Dei ber alle om å delta i høyringa om Strategi 2030

No er utkastet til Strategi 2030 for UiO  klar til å bli sendt ut på høyring. Rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo ber om innspel fram til 1. november.

Svein Stølen og Gro Bjørnerud Mo ser mot fotografen.

, Me har ynskt oss ein kort strategi som peikar ut ei retning. Den har ein overbygning som seier noko om verdiar og mål for universitetet og så har den fire ambisjonar med mål under kvar av dei ambisjonane, fortel rektor Svein Stølen. Her viser han fram utkastet til Strategi 2030 saman med prorektor Gro Bjørnerud Mo. (Foto: Martin Toft)

Eit fire sider langt dokument som handlar om alt frå forsking til utdanning, til kunnskap kopla til utdanning og til UiOs samfunnsoppdrag. Det er det første utkastet til Strategi 2030 som rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo stolte viser fram til Uniforum på rektorkontoret i 9. etasje i Lucy Smiths hus.

- Svært spente på engasjementet

– No skal den ut på høyring. Det har vore ein lang prosess på heile universitetet der me har hatt tankesmiene våre, me  har hatt allmøta våre, arbeidsverkstader og tre gongar har universitetsstyret og dekanane møtt kvarandre for å kna oss fram til eit utgangspunkt. Eg trur at me no har eit Strategi 2030-dokument som peikar på kvar Universitetet i Oslo skal vera i 2030. No er me svært spente på engasjementet i heile organisasjonen og kva folk tenkjer rundt dei tankane me har enda opp med i ein lang prosess, seier Svein Stølen.  Og Gro Bjørnerud Mo oppfordrar alle til å delta i høyringa.

– Det er ei høyring som varer i heile oktober,og me reknar med at me får gode innspel også i denne høyringsrunden som me kan ta med oss inn i desembermøtet i styret der me håpar å vedta den endelege strategien.

– Vil de hjelpa folk litt på veg slik at det er bestemte spørsmål de ynskjer innspel om?

– Det er heilskapen som er viktig, Me har ynskt oss ein kort strategi som peikar ut ei retning. Den har ein overbygning som seier noko om verdiar og mål for universitetet og så har den fire ambisjonar med mål under kvar av dei ambisjonane, svarar Svein Stølen.

Gro Bjørnerud Mo held fram:

– Dei fire ambisjonane har mykje slektskap seg i mellom. Det blir spennande å sjå kva tendensar som kan koma ut av høyringa når me ser samanhengane på tvers,  seier ho.

Rektor Svein Stølen peikar på at utkastet til Strategi 2030 tar med seg dei viktigaste tinga universitet skal driva med. 

– Eg tenkjer at me tar innover oss hovudoppgåvene til universitetet. Det er forsking, utdanning, å ta kunnskap i bruk og menneske og organisasjon. Det siste punktet handlar om kven som arbeider her og korleis me jobbar saman.  Så er det ei kolonne med ambisjonar på kvart av dei områda, understrekar han. 

– Blitt eit betre universitet

– Kva synest de er det viktigaste som er med i Strategi 2030 samanlikna med den tidlegare strategien?

– Me hadde jo ein bra runde i vårsemesteret der me spurte alle einingane om kvar me hadde flytta oss mest innanfor den førre strategiperioden.  Det var brei semje om at i den tiårsperioden Strategi 2020 har verka, hadde UiO flytta seg mest som forskingsinstitusjon.  Det var blitt eit mykje betre universitet og eit leiande europeisk forskingsinstensivt universitet.  Universitetet er blitt meir internasjonalt, det har blitt meir tverrfagleg, det har ein tydeleg innovativ profil, men likevel seier einingane at me kan bli endå meir innovative og bli endå betre på det tverrfaglege, oppsummerer Gro Bjørnerud Mo.

– Sterkare utdanningsprofil

No er det eit heilt anna område UiO skal retta merksemda mot. 

– Den største endringa  er at me har ein større ambisjon på utdanning enn tidlegare,  trekkjer Svein Stølen fram, før Gro Bjørnerud Mo overtar.

– Det som er klart er at me no har ein langt sterkare utdanningsprofil på det dokumentet me legg fram, understrekar ho. Svein Stølen viser også til internasjonale strøymingar som UiO må ta opp. 

– Det har også skjedd ein del i verda som gjer at me må vera tydelege på kva me er som universitet.  Så ein del av den store samfunnsutviklinga me har hatt, der det blir sett spørjeteikn ved kunnskap, der ekspertuttaler vert tona ned og til dels håna i politikken. Derfor er verdien av kunnskap viktig. Det å stilla verdien til universitetet under lupa, det trur me  er viktig. Me har prøvd å tydeleggjera  kva me er som eit universitet også, og at me har ei svært sentral rolle i det norske samfunnet som eit nasjonalt universitet med framifrå forsking, men der me også skal vera forsvarar både av akademisk fridom og institusjonell autonomi.  Me skal også sjølvsagt gjera det utanfor Noregs grenser og vera tydelege på verdiane våre.  Og me skal også visa fram verdiane til universitet for det samfunnet me ynskjer oss, lovar han.

Gro Bjørnerud Mo peikar også på berekraftsutfordringane.

– Samfunnsengasjementet er endå sterkare lagt vekt på i dette forslaget enn det som var i strategi 2020.  Det har å gjera med omverda vår og behovet for at me svarar på berekraftsutfordringane. Det intense behovet for å svara på klimakrisa seier ganske mykje om korleis UiO kan bidra til vår tids stor utfordringar,  slår ho fast.

– Brubyggjarane

Gro Bjørnerud Mo trekkjer også fram satsinga på ei sterkare kopling mellom forsking og utdanning. 

– Det er på den måten me kan gi studentane den nyaste kunnskapen som dei møter her. Og det er masse diskusjonar om kva som gir studierelevans. Det me veit er at studentar melder at det er svært relevant for dei å ha arbeidd i tilknyting til forskingsprosjekt. Det vil seia at me har eit stort potensial for å sikra både relevans og ny kunnskap  til studentane fort.  Det er studentane som er dei viktigaste brubyggjarane  mellom universitetet og samfunnet. Dei er mange og gjennom dei er det me får den nye kunnskapen ut til samfunnet. Det er viktig at den kunnskapen studentane får, vert tatt i bruk, understrekar ho.

Høyringsutkastet til Strategi 2030 er no på veg ut til alle einingane ved UiO. Og alle har ein månad på seg til å koma med innspel.

Dette er dei  fire hovudambisjonane i utkastet til Strategi 2030:

UiO skal fremja open, banebrytande og langsiktig forsking

UiO skal utdanna studentar med kunnskap, evne og vilje til å skapa ei betre verd

UiO skal dela kunnskap og bidra til at den vert tatt  i bruk 

UiO skal byggja  ein fleksibel organisasjon og vera ein attraktiv arbeidsplass for studentar og tilsette

Les heile utkastet til Strategi 2030 (PDF)

Dette er nettsida til Strategi 2030

 

 

 

Emneord: Strategi 2030, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 2. okt. 2019 04:30 - Sist endra 2. okt. 2019 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere