At Åse Gornitzka vert ny prorektorkandidat for rektor Svein Stølen under rektorvalet i 2021 var ikkje det einaste nyhendet rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo kunne koma med på eit pressemøtet i dag. Også pedagogikkprofessor Bjørn Stensaker, som er leiar for læringssenteret LINK, og professor i KIna-studiar Mette Halskov Hansen kjem inn i rektorlaget som viserektorarar.
Rektor Svein Stølen synest det er trist at Gro Bjørnerud Mo ikkje vil ta ein ny periode som prorektor.
– Eg er lei meg fordi Gro har tatt eit val og vil tilbake til faget sitt fransk litteratur. Det var ikkje det eg hadde ynskt meg i utgangspunktet. Det må vera soleklart at eg aldri hadde blitt vald om det ikkje hadde vore for Gro. Det teamet me har hatt, har vore ekstremt sterkt. Og de såg henne sjølve i valkampen. Det er ikkje sikkert eg hadde klart å hamla opp med det andre teamet om eg ikkje hadde hatt Gro ved mi side, seier Svein Stølen.
Rektorval på UiO i 2021:
• Våren 2021 skal det vera rektorval på Universitetet i Oslo.
• Rektor skal veljast for fire år av gongen, med høve til attval i éin periode.
• Svein Stølen blei vald til rektor første gong i 2017, og kan dermed stilla til attval i 2021.
• Både tilsette ved UiO og eksterne kandidatar kan veljast som rektor.
• Stemmeføre på UiO har forslagsrett, og forslag må vera fremja av minst 20 stemmeføre.
(Kjelde: Uniforum)
Men han er glad for at ho vil halda fram som prorektor eitt år til, altså fram til neste rektorperiode tar til.
– Gro har meir enn nokre andre sørgja for at UiO har sett utdanning høgast på agendaen. Det stikk meg litt i hjartet at ho skal gå ut av teamet, legg Svein Stølen til.
Gro Bjørnerud Mo forklarar avgjerda si med at ho var komen i i ein skiljeveg i livet:
– Det er eit personleg vegval. For det første er det sånn at då eg sa ja til å bli med i dette teamet og jobba saman med Svein, så visste eg enno ikkje kva privilegium det skulle vera. Det har vore og det er svært fantastisk. Eg skal stå på med både energi og pågangsmot også det siste året. Det skal det ikkje vera nokon tvil om, seier prorektoren som ikkje vil ta ein ny periode.
Gro Bjørnerud Mo legg også vekt på at dei blei einige om å setja utdanning høgast.
– Me sette i gang med å priotriera utdanninga. Det var ein del heldige ting som gjorde at det blei kultur for å gjera det. Dermed blei det stor oppslutning om å ta utdanningsoppdraget på mykje større alvor på UiO då me overtok.
Gro Bjørnerud Mo viser også til at ho no har tolv år igjen av det akademiske livet på UiO, før ho vil nå maksimal aldersgrense på 70 år. Det har også verka inn på avgjerda hennar om å takka nei til ein ny periode som prorektor.
– Engasjementet mitt for utdanningsleiing kjem frå det faglege arbeidet mitt, arbeida med fag og å undervisa og forska. Det hentar eg energi frå. Det er ei tid for alt. Eg blei svært glad då nokre av dei sentrale studentpolitikarane i dag sa at dei no ville begynna på bachelor i fransk,seier ho med eit breitt smil.
– Sjølv om det stikk i hjartet mitt å forlata dette teamet, er eg glad for å venda tilbake til faget mitt, vedgår ho.
Når Gro Bjørnerud Mo går ut som prorektor og ansvarleg for utdanning, vil viserektor Åse Gornitzka overta som prorektorkandidat.
Om teamet til Svein Stølen vinn rektorvalet i 2021, vil Gornitzka få ansvaret for forsking.
Den nye viserektorkandidaten Bjørn Stensaker, som no er leiar for LINK, vil få ansvaret for arbeidet med å styrkja utdanningskvaliteten.
Professor i Kina-studiar Mette Halskov Hansen vil i rektoratet få ansvaret for alt som har å gjera med klima, miljø og det tverrfaglege.
Viserektor Per Morten Sandset held fram og skal truleg ha serskilt ansvar for samarbeidet med universitetssjukehusa og Helse Søraust.
No går vegen til søkekomiteen for formelt å melda det fornya rektorteamet på til rektorvalet i 2021, opplyste rektor Svein Stølen.
(Oppdatert klokka 23:55, 28.08.2020)
Logg inn for å kommentere