Klokka 15.30 i ettermiddag er Universitetsstyret kalla inn til eit ekstraordinært møte på Zoom. Den einaste saka på dagsordenen er oppnemninga av medlemar til søkekomiteen for rektorvalet neste år. Khrono skreiv først om saka, men kom i skade for å melda at møtet skulle vera i går. Det er altså feil, for møtet skal haldast i dag.
Planen var at oppnemninga av søkekomité skulle ha blitt vedtatt på det siste styremøtet før sommarferien. I eit intervju med Uniforum grunngav universitetsdirektør utsetjinga på denne måten:
"– Alle kandidater til søkerkomiteen var ikke klar, og alle kandidater er ikke forespurt, skriver han på e-post til Uniforum.
– Hvorfor ble ikke saken klar? Hvem sitt ansvar var det?
– Søkekomiteen skal bestå av ni personer. Det tar tid å finne kandidater og forespørre disse", sa han til Uniforum.
Tidlegare i sommar gjorde rektor Svein Stølen det klart overfor Uniforum at han gjerne tar attval som rektor for fire nye år. Jobben til søkekomiteen blir dermed å finna fram til ein mogleg motkandiat til Svein Stølen slik at det blir eit reelt rektorval.
Møtet i dag er ikkje opne for andre enn medlemane i Universitetsstyret. Sakspapira er heller ikkje offentlege, noko som blir grunngitt med paragraf 23 i Offentleglova. Det må gjelda den første delen av paragrafen der det heiter: "Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar når det er påkravd av omsyn til ei forsvarleg gjennomføring av økonomi-, lønns-, eller personalforvaltninga til organet".
Uniforum vil gå ut med namna på medlemane i søkekomiteen, så snart den endelege avgjerda er tatt.
Siste: Det ekstraordinære styremøtet i går blei ikkje ferdige med å oppnemna medlemar til søkekomiteen for rektor- og prorektorvalet i 2021. Det held derfor fram med del 2 frå klokka 18.00 i kveld. Det går Uniiforum opplyst frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen.
(Oppdatert 21. august klokka 12:10)
Logg inn for å kommentere