Olav Gjelsvik ymta om at rektoratet til Svein Stølen lanserte seg for tidleg

Kravet om professorkompetanse og ei  litt for sein nedsetting av søkekomité. Det var blant refleksjonane medlemane i Universitetsstyret kom med som grunnar til kvifor det ikkje melde seg fleire rektorkandidatar. 

Ein mann med briller sit ved eit bord

– Det er ein terskel å stilla opp. Eg skulle gjerne hatt fleire enn ein kandidat, ja fleire enn to også, sa styremedlem Olav Gjelsvik. Saman med resten av Universitetsstyret stemte han i dag for å velja Svein Stølen og Åse Gornitzka til rektor og prorektor ved UiO frå 1. august 2021. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Svein Stølen og Åse Gornitzka fekk altså ikkje motkandidatar i rektorvalet ved Universitetet i Oslo i vår. Derfor blei det opp til Universitetsstyret i dag å vedta forslaget frå universitetsdirektøren om å velja dei to til høvesvis rektor og prorektor ved UiO frå og med neste valperiode frå 1. august 2021 til 31. juli 2025.  

Etter over to timar med andre saker i lukka møte, kunne endeleg valet av rektor og prorektor haldast for ope møte.  

– Søkekomiteen har gjort ein stor innsats

Styrerepresentant for dei vitskapleg tilsette Anne Birgitte Rønning  blei valt til å vera møteleiar under behandlinga av val av rektor og prorektor for neste valperiode. Ho gav først ordet til Olav Gjelsvik som også representerer dei vitskaplege tilsette i styret. 

– Eg støttar forslaget om at Universitetstyret skal velja Svein Stølen til rektor og Åse Gornitzka til prorektor ved Universitetet i Oslo, gjorde han heilt klart. Han brukte også høvet til å vurdera kvifor det ikkje melde seg fleire kandidatar til rektorvalet. 

– Valstyret sa seg lei for at det ikkje var fleire kandidatar. Og søkekomiteen har gjort ein stor innsats for å finna kandidatar utan å ha lykkast med det. Det skjer også i politiske parti at dei ikkje finn fleire enn ein kandidat, konstaterte han. 

– Kunne ha sett ned søkekomiteen før sommaren

Samtidig  hadde han forståing for at ingen hadde meldt seg.

– Det er ein terskel å stilla opp. Eg skulle gjerne hatt fleire enn ein kandidat, ja fleire enn to også.  Det kunne ha vore lettare å få dette på plass om rektoratet ikkje hadde lansert sitt kandidatur så tidleg og om søkekomiteen hadde blitt sett ned før sommarferien. Det er også ein kritikk mot vår eigen handlemåte som styre, var refleksjonen Olav Gjelsvik gjorde seg.  

Ville ha bort kravet om professorkompetanse

Studentrepresentant Jørgen Hammer Skogan var einig i refleksjonane til Olav Gjelsvik.

– Eg synest dei er gode. Eg vil stemma for Svein Stølen i dag. Rektoratet har gjort ein tilfredsstillande jobb. Det har også søkekomiteen gjort, sjølv om dei ikkje fekk tak i kandidatar, men dei har i alle fall funne fram til personar som kan tenkja seg å stilla seinare, peika han på.

Jørgen Hammer Skogan trekte fram eit krav som kunne ha vore medverkande til at ingen andre melde seg.

– Kravet om professorkompetanse svekkjer universitetsdemokratiet overfor studentar og teknisk-administrative tilsette på UiO. Me vil gå inn for å avskaffa kravet om professorkompetanse, varsla han.  

Også ekstern representant Anne Marie Engel tykte både rektor Svein Stølen og søkekomiteen hadde gjort ein god jobb.

– Eg vil slutta meg til forslaget om å velja Svein Stølen til rektor for neste periode,  sa ho. 

– Dei har gjort ein framifrå jobb

Ekstern representant Idar Kreutzer varsla også at han ville stemma for tilrådinga frå universitetsdirektøren om å velja Svein Stølen og Åse Gornitzka som høvesvis rektor og prorektor for den neste valperioden.

 – Dei har gjort ein framifrå jobb. Eg støttar dei fullt og heilt og ynskjer dei lykke til. Rektorjobben ved UiO er ein av Noregs viktigaste leiarstillingar. Eg meiner difor at det beste hadde vore om det hadde vore ein ordinær tilsetjingsprosess i ei slik stilling.  Med valt rektor har kandidatar frå institusjonen ein stor fordel framfor andre kandidatar. At eg er for tilsett rektor har eg meint i dei åtte åra eg har sete i Universitetsstyret, slo han fast. Idar Kreutzer var  også nøgd med arbeidet til søkekomiteen.

– Ingen grunn til å starta prosessen på nytt

Representanten for dei teknisk-administrative tilsette, Marianne Midthus  Østby ville stemma for forslaget om å vedta å velja Svein Stølen og Åse Gornitzka som rektor og prorektor. 

– Prosessen har vore i samsvar med det skal gjera. Søkekomiteen har gjort ein god jobb. Det var synd at ingen ville stilla mot ein sitjande rektor denne gongen. Eg ser ingen grunn til å starta prosessen på nytt,  sa ho.

–Tillitserklæring

Ekstern representant Qaisar Farooq Akram  kom med lovord om arbeidet som Svein Stølen hadde gjort som rektor.

– Det hadde sjølvsagt vore ynskjeleg med fleire kandidatar, men samtidig er det ei tillitserklæring frå dei som kjenner UiO best. Stølen har vore ein god rektor og ein god styreleiar, som har vore flink til å koma fram til konsensus i styret, meinte han.

Jørgen Hammer Skogan nytta seg av høvet til å koma med ein replikk til synspunktet til Idar Kreutzer:

– Eg veit godt at rektorstillinga ved UiO er ein av Noregs viktigaste leiarstillingar. Det er viktig med ein demokratisk vald rektor. Det elementære med dette er at UiOs tilsette og studentar skal ha ein reell påverknad. I ein prosess med tilsett rektor, vil mykje skje på bakrommet, trudde han.

Samrøystes valde

Då tok ingen fleire ordet. Møteleiar Anne Birgitte Rønning las dermed opp forslaget til vedtak om å velja Svein Stølen og Åse Gornitzka som rektor og prorektor ved UiO frå 1. august 2021 og fram til 31. juli 2025. Ingen stemte imot, og dermed blei dei samrøystes valde.

Like etterpå kom rektor Svein Stølen tilbake og overtok møteleiinga frå styremedlem Anne Birgitte Rønning.

 

Av Martin Toft
Publisert 9. mars 2021 15:21 - Sist endra 9. mars 2021 17:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere