Fredag 12. februar blei Svein Stølen og Åse Gornitzka offisielt godkjende som rektor- og prorektorkandidat. Ei veke etterpå, fredag 19. februar, stiller dei opp på eit digitalt valmøte. Då vil dei ha selskap frå dei andre tre i rektorteamet, Per Morten Sandset, Bjørn Stensaker og Mette Halskov Hansen. Khrono-redaktør Tove Lie skal leia møtet der så mange som mogleg skal få høve til å stilla alle i rektorteamet spørsmål.
– Håpar å få til eit godt møte
I dag sende universitetsdirektør Arne Benjaminsen ut ein invitasjon til valmøtet til alle tilsette og alle studentar.
– Me håpar å få til eit godt møte med eit godt program no midt i koronatida. Svein Stølens rektorteam får presentera programmet sitt for dei fire neste åra, og så kan folk ta kontakt og koma med spørsmål, fortel han.
– Alle skal få sleppa til
Men han vedgår at dei også har sikra seg litt på førehand.
– Det vil vera nokre førebudde spørsmål frå fagforeiningar og andre. Men alle som har spørsmål kan senda inn desse. Dei det ikkje blir tid til å svara på i møtet, vert flytta over på den digitale diskusjonsplattforma, fortel han.
For dei som ikkje har tid til å delta i morgon, men som har spørsmål på hjartet, er det oppretta eit eige debattforum.
– Det er allereie sparka i gang. No håpar me at mange vil setja seg inn i valprogrammet til Team Stølen & Gornitzka og bruka møtet til det, seier Arne Benjaminsen.
Den 9. mars vil Universitetsstyret truleg formelt vedta at Svein Stølen og Åse Gornitzka vil bli rektor og prorektor ved UiO for den komande firerårsperioden. Vilkåret er at over halvparten av styremedlemane stemmer for det.
I den felles eposten universitetsdirektør Arne Benjaminsen sende til alle i dag, er det også ei lenkje til strøyminga av valmøtet. Den finn du også her.
Logg inn for å kommentere