Oppfordrar alle til å vera med på å forma framtidas UiO

–UiO-tilsette og studentar vil vera entusiastiske for Universitetet i Oslo på tvers av eige fag og interesseområde. Det er eg sikker på, seier prorektor Gro Bjørnerud Mo som har tru på at mange av dei vil koma med innspel til UiOs strategi 2030. Fire tankesmier skal gi draghjelp

KAN FLYTTA SEG: – Me vil ha fokus og innsikt på område der UiO kan flytta seg. På mange viktige satsingsområde kan universitetet det, seier prorektor Gro Bjørnerud Mo som leier arbeidet med Strategi 2030 for Universitetet i Oslo. 

Foto: Ola Sæther

I desember 2019 skal universitetsstyret vedta ein ny tiårsstrategi for UiO, Strategi 2030. Den skal avløysa Strategi 2020 som blei utforma i første del av Ole Petter Ottersens rektorperiode. Før den endelege strategien blir banka gjennom, vil UiO-leiinga ha ein brei og open debatt med  både tilsette og studentar på heile universitetet. 

Har oppretta fire tankesmier

Fire tankesmier er oppretta , leidde av tre dekanar og ein museumsdirektør.   “Tunge trendar”, blir leidd av SV-dekan Nils von der Fehr,  "Digitalisering" blir leidd av UV- dekan Sten R.  Ludvigsen, “Kopla forsking og utdanning”  blir leidd av teologidekan Aud Tønnessen, medan tankesmia “UiO sett utanfrå”  blir leidd av direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum. 

Prorektor Gro Bjørnerud Mo, som leier strategiarbeidet, håpar på god draghjelp frå dei fire tankesmiene: 

– Dei skal sørgja for at alle studentar, forskarar og andre tilsette på fakulteta og museet deira stiller opp på arrangementa som dei skal ha for å diskutera kva område Universitetet i Oslo bør satsa på i den neste tiårsperioden. Der er alle innspel, forslag og gode idear velkomne. 

– Entusiastiske for Universitetet i Oslo

– Trur du at det vil vera mogleg å skapa entusiasme for ein strategi hos studentar og tilsette på UiO?

– Dei vil vera entusiastiske for Universitetet i Oslo på tvers av eiga forsking og interesseområde. Det er eg sikker på. Og gjennom desse møta håpar eg at det også vil koma innspel som me ikkje sjølv har tenkt på, seier Gro Bjørnerud Mo til Uniforum.

Ho viser til at alle dei fire tankesmiee har fått full fridom til å forma sitt eige mandat og plukka ut medlemar i arbeidsgruppene. Sidan dei er leidde av tre dekanar og ein museumsdirektør, trur ho tankesmiene gjennom leiarane sine har gode føresetnader for å nå ut til fagmiljøa og studiemiljø på einingane.   

– Dei fekk oppdraga allereie før jul, så eg reknar med at dei er godt i gang allereie. 

– Men trur du ikkje likevel det vil bli litt knapp tid å bli ferdige i tide, slik at rapportane frå tankesmiene kan handsamast i universitetsstyret allereie den 22. mars?

– Me er inne i ein intens arbeidsprosess denne våren, men eg trur det skal gå heilt fint. 

– Store endringar og brytningar

Prorektor Gro Bjørnerud Mo er fast bestemt på at det er viktig med ein ny strategi for ei ny tid.

– For det første går perioden for Strategi 2020 ut om eitt år. Me lever i ei tid prega av store endringar og brytningar. Mange av desse endringane har store berøringspunkt med forsking og utdanning. Forskingsintensive universitet som UiO må kunna svara på desse spørsmåla.  Mykje handlar om berekraft .Difor finst det både indre og ytre grunnar for å utarbeida ein ny strategi, understrekar Bjørnerud Mo.  

For henne er det ikkje naturleg å spå om framtida og førestilla seg korleis Universitetet i Oslo vil sjå ut om ti år. 

– Det er grunnen til at me har sett ned desse tankesmiene som skal oppfordra til innspel og debatt.  Gjennom dei korte rapportane som dei skal laga, skal dekanane saman med styret staka ut kursen mot  ein endeleg strategi,som altså skal leggjast fram på desembermøtet til universitetsstyret. Heile hausten blir det også ei brei høyring, lovar ho.  

–Tettare kopling mellom forsking og utdanning

Allereie no varslar ho eitt av tiltaka som UiO må setja i gang.  

– Me vil ha fokus og innsikt på område der UiO kan flytta seg. På mange viktige satsingsområde kan universitetet det. Eit av områda er tettare kopling mellom forsking og utdanning. Der har det i den første delen av rektoratperioden vår vore ei samrøystes interesse i å få til endring og auka kvalitet. Både utdanningskvalitet og digitalisering er område som strategien vil ha nokre endringspunkt på. Og dette går gjennom alle kunnskapsområde, understrekar Gro Bjørnerud Mo.

Prorektoren meiner at det må vurderast om ressursane blir brukte rett og sørgja for at det finst gode digitale ferdigheiter knytte til faglege satsingar.  – Også for forskaren vil det koma nye moglegheiter på grunn av digitaliseringa, trekkjer ho fram.   

Alle innspela blir ikkje med i den ferdige strategien

 

Sjølv har ho også hatt møte med studentpolitikarane om arbeidet med Strategi 2030. Og ho er imponert over kor godt dei arbeider med å kunna halda seg best mogleg orientert om dette arbeidet.  – Studentparlamentet har allereie hatt møte med leiarane av dei fire tankesmiene, har ho registrert. 

Prorektoren vil understreka at ikkje alle innspel , forslag og idear vil få plass i den ferdige strategien.  – Og det som er viktig i neste tiårsperiode vil uansett prega diskusjonen, trur ho.   No oppfordrar ho alle forskarar, tilsette og studentar til å delta i debatten om arbeidet med strategien. 

– Ja, eg vil be alle som er engasjert i å koma med innspel og forslag til korleis strategien til UiO bør sjå ut, om å lata stemma si bli høyrt. Dei kan til dømes senda debattinnlegg til Uniforum eller delta på anna vis.   

Alt stoff om strategiarbeidet vil også bli samla på ei eiga nettside

Dette er dei fire tankesmiene:

Tunge trendar:

Skal skildra tunge trendar  i samfunnet som vil påverka UiO:

Medlemar

  • Nils-Henrik von der Fehr (leiar), dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet,
  • Morten Dæhlen, dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet
  • Anne Danielsen, professor ved Det humanistiske fakultetet
  • Kristin Clemet, dagleg leiar Civita
  • Camilla Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstituttet
  • Håkon Haugli, administrerande direktør i Abelia

Kopla forsking og utdanning

Skal mellom anna bidra til ei klarare forståing av korleis koplinga forsking og utdanning bør handterast i ein ny strategi.

Medlemar:

Aud V. Tønnessen, Dekan TF (Tankesmia sin leiar)

Anders Malthe-Sørenssen, leiar av SFU-en CCSE

Bjørn Stensaker, Senterleiar LINK

Rita Hvistendahl, Instituttleiar ILS/UV

Eystein Gullbekk, Universitetsbibliotekar UB

Peter Linge Hessen, Studie- og læringsmiljøansvarleg i Studentparlamentet

Anne Marthe Gibbons, Avdeling for studieadministrasjon (Tankesmias sekretær)

UiO sett utanfrå:

Konkretisera kva som meinast med utanfråblikket

Medlemar:

Håkon Glørstad (KHM), leiar

Marianne Knarud (Universitetsledelsens kommunikasjonsstab), sekretær

Cristina Archetti (HF)

Malcom Langford (JUS)

Berit Karseth (UV)

Hilde Nebb (MED)

Karenina Kriszat (NHM)

Digitalisering

Skal omtala  korleis digitalisering vil påverka og kan utvikla universitetet si forskings- og utdanningsverksemd

Medlemar:

Sten R. Ludvigsen, leiar, dekan ved Det utdanningvitskaplege fakultetet

Erling Hjelmeng,studiedekan, Det juridiske fakultetet

Solveig Kristensen studiedekan, Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet

Lex Nederbragt,leiar av Fagråd for eInfrastruktur

Alexander Refsum Jensenius, nestleiar av RITMO

Kristin Vinje, visedekan, Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet

Håvard Kolle Riis, UB Digitale tenester

Bjørn Stensaker, senterleiar ved LINK Senter for læring og utdanning (ny frå 1.1.19)

Willy Syvertsen, IT-leiar v/Det samfunnsvitskaplege fakultetet

Johannes Saastad, Studentparlamentet

Joakim Nejdeby, IT-direktør, Linkøpings universitet

Sekretariat:

Lars Oftedal, IT-direktør ved UiO

Johannes Falk Paulsen, underdirektør, Eining for leiarstøtte ved UiO

Bjørn Ness, seniorrådgjevar hos USIT ved UiO

(Gruppa er identisk med arbeidsgruppa som jobbar med masterplan for universitetets IT)

 

Tankesmiene har førebels ikkje klart noko arrangement

• Les også i Uniforum: Strategi 2030: Hvilket elitistisk opplegg er dette?

• Les også i Uniforum: Hvordan ruster vi UiO for fremtiden?

(Artikkelen er oppdatert med namna på medlemane i tankesmia Digitalisering)

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Strategisk plan, Arbeidsforhold. Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 2019 04:30 - Sist endra 8. feb. 2019 10:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere