Kristin Braa: - UiO kan læra av det globale sør

– Universitetet i Oslo kan også læra av det globale sør. Og me skal vera talspersonar for dei.  Det lova informatikkprofessor Kristin Braa på Nord-sør-utvalet sitt møte om Strategi 2030.

I PRAKSIS: – Kvoteordninga for studentar frå det globale sør må etablerast på nytt. Det er det som er kopling mellom forsking og utdanning i praksis, sa informatikkprofessor Kristin Braa på møtet om Strategi 2030 i eit globalt perspektiv.

Foto: Ola Sæther

Det var rundt 35 personar som dukka opp på møtet til Nord-sør-utvalet om Strategi 2030 i eit globalt perspektiv i Realfagsbiblitoteket måndag 4. mars. Av dei deltok rundt 10 som innleiarar, paneldeltakarar eller bidrog med førehandstinga kommentarar.

Tre tankesmierepresentantar på plass

Det største nyhendet var truleg at dei tre attverande tankesmiene for første gong var representerte på eit felles møte. Derfor kunne folk høyra på leiaren for UiO sett utanfrå, Håkon Glørstad, representant for tankesmia Kopling forsking og utdanning, Rita Hvistendahl og leiaren for Tunge trendar, Nils-Henrik von der Fehr. Men på møtet om Strategi 2030 i eit globalt perspektiv, kom dei med lite informasjon som handla om temaet på møtet.

Ei av dei som var mest engasjert på arrangementet, var informatikkprofessor Kristin Braa som alltid har brent for nord-sør-samarbeid.

– Hoppar over fast internett til mobilnett

For Kristin Braa er det ingen tvil om at dei som arbeider med Strategi 2030, vil ha masse å læra av den digitaliseringa som no går føre seg i mange afrikanske land.

– Dei hoppar over fasttelefon og går direkte til mobiltelefon, og dei hoppar over fast internett og går direkte til mobilt internett. Det er noko av det me kan læra av det globale sør. UiO må også delta i utviklinga av globale digitale goder for den offfentlege sektoren, slo ho fast.

Kristin Braa er sjølv medlem av Nord-sør-utvalet ved UiO.

Ynskjer kvoteordninga tilbake

Samtidig var ho heilt klar på ein annan ting.

– Kvoteordninga for studentar frå det globale sør må etablerast på nytt. Det er det som er kopling mellom forsking og utdanning i praksis, meinte ho.

– Og når desse studentane er ferdige, forpliktar dei seg til å dra tilbake til heimlandet sitt for å bruka kunnskapen dei har fått, der, la ho til. 

Medisinprofessor Espen Bjertness, som også er med i Nord-sør-utvalet, ville ha tilbake kvoteordninga.

– Det var ei fantastisk ordning. Derfor er det fint at det blir ein ny runde på kvoteordninga. Det gav oss mange innslag frå sør, peika han på. 

Etter hans meining var omgrepet internasjonalisering på UiO for lite omfattande.  

– Det må også handla om å samarbeida med land i sør, ikkje berre med toppuniversitet i Europa og i USA, sa han. 

– UiO bør ha kontakt med Nord-Korea

Bjertness rådde også Universitetet i Oslo til å tora å koma inn i konfliktområde.

 – Eg meiner UiO må delta i konfliktland som Israel og Palestina. Eigentleg bør UiO også ha kontakt med Nord-Korea, tykte han.    

Mot tvungen kommersialisering av utdanning

Også ein representant for studentane deltok i denne debatten.

Kristin Sommerset Bjartnes, som er nestleiar for SAIH, var svært opptatt av at UiO demmer opp for kommersialiseringa av høgare utdanning i sør.

– I dag er utviklinga i høgare utdanning at den ofte er prega av marknadstenking. Det skaper eit skilje mellom dei som har råd til å studera og dei som ikkje har råd til å studera i låg- og mellominntektsland i sør. Det er difor naudsynt å verna utviklingsland mot internasjonale reglar som tvingar dei til å kommmersialisera utdanning, understreka ho. 

– Aksjonerer mot studentar som demonstrerer for fridom

Samtidig slo ho eit slag for dei studentane og akademikarane som brukar ytringsfridomen sin og risikerer livet for det.

 – Autoritære regime og ikkje-statlege aktørar aksjonerer mot studentar som demonstrerer for fridom. Når studentane får rettane sine krenka, må Universitetet i Oslo aksjonera og tala for menneskerettane og for dialog, var tilrådinga hennar. 

Studentane i Noreg vernar også forfylgde studentar i andre land gjennom organisasjonen Students at Risk.

 – Me er glade for at me nettopp har fått stadfesta frå Utanriksdepartementet at me får pengar til eit sjette opptakt på den ordninga, fortalde ho. 

Oppfordra til samarbeid med afrikansk universitetsallianse

Pedagogikkprofesssor Peter Maassen er med i Nord-sør-utvalet på UiO. Han driv også forskingssamarbeid med partnarar utanfor EU, USA og Canada. Han rådde til at UiO måtte inngå eit samarbeid med landa som deltar i African Research University Alliance (ARUA). Han viste også til korleis landa i Afrika sakte, men sikkert har auka sin del av verdas publiserte forskingsartiklar.  

Peter Maassen blinka ut område der han meinte UiO burde kunne inngå eit fruktbart samarbeid.

– UiO bør ikkje lenger tenkja på utviklingssamarbeid, men på felles og likeverdige partnarskap som kan tena begge partar, var rådet hans.

Etter hans meining bør samarbeidet konsentrera seg om utdanning av doktorkandidatar.

– Universitetet i Oslo bør derfor saman med partnarane sine i låginntektstland identifisera kva område som skal prioriterast i det akademiske samarbeidet. Det kan vera helsetenester, klimaendring, ulikskap og digitale teknologiar, føreslo han.

Tar med seg innspela

Prorektor Gro Bjørnerud Mo leier arbeidet med Strategi 2030, og ho lova at ho skulle ta med seg innspela vidare til resten av UiO-leiinga.

 – Rektor Svein Stølen og UiO er med i universitetsalliansen The Guild. Og i tillegg er UiO med i ein allianse med Aarhus Universitet og fire andre europeiske universitet.  Gjennom desse alliansane samarbeider me også med dei afrikanske universiteta gjennom ARUA, fortalde ho.

Når det gjeld spørsmålet om student- og forskarutveksling med det globale sør, peika ho på regjeringa.

 – Snart legg regjeringa fram ei stortingsmelding om mobilitet.

Førstkomande torsdag 7. mars blir det eit nytt fellesmøte om Strategi 2030. Då er det tankesmia UiO sett utanfrå som inviterer alle interesserte til eit frukostmøte klokka 8.30 i Hannah Ryggen-rommet i 10. etasje i Lucy Smiths hus. Då vil tankesmieleiar Håkon Glørstad fortelja om førebelse funn og resultat.

Les meir om Strategi 2030 i Uniforum:

More collaboration and less competition

Studentar og forskarar vil ha berekraft og klima inn som tung trend

Svein Stølen og Gro Bjørnerud Mo tar kritikken på alvor og endrar arbeidet med Strategi 2030

Gro Mo: Vil drøfte strategien med fagorganisasjonene

NTL-leiar støttar kritikken om mangel på medverknad på UiO

Sterk kritikk av Tunge trender i universitetsstyret

Tankesmier og medbestemmelse

Kom med innspill til et bredddeuniversitet i eliteklassen!

Strategi 2030: Hva slags elitistisk opplegg er dette?

 Alle må med, også samfunnsaktørar utanfor næringslivet 

Hvordan ruster vi UiO for fremtiden?

Oppfordar alle til å vera med på å forma framtidas UiO

Les også nettsidene til Strategi 2030

 

 

 

Emneord: Strategi 2030, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. mars 2019 14:55 - Sist endret 5. mars 2019 14:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere