Universitetsstyret avgjer om val av rektor og prorektor skal haldast på ope møte
I morgon blir Svein Stølen og Åse Gornitzka truleg valde som rektor og prorektor ved UiO for dei komande fire åra. Det skjer på ope eller lukka møte i Universitetsstyret.

FORMELT VAL: I morgon skal Universitetsstyret formelt velja Svein Stølen og Åse Gornitzka til rektor og prorektor ved UiO frå neste fireårsperiode som begynner 1. august i år. Her står dei saman med viserektorkandidatane Bjørn Stensaker, Per Morten Sandset og Mette Halskov Hansen. (Arkivfoto)
Rektorkandidat Svein Stølen og prorektorkandidaten hans Åse Gornitzka fekk ingen utfordrarar i det planlagde rektorvalet på UiO denne våren. Dermed skal dei veljast av Universitetsstyret med simpelt fleirtal. Det formelle rektorvalet skjer på møtet i Universitetsstyret tysdag 9. mars, går det fram av sakspapira til Universitetsstyret.
Om det skal skje for opne eller stengde dører, er det Universitetsstyret som avgjer før saka kjem opp til handsaming. Det opplyser universitetsdirektør Arne Benjaminsen til Uniforum.
– I denne saka er det ingen regel som seier at dette skal skje på eit lukka møte. For det er opp til Universitetsstyret å stemma for eller imot ei handsaming i eit lukka møte. Akkurat den røystinga skal skje utan at møtet er ope, seier han.
– Om styret ikkje lukkar møtet, vil diskusjonen og kommentarane i Universitetsstyret gå føre seg i eit ope møte på zoom før avrøystinga. Svein Stølen og Åse Gornitzka kan òg fylgja diskusjonen, sjølv om dei ikkje deltek i sjølve møtet, presiserer han.
Vel annan møteleiar enn rektor
– Men kven skal leia den delen av møtet, det kan jo ikkje vera rektor Svein Stølen?
– Nei, det stemmer. Den vanlege prosedyren blir då at styret vel ein av dei faste styremedlemane som møteleiar under den saka.
– Og korleis vil sjølve røystinga gå føre seg i Universitetsstyret?
– Det vil skje på vanleg måte, altså med handsopprekning, fortel Arne Benjaminsen.
Han meiner at handsaminga av denne saka er viktig.
– Eg opplever det som viktig at me har ei behandlingsform for valet som gir eit nytt team ein god start, seier han.
Universitetsstyret bestemmer
Professor emeritus Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen er ekspert på forvaltningsrett. Han slår fast at det er Universitetsstyret sjølv som må bestemma om saka skal handsamast bak stengde eller opne dører.
“Så vidt jeg kan se, er det bare én bestemmelse om dette i valgreglementet, der det står i § 18, nr. 8: «Dersom det bare er fremmet ett forslag på rektor- og prorektorkandidat, anses disse som valgt dersom mer enn halvparten av universitetsstyrets medlemmer stemmer for dette. Dersom slikt flertall ikke foreligger, startes valgprosessen på ny.», skriv han i ein epost til Uniforum.
Jan Fridthjof Bernt er også heilt klar på korleis dette bør gå føre seg.
“Det betyr at valget skjer i et styremøte, der Universitets- og høyskolelovens regel (§ 9-6 nr. 6) er «Styrets møter skal holdes for åpne dører. Styret kan vedta at møtene skal holdes for lukkede dører, eller at bestemte saker skal behandles for lukkede dører. Behandling av sak etter andre punktum skjer for lukkede dører», siterer han frå Universitets- og høgskulelova.
“Direktøren kan ikke bestemme dette”
Dermed meiner Bernt at konklusjonen er heilt klar:
“Lukking av møtet må altså skje ved vedtak i det aktuelle styremøtet. Direktøren kan ikke bestemme dette. Loven sier ikke noe om når slik lukking kan skje, men i § 9-2 nr. 6 fastlås at «Det skal i størst mulig grad være åpenhet om styrets arbeid». Det tilsier at vedtak om lukking må begrunnes, slik at det er mulig å reise debatt om eller problematisere dette”, understrekar Jan Fridthjof Bernt i ein epost til Uniforum.
Det er altså ikkje avgjort at valet at rektor og prorektor skal skje på eit lukka møte. For det er det opp til Universitetsstyret sjølv å bestemma, slik både universitetsdirektør Arne Benjaminsen og professor emeritus Jan Fridthjof Bernt understrekar overfor Uniforum.
Vil ha ope møte
Før helga reagerte mange av styrerepresentantane på det som dei trudde var ei endeleg avgjerd om at rektorvalet i Universitetsstyret skulle skje bak stengde dører.
Ein av dei var representanten for dei teknisk-administrative tilsette, Marianne Midthus Østby Ho lova også å gjera noko med dette.
“Jeg vil derfor følgelig ta til ordet for at vi skal åpne møtet når styret skal diskutere saken”, uttalte ho til Khrono før helga. Også litteraturprofessor Anne Birgitte Rønning og filosofiprofessor Olav Gjelsvik som begge representerer dei faste vitskaplege, stod fast på at den saka bør behandlast i ope møte.
– Tolkar berre valreglementet
Uniforum har også vore i kontakt med jussprofessor Marit Halvorsen som er leiar av Det sentrale valstyret ved UiO. Ho understrekar at rolla hennar ikkje inneber at ho må ta stilling til om val av rektor og prorektor skal haldast på eit ope eller stengt møte.
No er det altså heilt klart at det er Universitetsstyret sjølv som bestemmer om valet av rektor og prorektor skal skje på eit ope eller lukka møte på zoom i morgon. Akkurat den avrøystinga skjer på eit lukka møte. Om fleirtalet stemmer for det, vert altså valet av rektor og prorektor halde på eit ope møte like etterpå.
Får informasjon frå Riksrevisjonen
Universitetsstyret skal også handsama andre saker enn rektorvalet under møtet i morgon.
Bak stengde dører får styret informasjon frå Riksrevisjonen om deira arbeid og eventuelle funn i revisjonen for 2020. Styret held fram med ein strategisk diskusjon om masterplanen for eigedom.
BOTT-samarbeid
Også samarbeidet mellom universiteta i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø (BOTT) om administrative system for økonomi og lønn kjem opp på møtet. Det er ei vedtakssak som skal handsamast bak stengde dører. Grunngjevinga er Offentleglova §22, 1. ledd. Der heiter det fylgjande: “ Det kan gjerast unntak frå innsyn for dokument som er utarbeidde av eit departement, og som gjeld statlege budsjettsaker. Det same gjeld for opplysningar om førebelse budsjettrammer fastsette av regjering eller departement i dokument frå underliggjande organ og etatar, og frå Det Kongelege Hoff, Domstoladministrasjonen og Sametinget”.
Skal revidera prinsipp for innkjøp
Den første saka som kjem opp for opne dører er reviderte prinsipp for innkjøp ved UiO 2021-2024. Det vert vist til at UiO handlar varer og tenester for om lag 2,5 milliardar kroner i året. Det vil seia at UiO har stor innkjøpsmakt overfor leverandørar og kan stilla viktige krav. Det handlar om at leverandørar må oppfylla krav om at dei må førebyggja arbeidslivskriminalitet og ivareta menneskerettar. I dei reviderte prinsippa vil UiO stilla større krav på klima og miljø, går det fram av saksdokumenta.
Skal vedlikehalda I-lab for 140 millionar
Universitetsdirektøren ber også Universitetsstyret om å vedta ein finansieringsplan for vedlikehald av I-lab-prosjektet på Kjemisk institutt. Arbeidet vil til saman koma på 140 millionar kroner.
No søkjer UiO om 25 millionar kroner frå Kunnskapsdepartementet. Resten av kostnadane skal dekkjast av MN-fakultetet med 26 millionar, Eigedomsavdelinga med 60 millionar frå øremerka midlar frå internhusleiga for åra 2022 og 2023, samtidig som Universitetsstyret skal løyva 30 millionar kroner. Arbeidet omfattar full innvendig oppgradering av areala, men også ein full gjennomgang og tekking av yttertaket der det har vore lekkasjar. Meininga er at det naudsynte vedlikehaldet også skal oppfylla behov for naudsynt takhøgd og inneklima, står det i saksdokumenta.
Internrevisjonen skal også leggja fram sin årsrapport for 2020. Universitetsstyret får også ei orientering om statusen for Livsvitskapsbygget og ein årsrapport frå Forskingsetisk utval for 2020.
Kan drøfta meirinnsyn i saker om tilsetjing
Under orienteringane til universitetsdirektøren skal også universitetsstyret få informasjon om meirinnsyn i saker om tilsetjing i vitskaplege stillingar og leiarstillingar på fakultet og institutt på UiO. Den saka er også open for diskusjon. Så langt ligg det ikkje føre sakspapir til den saka.
(Artikkelen blei oppdatert med ein kommentar frå leiaren for Det sentrale valstyret, Marit Halvorsen klokka 20:56).
Dette er heile saklista for det digitale møtet i Universitetsstyret tysdag 9. mars:
Møte nr. 2/2021 i universitetsstyret
Møtet gjennomføres på Zoom, og vil bli streamet her.
Saker til behandling i lukket møte
Ordinære saker
V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet
Orienteringssaker
O-SAK 1 Riksrevisjonen informerer om sitt arbeid og eventuelle funn i revisjonen for 2020
Diskusjonssaker
D-SAK 1 Masterplan for eiendom - strategiske diskusjoner
Saksnr.
Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 14
Ordinære saker
V-SAK 2 Rektor- og prorektorvalget 2021
Saksnr. 2020/8151
Forslag til vedtak:
Professor Svein Stølen, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet (rektorkandidat) og professor Åse Gornitzka, Det samfunnsvitenskapelige fakultet (prorektorkandidat), velges som hhv. rektor- og prorektor for perioden 1. august 2021-31. juli 2025.
Saksdokumenter:
V-SAK 4 Universitetssamarbeidet BOTT - samarbeid om administrative systemer: Økonomi og lønn
Saksnr.
Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 23,1 ledd
Saker til behandling i åpent møte
Ordinære saker
V-SAK 3 Reviderte prinsipper for etiske regler for anskaffelser ved UiO 2021-2024
Saksnr.
Saksdokumenter:
V-SAK 5 Årsrapport 2020 - Styrets beretning
Saksnr.
Forslag til vedtak:
- UiOs Årsrapport for 2020, inkl. årsregnskap for UiO, vedtas med de endringer som kom fram under møtet.
- Universitetsdirektøren gis fullmakt til å ferdigstille dokumentet.
Saksdokumenter:
V-SAK 6 Virksomhetsrapport per 3. tertial 2020
Saksnr.
Forslag til vedtak:
1. Styret tar virksomhetsrapporten og risikomatrise for 3. tertial 2020 til etterretning.
Saksdokumenter:
V-SAK 7 Søknad til Kunnskapsdepartementet om oppgraderingsmidler
Saksnr.
Forslag til vedtak:
- UiO søker KD om oppgraderingsmidler til I-lab.
- Styret setter av 30 mill. kr i 2022 til oppgraderingen av I-lab og taket på Kjemi.
Saksdokumenter:
V-SAK 8 Årsrapport 2020 - Enhet for internrevisjon
Saksnr.
Forslag til vedtak:
Universitetsstyret tar internrevisjonens rapport til etterretning. Universitetsstyret ber administrasjonen følge opp de foreslåtte tiltakene og rapportere tilbake til styret.
Saksdokumenter:
Orienteringssaker
O-SAK 2 Realisering av Livsvitenskapsbygget - Status
Saksnr.
Saksdokumenter:
O-SAK 3 Årsrapport fra Forskningsetisk utvalg 2020
Saksnr. 2017/4999
Saksdokumenter:
O-SAK 5 Status bygge- og eiendomssaker
Saksnr.
Saksdokumenter:
O-SAK 6 Orienteringer fra universitetsdirektøren
Saksnr. 2008/3197
Saksdokumenter:
O-SAK 7 Årshjul for styresaker
Saksnr. 2014/2322
Saksdokumenter:
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere