Finn-Eirik Johansen skal leia livsvitskapssatsinga på UiO

Finn-Eirik Johansen (50) blir direktør for UiO:Livsvitskap. Det vedtok Universitetsstyret i dag. Han kjem frå stillinga som instituttleiar på Institutt for biovitskap ved UiO.

PASSA MEG GODT: – Eg søkte stillinga fordi eg meinte det var ei fin og utfordrande stilling som passa meg godt, seier Finn-Eirik Johansen, som i dag blei  tilsett som første direktør for UiO:Livsvitskap.

Foto: Ola Sæther

Uniforum møter han på kontoret i Kristine Bonnevies hus på Blindern nokre timar etter at Universitetstyret har bestemt at han får jobben som livsvitskapsdirektør ved UiO.

Fakta om Finn-Eirik Johansen:

Frå 2009 har han vore instituttleiar, først ved Institutt for molekylær biovitskap og seinare i det fusjonerte Institutt for biovitskap.

Blei tilsett som førsteamanuensis ved UiO i 2001, og utnemnd som professor i 2006.

Han har doktorgrad i molekylærbiologi frå Columbia University i USA.

Oppvaksen på Rødvedt i Groruddalen i Oslo.I dag bur han på Korsvoll.(Kjelde:UiO:Livsvitskap)

– Gratulerer med ny jobb!

– Mange takk for det! seier han, og svarar på vår utstrekte høgrehand med å retta fram den venstre handa.

– Den høgre skuldra og armen blei skadd då eg fall under ein skitur i Marka tidlegare i vinter, orsakar han seg med. No er han glad for at han endeleg kan fortelja både kollegaer og andre kjente at han har fått jobben han søkte som UiOs første direktør for livsvitskap.

– Fin og utfordrande

– Eg søkte stillinga fordi eg meinte det var ei fin og utfordrande stilling som passa meg godt. Fagområda innanfor livsvitskap interesserer meg, og eg synest Universitetet i Oslo kan gjera ein endå betre jobb med å koordinera all den forskinga som går føre seg under omgrepet livsvitskap.

– Kan du forklara kva livsvitskap går ut på slik at også dei som ikkje er ekspertar forstår det?

– Det dreiar seg om å forstå biologiske system på alle nivå. Det kan ein få til ved å ta inn kunnskap frå andre fagområde, som psykologi, samfunnsfag og medisin, og andre realfag som fysikk, kjemi og informatikk. Hovudsaka er at forskinga må ha biologiske prosessar i botn, elles er det ikkje livsvitskap.

– Ikkje som å hoppa etter Wirkola

– Korleis blir det å vera den aller første direktøren for livsvitskap ved UiO?

– Det blir i alle fall ikkje som å hoppa etter Wirkola sidan ingen har gjort det før. Det vil hjelpa meg at eg kjenner godt både Det medisinske fakultetet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

Etter planen skal det stå klar ein livsvitskapsbygning i Gaustadbekkdalen i 2022, altså om seks år. For Finn-Eirik Johansen er ikkje bygningen det viktigaste som skjer innanfor livsvitskap.

– Nei, det er langt frå alle livsvitskapsmiljøa som vil få plass i den bygningen. Og forskinga er i gang eller er i ferd med å koma i gang allereie. Det handlar ikkje om berre å opna bygningen og be folk om å setja i gang å forska, understrekar han.

Flyttar inn i Sogn Arena

I første omgang vil han sjølv arbeida 20 prosent som direktør for UiO:Livsvitskap, ved sida av at han kjem til å halda fram med å leia Institutt for biovitskap til ny instituttleiar er på plass. Når han kan forlata kontoret i Kristine Bonnevies hus, vil han flytta inn i nye lokale i Sogn Arena i korridorfellesskap med administrasjonen ved Det medisinske fakultetet.  – Det første eg skal gjera, er å tilsetja ein administrativ leiar for UiO:Livsvitskap. Saman med kommunikasjonsrådgjevar Norunn Kristin Torheim vil me då vera tre tilsette i UiO:Livsvitskap.

Jobben tar han til i allereie den 15. februar. Dagen etter skal han halda avslutningstalen på den store livsvitskapskonferansen på UiO. – Det gler eg meg til, seier han. 

– I gode hender

Rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen, er svært nøgd med at UiOs største satsing har fått på plass ein direktør som kan leia arbeidet.

– Eg føler meg trygg på at satsinga no er i gode hender og ser fram til å halda fram det gode samarbeidet både med den nye direktøren og livsvitskapsstyret, som har tatt godt hand om satsinga til no, seier Ottersen i ei pressemelding frå UiO.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskingspolitikk, Livsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 9. feb. 2016 16:46 - Sist endra 9. feb. 2016 21:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere