Studentar og forskarar vil ha berekraft og klima inn som tung trend

Studentparlamentet vil ha berekraft og klima inn som ein av dei tunge trendane i Strategi 2030. Kravet får støtte frå forskarar. Det kom fram på det første fellesmøtet i tankesmia Tunge trendar onsdag.

DILEMMA: Tankesmieleiar Nils-Henrik von der Fehr kom inn på dei mange dilemma som UiO må ta stilling til i arbeidet med Strategi 2030 under det første fellesmøtet til tankesmia Tunge trendar. Dekan Morten Dæhlen (t.h.) ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet er også med i denne tankesmia.

Foto: Ola Sæther

– Berekraft og klima må inn som ein tung trend i den nye strategien til UiO, Strategi 2030. Det var oppfordringa frå Studentparlamentets Christen Andreas Wroldsen på det første opne arrangementet til tankesmia Tunge trendar. Han meinte også at FNs berekraftsmål burde inn i undervisninga på Universitetet i Oslo.

– Berekraft og klima er ein av dei tyngste trendane i vår tid, og difor må dei inn i strategien, sa Wroldsen. For å visa at folk på UiO er opptatt av dette, peika han på oppropet som tilsette og studentar har sett i gang for å redusera utsleppet frå flyreiser for reiser i UiOs regi. 

Studentsentrerte undervisningsmetodar

Men han meinte også det var ein anna viktig trend, som det var naudsynt å ta på alvor, nemleg tendensen til at heiltidsstudenten er i ferd med å forsvinna.

– Grunnen er at stipend og lån frå Lånekassen ikkje held tritt med lønningane til dei som er i arbeidslivet, meinte han. Wroldsen meinte også at det var viktig at utviklinga av studentsentrerte undervisningsmetodar held fram.

– Det er også fint om systemet blir mindre rigid, når det gjeld oppbygging av mastergradar, meinte han. Wroldsen fekk støtte frå studenten Ida Morén Strømsø, som også er nestleiar i miljøorganisasjonen Spire, i synspunktet på at berekraft og klima måtte inn som ein tung trend.

– Det er viktig å ta omsyn til tinga som har å gjera med klimaet, sa ho.

60 personar til stades

Det var rundt 60 personar som kom for å høyra meir om kva tankesmia Tunge trendar skal arbeida med. Tankesmieleiar Nils von der Fehr leidde sjølv møtet i Realfagsbiblioteket onsdag denne veka. Han er til dagleg dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet. 

Først kom han inn på at trendar som alt er tatt vare på av Universitetet i Oslo, ikkje vil bli ein del av dei tinga som tankesmia han leier vil ta opp. Det handlar om trendar som internasjonalisering, likestilling og mangfald og innovasjon.  Så kom han inn på trendar som UiO uansett må tilpassa seg; det handlar mellom anna  om det grøne skiftet og open forsking.

Studentar utanfor eller på universitetsområdet

Til slutt tok han opp trendar som stiller UiO overfor dilemma og strategiske val:

– Me vil forsøka å identifisera desse, slo Nils-Henrik von der Fehr fast. – Skal studentane vera til stades fysisk eller virtuelt. Ny teknologi gjer det mogleg for studentar å studera uavhengig av kvar dei er. Også no er studentane lite fysisk til stades på universitetet, hadde han notert seg.

Etter hans oppfatning måtte då UiO stilla seg spørsmålet om det skal gjera det meir attraktivt for studentar å vera på universitetsområdet eller om universitetet skal utnytta teknologien og byggja ut dei tekniske løysingane for å vera andre stader enn akkurat der undervisninga går føre seg.

– Forsvarar av fri debatt, fri forsking og akademisk fridom?

Ein annan trend han tok opp og som han meinte det var viktig at UiO greip tak i, var det faktum at vitskapsbasert kunnskap blir utfordra av populisme, ekspertskepsis, alternativ kunnskap og «fake news», men også av det å vera politisk korrekt og av krenkingskultur.

– Dilemmaet vårt blir: Skal UiO vera ei plattform for dei ulike og mange stemmene eller skal UiO som institusjon ha ei tydelegare rolle som forsvarar av fri debatt, fri forsking og akademisk fridom? spurte han.

Dette er tankesmia Tunge trendar:

Skal skildra tunge trendar  i samfunnet som vil påverka UiO:

Medlemar

  • Nils-Henrik von der Fehr (leiar), dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet,
  • Morten Dæhlen, dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet
  • Anne Danielsen, professor ved Det humanistiske fakultetet
  • Kristin Clemet, dagleg leiar Civita
  • Camilla Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstituttet
  • Håkon Haugli, administrerande direktør i Abelia

Generalistar eller spesialistar?

Nils-Henrik von der Fehr tok også opp spørsmålet om UiO skal utdanna generalistar eller spesialistar, om UiO skal tilby startkompetanse til unge menneske eller tilby livslang læring gjennom karrriereløpet. Eit anna dilemma han hadde tatt mål av seg til å ta opp i tankesmia var dilemmaet om UiO skal reindyrka profilen som eit leiande grunnforskingsbasert universitet eller om UiO skal satsa breiare der dei fleste studentar, forskarar og midlar finst?

Tankesmiemedlem Morten Dæhlen overtok stafettpinnen etter Nils-Henrik von der Fehr og fekk høve til å presentera hovudinnhaldet i den nyleg vedtatte strategien til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.  

 • Les i UniforumMat.nat. første ute med Strategi 2030

Også leiaren av Kompetansbehovsutvalet til regjeringa, økonomisprofessor Steinar Holden, deltok på møtet. Han presenterte dei framtidige utfordringane i arbeidslivet og kva kvalifikasjonar det ville bli meir eller mindre etterspurnad etter i framtida.

– Skal UiO setja eller fylgja trendar?

Ein av tilhøyrarane var Mariel Aguilar Støen, professsor ved Senter for utvikling og miljø, som allereie har engasjert seg sterkt i debatten rundt Strategi 2030. Ho kom med endå eit dilemma til tankesmieleiar Nils von der Fehr.

– Skal UiO vera ein global aktør som set trendar eller skal me fylgja trendar? Skal UiO som global aktør skapa nye trendar? Universitetet har fleire oppgåver enn å produsera arbeidskraft. Det skal også ta ansvar for andre område, meinte ho.

– Korleis redda kloda vår?

Senterleiar Helene Aarseth ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking tok til orde for at likestilling og mangfald kom på lista over trendar som tankesmia måtte ta opp.  Men også ho var einig med Studentparlamentets representant i at berekraft og klima er ein sjølvsagt trend som må opp.

– Me må tenkja annleis enn mål-nytte-tenkinga til næringslivet. Me må sjå nærare på korleis me kan redusera utsleppet og kunne redda kloda vår, sa ho.

Prodekan Finn-Eirik Johansen ved MatNat.-fakultetet hadde fylgjande spørsmål:

– Auka produktivitet skal alltid føra til auka konsum. Kan UiO snu den trenden?

– Kan truleg tenkja fornuftig

Forskar ved Sosialantropologisk institutt, Henrik Sinding-Larsen kom med fylgjande hjartesukk:

– Den store trenden som fører verda i feil retning, er økonomisk. No går det ressursar frå statlege institusjonar til privat kapital. Samfunnsoppdraget til universitetet vert redusert til ein serviceinstitusjon for samfunnet og det private næringslivet. Det er ei høgrepolitisk slagside i utvalet, men de kan truleg tenkja fornuftig, trudde Sinding-Larsen.

– Digitalisering for det globale sør

Informatikkprofessor Kristin Braa tok til orde for at UiO måtte sjå på utviklinga i verda utanfor Noreg. – Digitalisering for det globale sør, er svært viktig, Utviklinga av mobilteknologien, er eit godt døme på dette, meinte ho.

Tar med seg innspela

Tankesmieleiar Nils-Henrik von de Fehr lova at dei skulle ta med seg alle innspela.

– Berekraft og miljø tar me med oss. Me ser det som eit vegval. Og me skal gå gjennom alle dei vala me gjer, sa han.

Førstkomande måndag 4. mars klokka 12.30 skipar UiO til eit nytt møte om Strategi 2030 i samarbeid med Nord-sør-utvalet. Det skal handla om globalisering. Også det skal gå føre seg i Realfagsbiblioteket i Vilhelm Bjerknes’ hus.

Les meir om Strategi 2030 i Uniforum:

More collaboration and less competition

Svein Stølen og Gro Bjørnerud Mo tar kritikken på alvor og endrar arbeidet med Strategi 2030

Gro Mo: Vil drøfte strategien med fagorganisasjonene

NTL-leiar støttar kritikken om mangel på medverknad på UiO

Sterk kritikk av Tunge trender i universitetsstyret

Tankesmier og medbestemmelse

Kom med innspill til et bredddeuniversitet i eliteklassen!

Strategi 2030: Hva slags elitistisk opplegg er dette?

 Alle må med, også samfunnsaktørar utanfor næringslivet: 

Hvordan ruster vi UiO for fremtiden?

Oppfordar alle til å vera med på å forma framtidas UiO

Les også nettsidene til Strategi 2030

 

 

 

Emneord: Strategi 2030, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 28. feb. 2019 17:07 - Sist endra 28. feb. 2019 17:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere