Svein Stølen og Åse Gornitzka er formelt valde som rektor og prorektor ved UiO

Universitetsstyret stemte i dag samrøystes for forslaget om å vedta at Svein Stølen og Åse Gornitzka blir rektor og prorektor ved UiO i neste fireårsperiode.

Ei kvinne og ein mann står i eit møterom

ENDELEG VALDE: No er Svein Stølen og Åse Gornitzka formelt valde som rektor og prorektor ved Universitetet i Oslo for den neste fireårsperioden. Det blei gjort i Universitetsstyret i dag.  (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Rektorkandidat Svein Stølen og prorektorkandidaten hans Åse Gornitzka fekk ingen utfordrarar i det planlagde rektorvalet på UiO denne våren. Dermed  måtte dei veljast av Universitetsstyret med simpelt fleirtal. Det formelle rektorvalet skjedde på eit ope møte i Universitetsstyret klokka 13:05 i dag.  Under avrøystinga var det ingen som stemte imot at Svein Stølen og Åse Gornitzka kunne veljast til rektor og prorektor frå valperioden som startar 1. august og varer fire år framover. Dermed blei dei valde samrøystes. 

Då vil Gro Bjørnerud Mo forlata dagens verv som prorektor og gå tilbake til den faste jobben som professor i fransk litteratur. Inn kjem Åse Gornitzka som ny prorektor, etter at ho har vore viserektor i den første valperioden. Ho held fram som ansvarleg for forsking og internasjonalisering. Viserektor Per Morten Sandset held fram med ansvar for forsking og innovasjon. Dei nye viserektorane som kjem inn er Bjørn Stensaker som får ansvaret for utdanning, og Mette Halskov Hansen som får ansvaret for klima og miljø og det tverrfaglege. 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Rektorvalget 2021, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 9. mars 2021 13:09 - Sist endra 9. mars 2021 13:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere