Svein Stølen seier ja til attval som UiO-rektor neste år

– Eg vil forsøkja meg på ein ny periode som rektor, men korleis rektorlaget mitt  blir, vil eg ikkje avsløra enno. Det seier UiO-rektor Svein Stølen til Uniforum. Han synest rektoratet hans har fått gjennomført mykje sidan dei overtok i august 2017.

TAR ATTVAL: UiO-rektor Svein Stølen tar attval under rektorvalet i 2021. I dette intervjuet med Uniforum frå Tøyen Torg lovar han å setja fullt trykk på arbeidet med klima- og miljøstrategien til UiO. (Foto: Martin Toft)

Foto: Martin Toft

Uniforum møter rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo på ein tyrkisk restaurant på Tøyen Torg i Oslo aust. Langt frå Blindern, men med kort veg til Naturhistorisk museum og Botanisk hage. Den første feriedagen sin brukar Svein Stølen på ein tur til Oslo aust for eit intervju med Uniforum.

Dei siste tre månadane har vore prega av koronapandemien også på Universitetet i Oslo. Dei tilsette har i stor grad jobba heimanfrå, medan studentane har hatt digitale førelesingar. Men erfaringa med brått å ha blitt rektor for eit digitalt universitet, har ikkje gjort Svein Stølen mindre lysten på å halda fram i rektorrolla også etter rektorvalet i 2021.

– Ja, eg vil jo forsøkja. Eg tenkjer at dette er ein jobb med stor meining. Og eg synest me har gjort ein god jobb og fått til mykje. Me har tatt mange initiativ som utviklar seg vidare. Og me treng meir tid på dei initiativa me har tatt. Først og fremst er det satsinga vår på utdanning. Der føler eg at me verkeleg har fått samtalen på Universitetet i Oslo til å handla meir om utdanning på ein heilt annan måte enn før. Studentane legg dei beste åra av livet sitt i hendene våre, og då er det viktig å gi dei ei god utdanning. Og eg synest verkeleg me har fått til eit endå betre samspel med resten av samfunnet, slik me lova i rektorvalkampen i 2017, understrekar Svein Stølen, og nemner både Oslo Science City, Oslo universitetssykehus, Oslo kommune og SINTEF som gode regionale samarbeidspartnarar. 

No ser Universitetet i Oslo vidare mot Europa. 

– Universitetssamarbeidet «The Guild» har me utvikla  til ein organisasjon med sterk påverknad i europeisk forskingspolitikk. Og no håpar me å få til støtte til det europeiske universitetsinitiativet Circle U. Det handlar i stor grad om utdanning, seier han.

– Eg tenkjer at det er viktig med eit val og eit reelt val

Men Svein Stølen kan ikkje svara på om han får med seg heile rektorlaget sitt inn i ein ny rektorperiode.

– I første omgang får me seia at det kjem eit rektorlag. Så får me finna ut korleis det blir, seier han løyndomsfullt.

– Då håpar du vel også at du får ein motkandidat sidan du er veldig for vald rektor?

– Eg tenkjer at det er viktig med eit val og eit reelt val. Så er det vanskelegare å stilla mot ein sitjande kandidat enn å vera kandidat når ein rektor går av. Me veit av erfaring at det er vanskelegare for kandidatar å stilla i slike mellomval. Eg er overtydd om at UiO også vil ha rektorval i framtida, og at det vil vera stor interesse for det, gjer han klart overfor Uniforum.

Då lovar han å setja fullt trykk på arbeidet med klima- og miljøstrategien til UiO. 

– Me skal ha ei tydelegare og meir heilskapleg satsing på klima og miljø  i både utdanninga og i forskinga, lovar han.   

UiO-rektor Svein Stølen kjem også  med eit spark til rektor Anne Husebekk ved Universitetet i Tromsø for å ha stemt for tilsett rektor, og med hennar stemme blei det vedtatt med 6 mot 5 stemmer.  Ikkje minst kritiserer han henne fordi ho grunngjev standpunktet sitt med at ho som tilsett rektor vil få meir råderett over ressursane med ein ekstern styreleiar til å  støtta seg på.

– Eg kan nok ikkje heilt forståinga for det der. No er jo både universitet og personar ulike. For meg handlar universitetet om det kollegiale. Då er universitetet summen av dei menneska som jobbar der. Så om eg skal vera nøgd med meg sjølv som leiar, trur eg at eg vil at institusjonen skal vera veldig «bottom-up». Ein stad der me klarer å skapa ting saman, poengterer Svein Stølen og trekkjer fram rolla til dekanane. 

– UiO er basert på ein vald rektor med valde dekanar. Det vil seia at den makta me har som rektorar fordi me også er styreleiarar, er avgrensa, for desse valde dekanane har også ein sterk vilje, og får ein stor del av ressursane fordelte til seg. Derfor trur eg det er ein rett måte å jobba på. Du må då få til leiing i samspel med andre,  og det er den kollektive krafta du som leiar skal få til å fungera. Derfor føler eg ikkje behov for nokon ekstern styreleiar å diskutera med. Eg har heile tida folk nær meg som utfordrar meg kraftig, understrekar han.

Den beste krafta får me når dyktige folk får mest mogleg fridom

Og Svein Stølen feiar også bort alle argument om at styringa av ei universitetet vert så mykje betre med ein tilsett rektor samanlikna med ein rektor vald av dei tilsette og studentane. 

 – Universitetet i Oslo leverer. Me har fått flest tildelingar til forskingsprosjekt frå Det europeiske forskingsrådet (ERC), me gjer det godt i Forskingsrådet og me gjer det godt i Horisont 2020.  Me lykkast i aukande grad på utdanning og klarar å laga nye og spennande studieprogram.  Og me er aktive på formidlingsfronten og lagar nye digitale plattformer. Heile tida er det masse forskarar frå UiO i media. Pilene for nyskaping peikar også oppover. Men me kan alltid bli endå betre. Den beste krafta får me når dyktige folk får mest mogleg fridom og kan jobba saman, er han overtydd om.

Året 2020 har så langt vore langt frå normalt verken for Svein Stølen som rektor eller for Universitetet i Oslo.  Det har koronapandemien sørga for. Og det komande studieåret vil heller ikkje starta på normalt vis. Det blir ingen velkomstseremoni for nye studentar på Universitetsplassen.

– Nei, dei vil gå rett inn i faddergruppene sine og kunne fylgja med på tidlegare UiO-student Jens Stoltenbergs tale gjennom den digitale plattforma "Universitetsplassen". På Universitetsplassen i Oslo sentrum vil det ikkje vera noka stor samling av studentar slik som tidlegare år, konstaterer han ganske trist. 

– Men  på UiO gjer me alt me kan for å verna både studentar og tilsette mot smitte frå koronaviruset. Og me lovar både nye og etablerte studentar eit godt semester, legg han til.

... det gjekk langt betre enn det me kunne frykta i mørke stunder

Og det er nettopp koronapandemien og koronatiltaka som blei innført i Noreg frå 12. mars som har skilt 2020 frå alle tidlegare år på Universitetet i Oslo. Over natta blei Noregs eldste og beste universitet omgjort frå eit universitetet med fleire hundre daglege førelesingar til eit digitalt universitet med eit folketomt campus. 

– Eg er svært takksam for energien og den kollektive innsatsen  til dei tilsette. Innsatsen har nesten overgått det me kunne ha rekna med. Då me stengde den 12. mars, fekk me ganske raskt på plass ein digital dugnad. Me inviterte dekanane Morten Dæhlen og Sten Ludvigsen til å dra oss med vidare på dette. Det var mange andre som også gjorde svært mykje på svært kort tid. Og det imponerer meg, seier Svein Stølen.

Han kjem også med skryt til studentane.

– Dei var også både forståingsfulle og tolmodige. Me hadde dessutan med oss leiaren for Studentparlamentet i den sentrale bereskapsleiinga og han såg alle dilemma me hadde.  Inntrykket mitt er at det gjekk langt betre enn det me kunne frykta i mørke stunder, tykkjer Svein Stølen. Han trekkjer fram ei uro som koronatiltaka kan ha ført til.

– Det er korleis dette påverkar menneske som har eit sosialt liv og eit nettverk og så blir dei isolerte. Og det gjeld både kollegaene mine og studentane. Men totalt sett synest eg både nasjonen og universitetet har klart seg bra gjennom den tida.

Og han har aldri opplevd så stor interesse for forsking som under koronaepidemien.

– Det er morosamt å sjå korleis kunnskap får ei så sentral rolle rundt kjøkkenbordet hos vanlege familiar. Så det å snakka om R-faktorar for smittefaktorar og smittespreiing har gjort at ein stor del av folket kanskje ser på kunnskap og kunnskapsproduksjon på ein annan måte enn tidlegare.  Det skal me jobba vidare for å understøtta og sørgja for at folk forstår. På den måten blir universiteta si rolle som eit berande element i samfunnet tydeleggjort. Eg ser føre meg at me i framtida kan ha ei sterkare, open og danna samtale om forsking og om kunnskap, om kva som er sikkert, kva som er usikkert , kva som er metode og om kva som er hypotese, håpar han. 

– Eg trur både universitetet og kvar enkelt av oss må stå opp mot rasisme i dagleglivet

– I byrjinga av juni og på slutten av dei tøffaste koronatiltaka i Noreg, blei den svarte mannen George Floyd drepen av politiet i Minneapolis. Det første til store demonstrasjonar mot politidrap og rasisme både i USA og i Europa. I Noreg tok studentorganisasjonen African Student Association ved Universitetet i Oslo initiativet til ein demonstrasjon framfor Stortinget. Kva synest du om den aksjonen?

– Eg er svært glad for at me har aktive studentar som er samfunnsengasjerte. Derfor synest eg det er flott at dei tar eit sånt initiativ. Som universitetsleiarar må me vera litt forsiktige kva me gjer av politiske ting. Det er heile tida eit stort samfunnsengasjement på Universitetet i Oslo. Det skal det vera. Og er det noko me treng, så er det studentar som engasjerer seg i samfunnet. Det er trist å sjå det som skjer i USA. Det er all grunn til å stå opp mot den typen rasisme og den typen forståing av menneskeverd som me ser. Det trur eg me skal reflektera over i Noreg også. Det er ikkje slik at me er utan rasisme og utan utfordringar i Noreg heller. Eg trur både universitetet og kvar enkelt av oss må stå opp mot rasisme i dagleglivet, er oppfordringa hans. 

– Den same typen kamp kjem me no til å sjå frå eit mangfaldsperspektiv

Så viser rektoren fram kva som er gjort for å fremja mangfald på UiO. 

– Det har også gjort at den planen med tidlegare berre hadde om likestilling og kjønnsbalanse også er blitt ein plan som handlar om mangfald. Det var faktisk omdiskutert, då me gjorde det i 2018. For meg var det heilt nødvendig. For me har gjennom mange år med avgrensa hell klart å få ein betre kjønnsbalanse i leiarposisjonar. Den same typen kamp kjem me no til å sjå frå eit mangfaldsperspektiv. Det er eg overtydd om. Så kjem det til å ta tid, men me bør bruka den lærdomen me fekk gjennom likestillingsarbeidet til  å sikra tilsvarande utvikling  for mangfald.  Og då tenkjer eg også på dei som har ulike fysiske utfordringar. Men me er førebels berre i startgropa for å gjera dette på ein meir systematisk måte på UiO. Og me må ikkje gløyma kjønnsbalanse. Arbeidet er ikkje ferdig, minner han om.

MANGFALD: – Det er soleklart at mangfald også vil påverka kva spørsmål me vil stilla som universitet og kva perspektiv me er interesserte i, seier  Svein Stølen. (Foto: Martin Toft )

– Så etter kvart vil også leiarane på UiO vera meir fargerike enn i dag?

 – Ja, det er eg overtydd om at dei blir og må bli. Det er soleklart at mangfald også vil påverka kva spørsmål me vil stilla som universitet og kva perspektiv me er interesserte i. Både Det juridiske fakultetet og HF og andre einingar har gjort ein viktig jobb med dette temaet. Og universitetet sentralt må vera ein tilretteleggjar for det vidare arbeidet, peikar han på.

– Det er vanskeleg for eit universitet å trekkja fram enkelthendingar

– Om du ser på britiske fotballbaner akkurat no, ser du at det heng store banner med «Black lives matter» der. Trur du det hadde vore mogleg å få hengt eit slikt banner på Aulabygningen i Oslo i samband med velkomstseremonien for nye studentar?

– Eg trur me skal vera forsiktige med å gjera det. Det er alltid veldig mange ulike årsaker til å aksjonera. Då ville me ha kome i ein situasjon der me ville ha hatt mange ulike aksjonar som gjerne ville at dei skulle bli synlege, og det er ikkje lett. Det er interessant å sjå kor opprørte me fort blir over ein terroraksjon i Europa, medan me ikkje alltid reagerer så sterkt om det skjer ein annan stad i verda. Det er vanskeleg for eit universitet å trekkja fram enkelthendingar, synest han. 

– No er ferien din begynt. Kva ferieplanar har du?

– Denne veka tar eg meg ein ny tur til utgravingane på Gjellestad i Halden. Då skal eg ta meg ein tur for å sjå på alle kulturminnene frå Skjeberg til Fredrikstad. I nærleiken av der eg vaks opp utanfor Fredrikstad,  er det mange helleristingar og ulike gravplassar. UiO er faktisk grunneigar for mange av desse kulturminnene.  Det er interessant  og eit krydder i ferietilværet, tykkjer eg. 

– Etter nokre dagar i Oslo drar eg på tur til hytta på fjellet, og så skal eg også besøkja venner som har hytte langs Oslofjorden, fortel han. Ein tur til Jostedalen der faren hans kom frå, får han også plotta inn i ferieplanane sine. 

– Og eg likar å ha  det bedageleg når eg er på ferie. Så då skal eg bu på hotell, sjølv om slektningane har tilbydd meg hytte, smiler han.

– Det er det eit universitet må vera

Den første veka i august er han tilbake på rektorkontoret i 9. etasje i Lucy Smiths hus igjen. 

– Då skal eg møta nokre av faddergruppene til førsteårsstudentane. 

Svein Stølen ser fram til at heile Universitetsstyret etter sommarferien vonleg kan møta kvarandre ansikt til ansikt og ikkje berre på Zoom.

– Ja, eg håpar me kan ha den første fysiske samlinga neste gong me skal ha møte.  Det er mange som gler seg til ein meir normal haust der me kan møtast i større grad; tilsett til tilsett, student til student, og ikkje minst tilsett til student. Det er det eit universitet må vera, understrekar Svein Stølen.  

Så set han på seg solbrillene, går ut av restauranten og speidar ut over Tøyen Torg.  Etter ein kort stans, spaserer han vidare i retning Botanisk hage. UiO-rektor Svein Stølen kan halda fram med å nyta den første feriedagen.

 

Av Martin Toft
Publisert 1. juli 2020 12:35 - Sist endra 1. juli 2020 13:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere