NTL-leiar støttar kritikken av mangel på medverknad på UiO

 

NTL-leiar Natalia Zubillaga er heilt einig i kritikken som Forskarforbundet har kome med mot UiO-leiinga om mangel på medverknad for tillitsvalde. – Me ser det som naturleg at planen for arbeidet med Strategi 2030 først blir presentert for fagforeiningane, seier ho.

KRITISERER REKTORATET: – Dei har snakka om at alle så får seia si meining, men representasjon for dei tilsette i ulike instansar, har ikkje vore oppe, slår NTL-leiar Natalia Zubillaga fast.

Foto: Ola Sæther

Det var i førre veke leiaren for Manifest, Magnus Marsdal først gjekk til åtak på planen for arbeidet med Strategi 2030 for Universitetet i Oslo. Kritikken hans råka hardast tankesmia «Tunge trendar.» Grunnen var at den var sett saman av for mange aktørar frå næringslivet og ein tenketank med nærkontakt til regjeringa. Ingen av tenketankane til venstre i det politiske landskapet var representerte i gruppa.

 • Les i UniforumStrategi 2030: Hva slags elitistisk opplegg er dette?

Også professsor Mariel Aguilar-Støen og stipendiat Lena Gross frå Senter for utvikling og miljø ved UiO har kritisert svara rektoratet ved prorektor Gro Bjørnerud Mo har gitt kritikarane. I svaret til Magnus Marsdal svarar ho mellom anna: «Vi vil understreke at vi ønsker alle innspill velkomne i strategiprosessen - og vi inviterer derfor i disse dage til innspillsmøter for å få inn ulike syn. Vi ønsker å legge opp til en bred debatt og ta i bruk kunnskapen som finnes både på og utenfor UiO, skriv Gro Bjørnerud Mo.

 • Les i Uniforum: Strategi 2030: Kom med innspill til et breddeuniversitet i eliteklassen!

«Vil styre slik de selv ønsker»

Måndag ettermiddag publiserte Uniforum eit innlegg av hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjøstad og leiar Steinar A. Sæther i Forskarforbundet på UiO. Dei kjem med skarp kritikk av den manglande viljen UiO-leiinga viser for å inkludera fagforeiningane med i dei store avgjerdene på UiO og for å ha dårleg representasjon frå fagforeiningane i tankesmiene. «Vi er i tvil om toppledelsen ønsker tillitsvalgte inn i kollegiale utvalg og grupper, dvs. reell medbestemmelse, eller om de helst vil styre slik de selv ønsker. De sender i alle fall et dårlig signal ved å legge opp til manglende deltagelse fra fagforeninger i de strategiske arbeidsgrupper, skriv dei i debattinnlegget. Dei to fagforeiningsleiarane viser også til at dette har skapt sterke reaksjonar: «Manglende respekt for gjensidig inngåtte avtaler skaper frustrasjon blant tillitsvalgte og ansatte som de representerer, heiter det i innlegget.

 • Les i Uniforum:  Tankesmier og medbestemmelse

- Snevert utval

NTL-leiar Natalia Zubillaga støttar langt på veg kritikken frå Forskarforbundet ved UiO.

– Me var tidleg ute med å kritisera det me opplever som ein snever representasjon i dei såkalla «tankesmiene» ved UiO.. Me ser det som naturleg at planen for arbeidet med Strategi 2030 blir presentert for fagforeiningane, slik at me kan koma med kommentarar, seier Natalia Zubillaga til Uniforum.

Ho er einig i kritikken av samansetjinga  av tankesmiene som skal laga kortrapportar om fire område og overlevera dei til universitetsstyret.

– Tankesmia «Tunge trendar» har ulike samfunnsaktørar representerte i gruppa. Men utvalet er snevert og representerer ikkje mange av gruppene på universitetet, meiner ho. – Men for NTL er det to viktige og parallelle debattar som blir reiste her, og dermed er det nokre viktige nyansar som må fram, understrekar ho.

Viktig at dei er representative

Derfor understrekar Natalia Zubillaga at når det gjeld tankesmiene og arbeidsgrupper generelt, så er det viktig at dei er representative og inkluderer grupper som universitetet er sett saman av.

– Leiinga skulle ha tatt opp samansetjinga og mandatet for gruppene med fagforeiningane i forkant, og fagforeiningane skulle ha fått høve til å føreslå representantar, peikar ho på. - Det er klart at andre aktørar enn NHO og Civita burde ha vore representerte når me snakkar om å leggja rammer for den vidare utviklinga av universitetet, legg ho til.

Natalia Zubillaga trekkjer også fram den andre innfallsvinkelen som Forskarforbundet tar opp, altså medverknad.

– Det er også viktig og ei problemstilling som NTL er opptatt av, nemleg spørsmålet om korleis medverknad vert praktisert. Det er ikkje i desse arbeidsgruppene medverknaden blir tatt ut, men i møte med arbeidsgjevar der me møter som likeverdige partnarar. Det er skilnad på representasjon i ei gruppe som skal sikra breiddde i debatten, og den forma for medverknad som skal takast ut på vegner av dei tilsette, og som part, trekkjer ho fram.

- Rektoratet har ikkje svart på kritikken

NTL-leiaren ved UiO har lagt merke til at UiO-leiinga har invitert alle til å seia si meining om arbeidet med Strategi 2030. – Dei har snakka om at alle så får seia si meining, men representasjon for dei tilsette i ulike instansar, har ikkje vore oppe, slår ho fast. Etter hennar meining kan ho ikkje sjå at kritikken er blitt møtt konstruktivt. – Rektoratet har ikkje svart på denne kritikken, konstaterer Natalia Zubillaga.

Uniforum har bede universistetsleiinga svara på kritikken frå NTL-leiar Natalia Zubillaga. Svaret me har fått via Stein Roar Fredriksen, som er leiar for kommunikasjongruppa  i leiarstøtte, er at dei vil svara samla på kritikken både frå NTL og Forskarforbundet  i eit debattinnlegg.

Les andre saker om Strategi 2030 i Uniforum:

• Les også i Uniforum: Sterk kritikk av Tunge trender i universitetsstyret

• Les også  i Uniforum:  Alle må med, også samfunnsaktørar utanfor næringslivet

• Les også i Uniforum: Hvordan ruster vi UiO for fremtiden?

• Les også i Uniforum: Oppfordrar alle til å vera med på å forma framtidas UiO

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 13. feb. 2019 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere