Tre av 1600 symptomfrie på UiO var koronasmitta

Sidan Studentsamskipnaden i Oslo starta hurtigtestinga av studentar og tilsette på UiO førre veke, er det påvist korona hos  tre av dei 1600 symptomfrie som har testa seg.

Mange folk står i kø på Frederikkeplassen

TESTKØ: Det var ein lang kø av studentar og tilsette som ville koronatesta seg, då SiO Helse sette i gang med hurtigtesting 2. mars. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Då hurtigtestinga blei starta i førre veke var målet å testa 2000 studentar og tilsette på UiO kvar veke. Den første veka klarte SiO Helse berre å testa 767 personar, melder Universitas.  Etter at SiO Helse måndag 8. mars flytta testinga over til Idrettsbygningen, har testinga skote fart. Direktør Trond Morten Trondsen opplyser til Universitas at dei fram til i går har testa 900 studentar berre denne veka.

– No går det unna, og det er ikkje køar  eller lang ventetid, seier Trondsen til avisa. Totalt er det påvist tre tilfelle med koronasmitta blant 1600 testa sidan hurtigtestinga begynte. 

– Studentane er innmari flinke, seier Trondsen til avisa. 

Oppfordra symptomfrie til å testa seg

Det var 1. mars universitetsleiinga på UiO gjekk ut og oppfordra studentar og tilsette på Blindern utan symptomar på koronasmitte til å nytta seg av tilbodet om å ta ein hurtigtest på Blindern.

Då hurtigtestane starta opp 2. mars møtte Uniforum dei to studentane Sandra Dimitri og Maria Børresen. 

"– Jeg gjør dette for å være hundre prosent sikker på at jeg ikke er smittsom," fortalde statsvitskapsstudenten Sandra Dimitri. 

– Dersom dette kan bidra til å holde smitten nede og universitetslokalene åpne, er dette en viktig ting å gjøre, supplerte studievenninna Børresen.

Denne veka sette SiO Helse også i gang sjølvtesting av koronasmitte for studentar på Kringsjå Studentby. 

 

Emneord: Koronjaviruset, Koronavirus, Studentforhold, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 11. mars 2021 11:41 - Sist endra 11. mars 2021 11:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere