldri kva som kjem til å koma opp i styret dei neste fire åra.  Grunnhaldninga ein har til universitetet og universitetets rolle, blir viktig for styremedlemane som skal representera dei vitskaplege tilsette, er han overtydd om.

– Og kva saker håpar du å få tatt opp i Universitetsstyret om du blir vald inn?

– Eg veit ikkje om det er akkurat ei bestemt sak eg vil ta opp. Dei siste åra har eg jobba med korleis me vurderer forskarar i Noreg, både i regi av ei UHR-arbeidsgruppe som nyleg har levert ein rapport og i regi av eit utval på UiO om det same. Dette har eg gjort fordi det er viktig for meg, seier han.

Ynskjer ambisiøse arbeidsmiljø utan spisse olbogar

Kongstanken hans er å skapa eit betre arbeidsmiljø for yngre forskarar.

- Eg synest at me ikkje har vore flinke nok til å laga eit arbeidsmiljø for yngre forskarar som har høge ambisjonar, men med eit fråvær av spisse olbogar. Det er idealmiljøet for meg.  Det er viktig å ha høge ambisjonar, men det skal ikkje vera nødvendig å ha spisse olbogar for å koma seg fram. Så eg håpar at rapporten me har skrive for UHR-arbeidsgruppa og rammeverket for forskarvurdering som me skal leggja fram vert tatt godt imot både av dei som skal vurderast, altså forskarane og dei som skal gjera vurderingane, altså tilsetjingskomitear og andre sakkunnige, seier han. 

– Kunne vore flinkare til å halda på dei beste

For Finn-Eirik Johansen trur at eit betre arbeidsmiljø er nøkkelen for å halda på dei beste.

– I sektoren er me heldige for me har mange folk som brenn for forsking og for utdanning. Samtidig kunne me ha vore flinkare til å halda på dei beste, om me hadde hatt eit endå betre arbeidsmiljø og tydelegare karrierevegar for yngre forskarar. Når dei som er unge og i starten av karrieren rår dei som er endå yngre til ikkje å fylgja i deira fotspor, så har me ei utfordring, slår han fast. 

Ein ny kik i valplattforma hans avslører også har han er opptatt av akademisk fridom og ytringsfridom for forskarar. Han understrekar at forskarar bør oppmuntrast til å uttala seg offentleg og at dei har rett til dette også om synspunkta deira skil seg frå synspunkta til leiarar og kollegaer.

Vil halda på UiO som eit breiddeuniversitet

Finn-Eirik Johansen vil dessutan slå eit slag for det tradisjonelle universitetet.

 – For meg er det viktig å halda på UiO som eit breiddeuniversitet, og at ikkje alle skal sporast inn på det same og sjå likt ut. Eg likar at det er divergens i motsetning til konformitet. Eg er opptatt av at me skal verta flinkare til å prioritera kvalitet. Det trur eg me kan bli om me legg meir vekt på dei faglege tilsette sine vurderingar og ikkje berre leiarvurderingar når det kjem til prioriteringssaker, understrekar han. 

DIALOG: – Eg vil prøva å ha dialog med tilsette frå alle fakultet, ikkje berre frå Mat.nat. eller dei som er knytte til livsvitskapssatsinga, lovar Finn-Eirik Johansen. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Finn-Eirik Johansen trekkjer fram eit konkret døme på kva han meiner med dette.

 – Det vil seia at UiO heller bør leggja vekt på ERC i EU enn programma som handlar om dei store samfunnsutfordringane. Me skal verna om den frie, nyfiknedrivne grunnforskinga. Me skal vidareutvikla oss sjølve som det beste universitetet i Noreg, er ambisjonen han har på vegner av UiO.  

– Du er jo professor ved Institutt for biovitskap, der du også har vore instituttleiar, du har vore direktør for UiO: Livsvitskap og du har vore forskingsdekan på MN-fakultetet.  Trur du at du vil ha større påverknad i Universitetsstyret enn du hadde i dei stillingane der?

– Det trur eg eigentleg ikkje. Eg trivst med å ha påverknad, men eg vil gjerne gjera det på mine premiss, og gjera det på den måten eg sjølv meiner er riktig. No er det ikkje sånn at ein kan skru klokka tilbake til dei stillingane ein har hatt. Viss eg blir valt inn, skal eg bruka påverknaden min, men eg skal også vera representant for dei andre tilsette i styret. Eg vil prøva å ha dialog med tilsette frå alle fakultet, ikkje berre frå Mat.nat. eller dei som er knytte til livsvitskapssatsinga, lovar han.

• Les i Uniforum:

Finn-Eirik Johansen skal leia livsvitskapssatsinga på UiO

Finn-Eirik Johansen erstatter Svein Stølen som forskningsdekan ved MatNat

Trur ikkje stillingskonflikt vil påverka valet

– Det siste halvåret er det blitt kjent gjennom Uniforum at du har vore i ein stillingskonflikt med tidlegare Mat.nat.-dekan Morten Dæhlen og har klaga den avgjerda inn til Sivilombodsmannen. Trur du at den saka vil verka inn på om du blir valt inn i Universitetsstyret?

- Om det vil ha påverknad på valet, det er vanskeleg for meg å seia. Men eg trur ikkje den vil påverka korleis eg ville fungera i styret. Det er klart at me hadde ein konflikt som ikkje er blitt løyst, men eg ser ikkje korleis den skal påverka evna mi til å sitja som styremedlem. Som forskingsdekan hadde eg eit heilt anna arbeidsforhold til han enn det eg vil ha som medlem i Universitetsstyret. Om eg hadde trudd den saka ville ha svekka evna mi til å sitja i Universitetsstyret, ville eg ikkje ha stilt til val.

• Les i Uniforum:

Dæhlen blir habilitetsvurdert etter instituttledertilsetting

Ble vraket til stilling - nå har han klaget UiO inn for Sivilombodsmannen

–Trur du at nokon vil bruka den saka mot deg i valkampen?

– Det kan ein aldri føresjå. Og det kan jo tenkjast. Me har begge valt å leggja litt lokk på kva som låg bak. 

Finn-Eirik Johansen trur det kan vera vanskeleg å driva valkamp under ein koronapandemi.

– Men eg håpar at valstyret klarer å arrangera ein valdebatt mellom alle dei seks kandidatane anten fysisk eller digitalt, seier han til Uniforum.

Emneord: Universitetsstyrevalget 2021, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 12. mai 2021 04:30 - Sist endra 12. mai 2021 10:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere