Ber studentar og tilsette engasjera seg endå meir i Strategi 2030

–Me har fått gode skussmål for arbeidet med Strategi 2030 frå UiO-styret. No håpar me endå fleire tilsette og studentar kan koma med innspel under høyringa til hausten. Det seier prorektor Gro Bjørnerud Mo og rektor Svein Stølen.

Svein Stølen og Gro Bjørnerud Mo sit på ein benk i Botanisk hage

HÅP: Både rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo håpar på endå meir engasjement om Strategi 2030 til hausten. 

Foto: Martin Toft

Den 18. og 19. juni hadde rektoratet seminar saman med universitetsstyret, dekanane, museumsdirektørane og biblioteksdirektøren. Formålet var å diskutera alle innspela som har kome i prosessen, få tilbakemeldingar og saman staka ut vegen vidare når dei no skal levera eit første utkast til strategi. Det skal vera klart til eit nytt møte med dekanane og museumsleiinga og bibliotektleiinga i september. Deretter skal eit nytt utkast til Strategi 2030 sendast ut på høyring til alle einingane på Universitetet i Oslo.

Viktige milestolpar for Strategi 2030:

  • 12. april var frist for innspel. 
  • 24.april: Innspelmøte og påfylgjande verkstader (24,25,26.april).
  • 31.mai 2019: Første utkast til strategi klart.
  • 18-19. juni 2019: Styre- og dekanseminar diskuterer første utkast til strategi.
  • 10-11.september 2019: Justert utkast blir diskutert i styret. 
  • 24.september - 15.oktober (3 veker) 2019: Høyring på fakultet og museum.
  • 3. desember 2019: Strategien skal vedtakast i universitetsstyret (Kjelde: Universitetet i Oslo

– Det var tidlegare behov for å henta inn endå meir dokumentasjon om situasjonen for både mangfald, det tverrfaglege og personalpolitikk ved Universitetet i Oslo. Det har me no gjort. Det opplyser prorektor Gro Bjørnerud Mo og rektor Svein Stølen til Uniforum etter at dei har gjort opp ein førebels status for arbeidet med Strategi 2030.

Avløyser Strategi 2020

Strategi 2030 skal avløysa Strategi 2020 som blei utforma i første del av Ole Petter Ottersens rektorperiode. Heilt sidan tidleg i vårsemesteret har UiO-leiinga hatt ein brei og open debatt med både tilsette og studentar på heile universitetet. 

Fire tankesmier blei oppretta , leidde av tre dekanar og ein museumsdirektør.  “Tunge trendar”, blei leidd av SV-dekan Nils von der Fehr, "Digitalisering" blei leidd av UV- dekan Sten R. Ludvigsen, “Kopla forsking og utdanning” blei leidd av teologidekan Aud Tønnessen, medan tankesmia “UiO sett utanfrå” blei leidd av direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum. Tankesmia Digitalisering gjekk ganske raskt inn som ein del av Masterplan for universitetets IT, medan dei tre andre tankesmiene var utgangspunkt for fleire debattar før dei leverte inn kvar sine rapportar innan fristen 12. april. Deretter blei det halde ei Strategiveke frå 24. til 26. aprli der det både blei halde fellesmøte og arbeidsverkstader med ulike tema. Førre veke var arbeidet med Strategi 2030 tema for eit styreseminar på Lysebu. 

Det er prorektor Gro Bjørnerud Mo som har hatt hovudansvaret for arbeidet med Strategi 2030 fram til no. Både ho og rektor Svein Stølen fekk på seminaret klare signal om korleis arbeidet skal halda fram vidare. Det vidare arbeidet driv dei fram i fellesskap.

– Det er mykje å ta med frå alle dei innspela me har fått. Det er ingen tvil om at tema som mangfald, det tverrfaglege og personalpolitikk er viktig for oss alle på UiO seier Svein Stølen..

Fire hovuddimensjonar

 – Det kom i diskusjonane dessutan svært eintydige signal på kor viktig det er for oss alle å hegna om akademisk fridom og å satsa tungt på utdanning, fortel Gro Bjørnerud Mo til Uniforum.

Ifylgje Bjørnerud Mo og Stølen la dei på møtet med UiO-styret og dekanane vekt på kva fire område som må vernast, og kva fire område der UiO må flytta på seg. Dei omtalar det slik:

– Kanskje vil Strategi 2030 kunna baserast på fire hovuddimensjonar som reflekterer dei auka utdanningsambisjonane våre: Behovet vårt for å svara på samfunnsutfordringane og lykkast både disiplinært og tverrfagleg, vår plass i samfunnet - i Oslo, nasjonalt og globalt og avhengigheiten vår av «den menneskelige faktor»; arbeids- og studiemiljø, rekruttering, karriere med meir. For å lykkast må me også jobba med å fjerna interne barrierar og utvikla meir fleksible arbeids- og organisasjonsformer, seier Bjørnerud Mo og Stølen.

– Meir engasjement

Svein Stølen håpar at det kan halda fram med endå meir engasjement rundt arbeidet med Strategi 2030 slik som var tilfellet denne våren. 

– Det kom mange innspel og ein del folk på fellesmøta, men oppmøtet til arbeidsverkstadene kunne vore betre. Derfor vil me oppfordra absolutt alle til å engasjera seg i innspel til det utkastet for Strategi 2030 som blir sendt ut på høyring i september, seier Svein Stølen..

–Vil de skipa til fellesmøte om Strategi 2030 til hausten?


– Ja, det skal me arrangera, men der er enno ikkje bestemt korleis, svarar Svein Stølen. Begge er godt nøgde med tilbakemeldingane dei fekk frå UiO-styret, dekanane og dei andre toppleiarane ved UiO på det felles styreseminaret på Lysebu.

– UiO-styret evaluerte arbeidet me hadde gjort med Strategi 2030. Nokre delar av arbeidet hadde skapt ein del bylgjer, men i det heile vurderte styret prosessen som god. Det var overtydd om at både styret og UiO-leiinga no har skaffa seg eit godt kunnskapsgrunnlag om korleis det står til på UiO, både når det gjeld forsking og utdanning, seier Gro Bjørnerud Mo.

Dei fortel at det blei understreka kor viktig det er involvera heile UiO i det vidare arbeidet og å jobba for eit levande universitetsdemokrati med stor deltaking.

– Derfor oppfordrar me folk til å møta opp når det blir nye møte om strategien, seier Svein Stølen.

Bjørnerud Mo minner om at det likevel var mykje engasjement i vår.

– Ja, nettsidene til Strategi 2030 blei mykje brukte. Og dei blei også brukte då UiO la fram klimagassrekneskapen sin, legg ho til.

– No gler me oss til det vidare arbeidet, seier Svein Stølen. Han vil også takka alle som har engasjert seg.

– Det har me sett stor pris på og det er viktig for at me er der som me er no. Me føler at me har ei brei forankring når me no jobbar vidare, legg han til.

Planen er at det endelege forslaget til Strategi 2030 skal leggjast fram for universitetsstyret i desember.

Les også rektorbloggen om status for Strategi 2030

 

Emneord: Strategi 2030, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. juni 2019 08:44 - Sist endra 21. aug. 2019 15:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere