Einige om at UiO kan ta grep for å få fram meir mangfald

– Mangfald handlar om demokrati og kvalitet. Dette skal institusjonane reflektera. Dei er oss. Det sa songaren og skodespelaren Asta Busingye Lydersen i ein debatt på UiO om korleis mangfald bør koma med i Strategi 2030.

IKKJE NOKA MEINING: – Det gir ikkje noka meining  at UiOs handlingsplan for likestilling ikkje heng saman med lovverket på diskrimineringsområdet, sa songar og skodespelar Asta Busingye Lydersen på debattmøtet om mangfald i Sophus Bugges hus i dag tidleg.

Foto: Ola Sæther

Akademikarar både innanfor og utanfor Universitetet i Oslo var invitert til å delta i ein diskusjon om korleis mangfald kan koma inn som eit tema i Strategi 2030.  Alle var einige om at Universitetet i Oslo på nokre fagområde framleis var svært homogent og dominert av personar frå den kvite middelklassen, medan norske studentar med foreldre frå andre land i stor grad har hopa seg opp på profesjonsstudium som medisin og jus.

På Det humanistiske fakultetet  og dei fleste andre fakulteta ved UiO er det også framleis heller få norske som har foreldre med bakgrunn frå andre land. 

Derfor inviterte prorektor Gro Bjørnerud Mo og HF-dekan Frode Helland  i dag tidleg til eit frukostmøte om mangfald og kva plass mangfald bør ha i arbeidet  med Strategi 2030.

– Dei er oss

Ei av dei som var invitert var songaren og skodespelaren Asta Busingye Lydersen, som er tidlegare nestleiar i Kulturrådet, og noverande ekstern representant i fakultetsstyret ved HF.  Sjølv opplevde ho at ho kom inn i norsk kulturliv då det var lite medvit rundt mangfald. – Eg er opptatt av mangfald som svart person i kvitt land. Det handlar om demokrati og kvalitet.  Dette skal institusjonane reflektera. Dei er oss, understreka ho.  

– Kunstig skilje mellom kvalitet og mangfald

Etter hennar oppfatning har kvalitetsomgrepet vore eit hovudtema. 

– På den måten blir mangfald og representasjon sett opp mot kvalitet. « Skal me bruka den personen fordi den er svart eller ta den som er best?», spør dei seg alltid, sa Lydersen. Ho meinte det er ingen grunn til å tenkja slik.

– Det er eit kunstig skilje mellom kvalitet og mangfald. Kvalitet er ikkje nokon statistisk storleik. Det rommar mykje meir.  Omgrepet mangfald blir ofte brukt på ein avgrensande måte. Vernet mot trakassering gjeld alle slags former for uttrykk. I daglegtalen handlar likestilling om kjønn medan mangfald handlar om etnisitet, hadde ho registrert. 

Dette meinte ho også handlingsplanen for likestilling ved UiO, reflekterer. 

– Det står elleve sider om likestilling og to sider om mangfald, hadde ho rekna ut.

– All diskriminering er like alvorleg

Professor i religionshistorie, Dag Øistein Endsjø var langt på veg einig med henne.

– Mangfald gjeld alle grunnlag for diskriminering. Det finst ikkje noko hierarkisk grunnlag. All diskriminering er like alvorleg, understreka han og ramsa opp både kjønn, etnisitet, seksuell legning og funksjonshemming.

– Identifisér flaskehalsar

Etter hans meining bør Universitetet i Oslo ta  ein del grep på dette området.

– Bruk mangelen på mangfald som utgangspunkt for å undersøkja mogleg diskriminering.  Identifisér flaskehalsar. Bruk mangfald både symbolsk og synleg og lat det vera mangfald både på pensum og i undervisning, var rådet hans.

– Eg visste ikkje noko om karibiske tenkjarar

Louisa Olufsen Layne er postdoktor i engelskspråkleg litteratur på UiO. Ho tok doktorgraden i Oxford, og då fekk ho ei aha-oppleving.

– Der møtte eg for første gong afrikanske og karibiske intellektuelle, og eg blei klar over at eg ikkje visste noko om karibiske tenkjarar.  Er dette noko alle tenkjer på, ikkje berre meg, lurte eg på.  Å snakka om mangfald som litteraturvitar er noko anna enn når ein medisinar gjer det, meinte ho. 

– Må vera meir opne

Så kom ho inn på den brennheite debatten om dekolonialisering frå i fjor haust. 

– Korleis held eigentleg debatten om dekolonialisering seg til spørsmålet om mangfald? Handlar den om representasjon eller om innhaldet i pensum? spurde ho.

 – Me må vera meir opne for å snakka med folk som er ueinige med oss, var oppfordringa hennar. 

«Fransk er der borte!»

Lene Auestad er både forfattar og filosof frå Universitetet i Oslo. Ho hugsa godt første gongen ho kom inn i korridorane på Blindern på veg til ei filosofiførelesing og fekk fylgjande kommentar:

– «Fransk er der borte!».  Då følte eg at det var noko med meg som tyda på at eg var franskstudent, fortalde ho med eit smil. 

Fagleg har ho sett på fordommar som sexisme, rasisme, homofobi, antisemittisme, islamofobi med meir. Under dagens debatt viste ho til døme frå Universitetet i Oslo. 

– Mange institutt ser ut til å  reprodusera seg sjølve. Folk på institutta gir fordelar til den som passar best inn i miljøet og som liknar mest på dei sjølve, slo ho fast.

Auestad hadde også sett nærare på debatten rundt eksotisering.

– I debatten om dekolonialiseringa fekk me inntrykk av at alt utanfor Europa ikkje er verdifullt. Alle dei tinga som har påverka Europa, er retusjerte bort.  Diskriminering kan vera eit resultat av dårlege haldningar hos ein person. Den strukturelle diskrimineringa skjuler ofte handlingsomgrepet, konstaterte ho.

– Blir sett på som problemet

Auestad meinte også at den som er først ute med å peika på at noko er gale, ofte møter motbør.

– Den som tar opp problemet med rasisme, blir sett på som problemet. I dag viser forsking at fysiske skader som til dømes hjarteproblem, kan ha grunnlag i at nokon er blitt utsett for rasisme. Ein strategi for mangfald kan difor ikkje utførast av dei som aldri har vore der, var konklusjonen hennar.

– Overraskande lita interesse for mangfald

Sosiologiprofessor Marianne Nordli Hansen kom inn på kor lite snakk det er om mangfald på UiO.

– Det er overraskande lita interesse for mangfald på UiO. I utlandet er det annleis. Der har universiteta eigne nettsider om mangfald. I Danmark må universiteta som har skeiv rekruttering også visa kva dei har gjort for å gjera noko med problemet, nemnde ho. 

På nokre universitet i USA har dei gått ganske langt i å hindra diskriminering.

– På Berkeley-universitetet i California må administrasjonen endra eller eliminera barrierer som har hindra ulike grupper å koma dit. Den funksjonshemma og norskpakistanaren frå Grorud kan ha andre kvalitetar som UiO kan ha bruk for, konstaterte ho. 

– Karakterane bestemmer

For henne handlar mangfald om rettferd.

– Både universitetsutdanning og ei stilling er eit offentleg gode. Det som byggjer på andre ting enn talent og evne, er forskjellsbehandling.  Med mangfald vert det større potensial til fleire motstemmer, understreka ho.

Marianne Nordli Hansen sa seg lei for at i Noreg i dag er det verken talent eller evne som avgjer framtida di. – Det er karakterane som bestemmer. Dei vil ikkje fremja sosial mangfald, slo ho fast.

– Gir ikkje rettferdig fordeling

Nordli Hansen meinte dagens opptaksreglar ikkje gir ei rettferdig fordeling av studentar.

– Det er ikkje sikkert at den som fekk ein tidels karakter betre enn den andre, er betre kvalifisert til å gi juridiske eller psykologiske råd til andre. UiO bør difor ha reglar for opptak som fremjar mangfald, var rådet ho gav til UiO-leiinga. 

DISKUTERTE MANGFALD: Dei var einige om at UiO kan ta grep for å få fram meir mangfald. Frå venstre: Marianne Nordi Hansen, Dag Øistein Endsjø, Asta Busingye Lydersen, Louisa Olufsen Layne og Lene Auestad. Lengst til høgre på biletet, skimtar ein HF-dekan Frode Helland. I forgrunnen teatervitar Deise Nunes.  (Foto: Ola Sæther)

– Kva skal til for å seia opp ein rasist?

Mellom publikum var også teatervitaren Deise Nunes, og prorektor Gro Bjørnerud Mo, som også var medarrangør av debatten. Førstnemnde, som har bakgrunn frå Brasil,  tok utgangspunkt i skuldinga om seksuell trakassering ved Universitetet i Stavanger og ved Kunsthøgskulen i Oslo, der alle dei som stod bak, fekk sparken. Samtidig viste ho til at den UiO-tilsette som blei skulda for rasisme mot ein annan UiO-tilsett med afrikansk bakgrunn, framleis sit i jobben sin.

– Kva skal til for å seia opp ein rasist? spurde ho Gro Bjørnerud Mo. Svaret på det spørsmålet kom aldri. Derimot fortalde Gro Bjørnerud Mo korleis Universitetet i Oslo no prøver ut nye opptaksformer på medisin og psykologi.

–  Psykologi gir ekstrapoeng til nokre av søkjarane,, medan nokre av medisinstudentane blir tatt opp på grunnlag av kor stor grad dei eignar seg til å bli legar, fortalde ho.

 Det aller siste innspelet fekk ho frå Asta Busingye Lydersen:

– Det gir ikkje noka meining at UiOs handlingsplan for likestilling ikkje heng saman med lovverket på diskrimineringsområdet. Det er viktig å systematisera dette arbeidet og handla no. Slik kan UiO få ein felles plan med felles framdrift, meinte ho.

Les meir om Strategi 2030 i Uniforum:

Tøff kritikk av arbeidet med Strategi 2030 i UiO-styret

Bare seks personer har levert innspill til Strategi 2030

Kristin Braa: UiO kan læra av det globale sør

More collaboration and less competition

Studentar og forskarar vil ha berekraft og klima inn som tung trend

Svein Stølen og Gro Bjørnerud Mo tar kritikken på alvor og endrar arbeidet med Strategi 2030

Gro Mo: Vil drøfte strategien med fagorganisasjonene

NTL-leiar støttar kritikken om mangel på medverknad på UiO

Sterk kritikk av Tunge trender i universitetsstyret

Tankesmier og medbestemmelse

Kom med innspill til et bredddeuniversitet i eliteklassen!

Strategi 2030: Hva slags elitistisk opplegg er dette?

 Alle må med, også samfunnsaktørar utanfor næringslivet 

Hvordan ruster vi UiO for fremtiden?

Oppfordar alle til å vera med på å forma framtidas UiO

Les også nettsidene til Strategi 2030

 

 

Emneord: Strategi 2030, Universitetspolitikk, Akademisk frihet Av Martin Toft
Publisert 26. mars 2019 17:11 - Sist endra 26. mars 2019 17:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere