Svein Stølens nye rektorlag hadde spørjetime på UiO

Kva vil de gjera for at studentane skal bli meir kritiske og reflekterte og hindra at grunnforskinga blir nedprioritert? Det var mellom spørsmåla Svein Stølens nye rektorlag måtte svara på under det to timar lange, digitale valmøtet frå Realfagsbiblioteket på UiO i dag.

Tre menn og ei kvinne på eit podium og ei kvinne står ved eit bord

PÅ PODIET: Svein Stølens nye rektorteam svarer på spørsmål i Realfagsbiblioteket: F.v.Bjørn Stensaker, Svein Stølen, Åse Gornitzka og Per Morten Sandset. Lengst til høgre møteleiar Tove Lie. (Skjermdump frå UiO)

Foto: Skjermdump frå UiO

Rektorkandidat Svein Stølen og prorektorkandidat Åse Gornitzka sat begge på to barkrakkar på podiet i Realfagsbiblioteket. Det sat dei saman med viserektorkandidatane Bjørn Stensaker og Per Morten Sandset. Viserektorkandidat Mette Halskov Hansen var den einaste som ikkje var fysisk til stades. Ho var med på zoom.

Møteleiar, Khrono-redaktør Tove Lie gav først ordet til rektorkandidat Svein Stølen og prorektorkandidat Åse Gornitzka for at dei skulle presentera hovudsakene frå valprogrammet. Stølen trekte fram nøkkelorda frå valplattforma, openheit,  deltaking og forenkling.

– Eg er stolt over teamet mitt. Det er ein heilskap, understreka han. 

–Viktig å feia for eiga dør

Prorektorkandidat Åse Gornitzka var opptatt av at UiO måtte ta klimaendringane og miljøet alvorleg.  

– For oss er det viktig å feia for eiga dør. Som eit forskingsintensivt universitet må me visa kva fylgjer klimaendringane har. Derfor må me styrkja forsking på klima og miljø i samarbeid med forskarfeller både i Europa og i Afrika, meinte ho.

 – Må gjera ein innsats

Leiaren for Studentparlamentet, Runa Kristine Fiske ville gjerne vita kva som kan gjerast for at overgangen frå studiar til jobb skal bli betre for studentar. Viserektorkandidat Bjørn Stensaker, som får ansvaret for utdanning i det nye rektoratet, ville gjerne svara på det spørsmålet.

– Erfaringa vår er at organisasjonane og andre arbeidsgjevarar som har hatt UiO-studentar i praksis er svært nøgde. Studentane lærer nemleg å samarbeida på tvers av fag. Kandidatane må gjera ein innsats for å få kontakt med bedrifter eller offentlege verksemder. Då vil det ofte bli enklare for dei å få jobb etterpå, slo han fast.

Viserektor Per Morten Sandset blir ansvarleg for forsking og innovasjon også i det nye rektorteamet.

– Studentar skal vera med å byggja både verdiar og nyskaping i samfunnet. På medisin har profesjonsstudentar no praksis i næringslivet, fortalde han.

Svein Stølen fekk også spørmål om kva han ville gjera for å få ned talet på mellombelse vitskaplege og teknisk-administrative stillingar på UiO.

– Me har klart å få ned talet på mellombelse vitskaplege stillingar med 9 prosent og på teknisk-administrative tilsette med 4 prosent, var svaret hans.  

– Også grunnforsking i tematiske program

Det blei også spurt om rektoratet, som truleg vil leia UiO i fire nye år, ville gjera noko for å verna om grunnforskinga.

Viserektorkandidat Mette Halskov Hansen minna om at det også er grunnforsking i eksternt finansiert forsking.

– Det er viktig å hegna om den forskarinitierte grunnforskinga finansiert av UiO. Men det er viktig å vera klar over at mykje av dei tematiske forskingsprogramma også handlar om grunnforsking,  trekte ho fram.

– Ikkje alltid nødvendig med fly

Mette Halskov Hansen skal vera viserektor for klima/miljø og det tverrfaglege om det nye rektorlaget til Svein Stølen blir formelt valt. Ho hadde ingen tru på at UiO ville nytta seg av så mange flyreiser etter pandemien som før.

PÅ ZOOM: Viserektorkandidat Mette Halskov Hansen deltok på valmøtet via zoom. – Men det  som er sikkert er at det ikkje alltid er nødvendig å reisa med fly for å delta på ein konferanse. For det går heilt fint å fylgja med og delta på digitale møteplattformer, sa ho. 

– Me kjem truleg aldri til å koma til å gå tilbake til det talet me hadde på flyturar før koronapandemien. Men me kjem ikkje bort frå at det vil vera naudsynt å reisa med fly også i framtida. Som professor i Kina-studiar er eg lei meg for at eg ikkje har vore i Kina på over eitt år. Men det som er sikkert er at det ikkje alltid er nødvendig å reisa med fly for å delta på ein konferanse. For det går heilt fint å fylgja med og delta på digitale møteplattformer, understreka ho.

– Eg trur det blir slutt på at me tar ein flytur til Bergen for eit to timar langt møte, sjølv om det alltid er kjekt å møta bergensarar. No kan eg gjera ein møteavtale med rektor ved NTNU i Trondheim nokre timar før, utan at det må setjast eit stort apparat i sving med fly og reise til og frå flyplassane, peika Svein Stølen på.

Kan senda leiarar på kurs i handtering av trakassering

Jussprofessor Malcolm Langford gav honnør til UiO og rektoratet for handteringa av pandemien og den raske digitaliseringa av undervisninga. Men han ville også vita kva UiO har gjort for å fylgja opp metoo-saker på UiO. Svein Stølen tok utgangspunkt i den første dagen som rektor på UiO.

– Då hadde eg eit møte med HR-avdelinga om akkurat det temaet. Og det var før metoo-rørsla starta i USA, fortalde han.  

Og han trekte fram ting rektoratet hans hadde gjort.

– Det me har gjort er at me har sett opp etiske retningslinjer. Me har hatt 153 leiarar på kurs i korleis dei skal handtera trakassering. Me vurderer å gjera kursa obligatoriske for alle leiarar på UiO. Det skal vera trygt og godt på eit universitet. Me jobbar også for meir mangfald og likestilling. Me skal ha ein debatt rundt det, og me har tinga ein rapport om det frå Senter for tverrfagleg kjønnsforsking, sa Svein Stølen.

Cecilie Wingerei Lilleheil frå Forskarforbundet ville gjerne vita om rektoratet planla å gi ekstra premiar til tilsette for innsatsen under koronapandemien. 

– Dette ligg i linja til universitetsdirektøren, svarte Svein Stølen.

– Kan det bli ein koronabonus? ville debattleiar Tove Lie vita.

– Det jobbar me med administrasjonen.

– Det tolkar eg som eit ja, sa Tove Lie.

– Skal ha det moro på jobben

Cecilie Wingerei Lilleheil frå Forskarforbundet ville også vita kva kostnadene for dei tilsette vil vera med alle byggjeprosjekta og alle dei eksterne forskingsprosjekta UiO har fått tilsegn om, samtidig som dei må utføra arbeidsoppgåvene sine frå heimekontoret.

Svein Stølen tykte det stort sett var bra.

 – At me får store forskingsprosjekt og nye bygg, det gjer både UiO og samfunnet rikare. Og me skal ha det moro på jobben, slo han fast.

Åse Gornitzka tykte at det ikkje alltid har vore så enkelt det siste året.

– Å ha det morosamt på jobben fordrar at me har nokon å ha det morosamt saman med, noko pandemien har sett ein stoppar for. Det kollektive me gjorde bruk av for under pandemien, gjorde me kvar for oss, konstaterte ho.

– Må invitera studentane tidleg til refleksjon

Det kom også spørsmål om kva det nye rektorteamet til Svein Stølen ville gjera for at studentane skulle bli endå meir kritiske og reflekterte og ikkje berre repetera det dei hadde lært på førelesingane eller på pensum.

Bjørn Stensaker meinte at det var ei god løysing på det.

– Og den løysinga begynner lenge før eksamen, noko eg også gav uttrykk for i eit lesarinnlegg i Uniforum i 2017. Inntrykket mitt er at studentar er opptatt av å få ei grunngjeving for eksamenskarakteren fordi dei er usikre. Derfor trur eg at eksamensoppgåvene ville vore langt betre om førelesarane tidleg inviterte studentane til refleksjon, sa han.

Sjølv kom han med ei god oppskrift til alle førelesarar:

– Vis engasjement og vis at du bryr deg om studentane. Det likar dei og det får dei til å føla seg velkomne, la han til.

– Håpar å få til ein debattarena i Domus Bibliotheca

Det blei også spurt om UiO vil gjere om avgjerda om ikkje å delta i Forskar Grand Prix.

– Så vidt eg forstår har OsloMet sagt nei til å organisera det. Og Forskingsrådet har også avlyst årets Forskar Grand Prix. Men det er viktig med møteplassar. Derfor planlegg med å satsa endå meir på Universitetet i sentrum, og då håpar me å få til ein debattarena i Domus Bibliotheca. Og me tenkjer også å ha ein kafé der, var nyhendet Svein Stølen kom med til alle dei digitale tilhøyrarane på valmøtet.

Den 9. mars vil truleg Universitetsstyret ta den endelege avgjerda om rektorkandidat Svein Stølen og prorektorkandidat Åse Gornitzka skal få styra UiO dei komande fire åra. Om over halvparten av Universitetsstyret stemmer for dei, vil dei vera valde. I motsett fall vil heile valprosessen starta på nytt.

 

 

Av Martin Toft
Publisert 19. feb. 2021 20:44 - Sist endra 22. feb. 2021 08:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere