Hurtigtesten for korona får stryk i Danmark

Medan den vanlege koronatesten fekk 4069 positive svar, klarte hurtigtesten berre å fanga opp 2159 av dei. Det viser ei undersøking Statens Serum Institutt i Danmark nyleg har gjort.

Folk står klare for å bli koronatesta på Blindern

MASSETESTING: Den 2. mars sette SiO Helse i gang massetesting av studentar og tilsette ved UiO på Blindern. Av dei 2700 som blei testa, var det sju som var koronasmitta. I Danmark viser nesten halvparten av hurtigtestane eit negativt svar, sjølv om du er smitta, viser ny undersøking. (Arkivfoto) 

Foto: Ola Gamst Sæther

Undersøkinga blei gjort blant 117 670 personar frå 1. februar til 23. mars i år. Den vanlege koronatesten (PCR-test) fann altså 4069 positive svar, medan den antigene hurtigtesten klarte å finna berre 2159 positive svar i den same gruppa av personar. Det vil seia at 1910 personar fekk tilsendt eit negativt testsvar, sjølv om det kunne påvisast koronavirus i halsen.

– Ganske upålitelege til å peika ut ein smitta person

Konstituert fagleg direktør på Statens Serum Institutt Tyra Grove Krause kjem derfor med fylgjande konklusjon:

– Undersøkinga vår viser at hurtigtestar (antigen-testar)er ganske upålitelege til å peika ut ein smitta person. Me kan sjå at 47 prosent av dei som er smitta med korona, får eit negativt testsvar etter ein hurtigtest. Dei er altså testa falskt negativ, seier ho om undersøkinga, går det fram av pressemeldinga frå Statens Serum Institutt i Danmark. Også fleire danske og norske media har vidareformidla dette nyhendet, blant andre Politiken og VG.

– Må lata seg koronatesta på vanleg måte

Den danske undersøkinga avdekte også at 45 prosent av dei som fekk positive svar frå ein hurtigtest, likevel ikkje var koronasmitta. Formaninga frå Tyra Grove Krause er difor svært klar:

– Derfor er det svært viktig at alle som får eit positivt resultat frå ein hurtigtest, må lata seg koronatesta på vanleg måte så snart som mogleg, slik at dei forsikrar seg om at dei verkeleg er smitta. Det er først etter den etterfylgjande PCR-testen at me kallar det eit stadfesta tilfelle. Altså at ein er smitta, seier Tuva Grove Krause.

I slutten av januar blei det  også publisert ei undersøking av hurtigtestane i Danmarrk, melder VG   Då viste det seg at hurtigtestane klarte å fanga opp 70 prosent av tilfella som vert fanga opp av vanlege koronatestar. Den studien blei gjort ved at 4697 personar blei testa  med både ein vanleg PCR-test og ein hurtigtest melom jul og nyttår 2020. Undersøkinga blei kunngjort av det danske Rigshospitalet.  Den siste undersøkinga som altså gir hurtigtestane eit langt dårlegare skussmål, er altså langt meir omfattande  sidan granskinga er gjort blant heile 117 670 personar som har brukt begge dei to testane over ein periode på rundt sju veker.

Sju positive prøvar på Blindern

På Blindern starta SiO 2. mars  eit pilotprosjekt med hurtigtesting av studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo. Og av dei 2700 testane som blei tekne, var det sju positive prøvar, melder Aftenposten torsdag.   

Om lag samtidig starta SiO Helse opp ein pilot med sjølvtesting blant studentar på Kringsjå studentby. I eit innlegg i Aftenposten i dag peikar SiO Helse-direktørTrond Morten Trondsen , bydelsoverlege Tom B. Sundar i Nordre Aker og lege Joakim Øverbø i Folkehelseinstituttet på dei førebels positive resultata av denne sjølvtestinga.

"Pålitelige og effektive"

Dei viser til ei førebels evaluering av prøveprosjektet der over 2500 studentar deltok. I løpet av ein månad fekk studentane tilbod om ein gratis sjølvtest. Etter å ha gjennomført testen framme i nasen, viser testen resultatet etter 15 minutt. Studenten kan registrera resultatet sjølv.  Prøveprosjektet har SiO gjennomført i samråd med Oslo kommune, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. “Evalueringen så langt viser at testene er pålitelige og effektive. Selvtesting gir mulighet for bedre selvkontroll”, skriv dei tre forfattarane av innlegget.

Og dei påpeikar heilt til slutt at sjølvtestinga har gitt resultat.

“Vi kan slå fast at selvtesting på Kringsjå studentby har avdekket smitte hos studenter som elles kunne ha medført smitterisiko for andre. SiO, kommunen og helsemyndighetene ser nå på hvordan erfaringene kan nyttiggjøres i kampen mot covid-19", fortel dei. Innleggsforfattarane konkluderer med at sjølvtesting for covid-19 kan gjera vegen tilbake til normalt studentliv kortare.

Har laga plan for vidare sjølvtesting av studentar

Uniforum har vore i kontakt med direktør for SiO Helse, Trond Morten Trondsen for å få vita om den positive evalueringa vil føra til at alle studentar i Oslo, også studentar som bur andre stader enn i studentbustadane til SiO vil få tilbod om sjølvtesting.

– Me har laga  plan for dette, men me avventar og vil forholda oss til styresmaktene si  prioritering av massetesting for studentar i Oslo, svarar Trond Morten Trondsen Uniforum i ein epost.  Når det gjeld spørsmålet om det dårlege resultatet hurtigtesten av korona har fått i Danmark vil få konsekvensar for massetesting av studentar, viser han til Folkehelseinstituttet.

Erna Solberg er nøgd med massetestingane

Etter planen skulle også Oslo kommune starta massetesting av elevar i den vidaregåande skulen. Ifylgje Aftenposten har byråd Robert Steen tidlegare sagt at det kan vera nøkkelen til å letta på koronarestriksjonane. Og før den siste nedstenginga var det blitt utført 226 prøvar på Stovner videregående.  Målet var at det skulle gjennomførast mellom 5000 og 6000 testar i veka i sju veker. Også statsminister Erna Solberg er nøgd med massetestingane.

– Erfaringane har vore gode, og me kan no rulla dette ut i kommunar med høgt smittepress, seier Solberg til Aftenposten

Oslo forlengjer påbodet om heimeskule

Om den siste undersøkinga frå Danmark har fått byråd Robert Steen i Oslo og statsminister Erna Solberg til å endra oppfatninga av hurtigtestane, står att å sjå. Det som er sikkert er at massetestingane av elevane i vidaregåande ikkje kan koma i gang igjen før om over ei veke. Torsdag bestemte byrådet nemleg å forlengja påbodet om heimeskule for elevane  i ungdomsskulen, den vidaregåande skulen og i barneskulen frå 5. til 7. trinn i sju bydelar fram til 16. april.  Det går fram av ei pressemelding frå Oslo kommune.

 

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset, Studentforhold, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 9. apr. 2021 04:30 - Sist endra 16. apr. 2021 14:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere