Sten Ludvigsen: – Relativ autonomi ved UiO

– Reint empirisk er det relativ autonomi ved UiO. Å snakka om fullstendig autonomi er tilslørande av dagens situasjon. Det sa UV-dekan Sten Ludvigsen i debatten som  i går starta Strategiveka ved UiO.

IKKJE EINIGE: UV-dekan Sten Ludvigsen og direktør Sidsel Roalkvam ved Senter for utvikling og miljø var ikkje heilt einige om kor stor autonomi UiO har. Det kom fram i under debatten om Strategi 2030.

Foto: Martn Toft

Rundt 120 personar hadde funne vegen til Auditorium 1 i Georg Sverdrups hus  i går for å få med seg rapportane frå tankesmiene og andre innspel til Strategi 2030.  I tillegg til rapportane frå dei tre tankesmiene Tunge trendar, UiO sett utanfrå og Kopla forsking og utdanning, var det kome inn 50 innspel då fristen gjekk ut rett før påske. 

Etter at tankesmieleiarane hadde presentert rapportane og prorektor Gro Bjørnerud Mo hadde gitt eit kort resymé av dei andre innspela, blei det debatt mellom universitetsleiarar og ein studentleiar om korleis statusen til Universitetet i Oslo er i dag og korleis UiO bør stå fram både innanfor og utanfor akademia.

Dekan Sten Ludvigsen ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet meinte at omgrepet autonomi ikkje var heilt korrekt når det gjeld situasjonen til Universitetet i Oslo.

– Reint empirisk er det relativ autonomi ved UiO. Å snakka om fullstendig autonomi er tilslørande av dagens situasjon. Eg vil sjå eit levande universitet med store meiningsskilnader, sa han i debatten.

Han fekk svar på tiltale frå direktør Sidsel Roalkvam ved Senter for utvikling og miljø (SUM).

 – Det viktigaste er at me utforskar vår eigenart. Og kor reell er den akademiske fridomen.  Når folk snakkar om den, så er det fordi dei føler at noko er på spel. Relativ autonomi, kva er det?  Eg arbeider på eit senter som jobbar tett med politikk, og derfor er det viktig å visa fram vår eigenart. Me  må passa på at den ikkje går dukken, var åtvaringa ho kom med.  Sten Ludvigsen stod likevel fast på omgrepet relativ autonomi.

– Me må prata om relativt autonomi for UiO står i intenst samspel med andre institusjonar som forskingsråd eller EU. Relativ autonomi er eit betre omgrep for å forstå det me held på med. Me må halda på med det langsiktige og ikkje kasta oss på nye bylgjer, meinte han. 

DEBATTERTE STRATEGI 2030:  Desse deltok i debattten om Strategi 2030 då Strategiveka ved UiO blei sparka i gang i går: F.v. Vebjørn Bakken, UiO-Energi, Susann Andora Biseth-Michelsen , Studentparlamentet, Frode Helland, HF.dekan, Elin Olaug Rosvold, prodekan ved medisin, Sten Ludvigsen, UV-dekan og Sidsel Roalkvam, direktør ved SUM. (Foto: Martin Toft)

– Ute og kjøra

Sidsel Roalkvam tykte det viktigaste var å stå fast på verdiane  til universitetet.

– Ein normativ, ideologisk posisjon kan vera bra å ha, sjølv om den ikkje er empirisk.  Om me ikkje har ei god forståing av kjernen, vil me vera ute og kjøra, tykte ho. 

Elin Olaug Rosvold som er prodekan for profesjonsstudiet i medisin tok også ordet i debatten om akademisk sjølvstyre.

 – Det medisinske fakultetet og Mat.Nat hentar inn mest eksterne midlar. Det er ikkje like lett å vera autonom for å få inn desse pengane, men me må våga å få det til. Me må gi klare meldingar om kva det er viktig å forska på. Me står for framifrå forsking og det gjer oss attraktive, utan at det går utover autonomien vår, tykte ho.  

For HF-dekan Frode Helland  hadde diskusjonen om Strategi 2030 vist klart kva folk er mest opptekne av.

– Det er Ikkje utan grunn at mangfald dukkar opp heile tida. Det gjeld både opptakskriterium og pensum, viste han til.  Han hadde også observert ei anna hovudsak.

 – Det er grunnrisset av UiO som eit forskingsintensivt breiddeuniversitet. Det er også knytt til undervisning. Som  hovudregel blir det gitt av forskarar som har har brei forskingskompetanse. Undervisning er primær, men ikkje uavhengig av forskinga. Den er ein del av ein praksis. Alle skal bli i stand til å skilja kvalitetssikra kunnskap frå tull og tøys.

Helland såg ikkje bort frå at nokre tøffe grep måtte takast.

 – Kanskje overordna dimensjonering må med i Strategi 2030, føreslo han.

– Fordelar med Osloregionen

Etter Elin Olaug Rosvolds  meining hadde UiO nokre fortrinn som det var viktig å utnytta.

– Alle utdanningane våre er knytte til forskingsmiljø. Det er eit komparativ fortrinn som ikkje alle har. Det handlar Ikkje om grunnforsking kontra annan forsking. På medisin har me transfusjonsforsking der grunnforsking blir tatt inn i klinisk forsking, trekte ho fram. 

Roksvold hadde også eit anna døme på ein fordel Universitetet i Oslo har.

– Det er store fordelar med Oslo-regionen: Oslo kommune med  Oslo som kunnskapsby.  Oslo er den andre byen etter London som har det høgast utdanningsnivået på innbyggjarane sine. Det gror i Oslo. Det kan me utnytta endå meir, var hennar råd til dei som skal sy saman Strategi 2030.

Leiar for Studentparlamentet,  Susann Andora Biseth-Michelsen uttrykte behov for gode møtestader:  Me må ha høve til å møta kvarandre og ha variert undervisning.  Berre slik kan me skapa og redda verda. Me må satsa på breiddeuniversitetet,  oppmoda ho til.

Direktør Vebjørn Bakken i UiO: Energi syntest det var viktig med balanse i alt det som går føre seg på universitetet. 

– Me må ha litt balanse, ikkje gå til nokon av ytterpunkta. Me skal bevega oss mot høg kvalitet og tillit. Det må gjennomsyra alt for UiO er Noregs beste universitet.  Universiteta og UiO har stor tillit som objektive formidlarar av kunnskap. Må byggja vidare på tilliten i forsking og i formidling, var han overtydd om.

Akkurat som studentleiar  Susann Andora Biseth-Michelsen var Elin Olaug Rosvold opptatt av undervisning.

 – Me må utnytta livslang læring meir enn det  me gjer i dag. Studentane  må jobba i team, og det må dei læra på medisinstudiet. Dei må spegla seg sjølve i dei andre faga, slik at dei ta til seg læring medan dei er hos oss, samtidig som dei kan skaffa seg livslang læring.  Det skjer i starten på utdanninga, konstaterte ho.  Men samtidig kom ho også  inn på eit  dilemma.

–  50 prosent av det som studentane har lært vil vera utdatert om nokre år. Me veit ikkje kva halvdel det er. Derfor må dei få oppdatert seg, sa ho.

– Burde kanskje pengane fylgja studentane mindre

Frode Helland såg også andre dilemma for undervisninga på UiO.

– Det er størst forbetringspotensial på undervisning. Det kan kosta. Og når det skjer blir det lett salderingsposten.  Ein del studium er i dag underfinansierte.  Om systemet skal  bli slik at studentane skal vandra meir og gå på meir innovative studium, burde kanskje pengane fylgja studentane i mindre grad enn i dag.. Det vil motverka einingane sin trong til å halda på studentane sine, trudde han.

Sidsel Roalkvam peika på at nye studentar ville stilla nye krav til UiO:

– Snart vil me ta imot studentar som vil krevja at UiO gjer noko med klimaendringane.  Kva er det dei vil? Dei vil sjå samanhengar for å kunna endra.  Dei er opptatt av å kunna forstå noko, slik at dei kan endra. SUM har ikkje vore der, men me har jobba med å finna akademisk kunnskap for å kunna endra.

Vebjørn Bakken hadde sett den same tendensen:   

– Me veit at klimaendringane er menneskeskapte.  Det veit me. Og studentane veit det.  

UV-dekan Sten Ludvigsen var viss på at UiO ville stå overfor store endringar:

–Det som er viktig er å kopla dagens basisløyving til prosjekta me får frå EU og Forskingsrådet.  Datarevolusjonen krev at me må reorganisera forskinga vår for å kunna vera forskingsleiande.

Frode Helland la vekt på kva som gjer forskinga betre:  

– Forskinga kjem nedanfrå og skal ikkje styrast frå toppen. Akademisk fridom er det viktig at det står noko om i Strategi 2030. Den er truga i land som ligg nært oss i kultur og  geografi. Krenkingskulturen er ikkje det som trugar akademisk fridom i dag. Det er økonomiske krefter og høgreideologiar som overvakar det som skjer på universitetet.  Me kan risikera at evolusjonsforsking blir kreasjonsforsking og at kjønnsforsking blir familieforsking. Mellombelse tilsette kan ikkje nyta den akademisk fridomen i same grad som dei fast tilsette, sa  Helland.

PUBLIKUM: Rundt 120 personar møtte opp på innspelmøtet om Strategi 2030 i Auditorium 1 i Georg Sverdrups hus i går. (Foto: Martin Toft)

– Linjestrukturen er vanskeleg

Vebjørn Bakken tok tak i eit tema som han meinte mange på UiO var opptekne av: 

– Linjestrukturen er vanskeleg. Det er ein kamp å få gjort noko utanom den linjestrukturen. Mange av dei nye forskarane vil gjerne gjera noko med det.  Det må vera mogleg å slå hol i nokre av siloane ved UiO, håpa han.

Leiaren for Studentparlamentet, Susanne Biseth Michelsen avslutta med å gi skryt til universitetet:

–Det som er kjipt ved å vera leiar for Studentparlamentet er at eg ser alt det gode som skjer på utdanning og undervisning på UiO, samtidig som diskusjonen mellom studentane  ikkje ber preg av det, hadde ho registrert.

Frå salen kom det også nokre røyster som ville gi gode råd til arbeidet med Strategi 2030:

Instituttleiar Bjørn Olav Utvik ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS) var ein av dei.

– UiO ynskjer å vera i verdsklasse. Då er det viktig å sjå korleis verda endrar seg. Den globale veksten skjer mykje raskare enn før, både i Kina, Indonesia og i andre land. Det kan bidra til konfliktar som me må forstå, og det kan føra til fleire flyktningar til Noreg.  Vitskapsverda blir annleis. HumSam må ikkje berre kjenna Europa og Vesten, men også resten av  verda. Regjeringa sin langtidsplan er prega av at alt handlar om korleis Noreg kan få  nyta godt av forsking, syntest han.

Førstelektor Eirik Welo  ved Det humanistiske fakultetet såg andre punkt som kunne betrast:

– Me må bruka kvarandre på ein betre måte enn I dag.  Og me må kunna utnytta kunnskapen om endring meir enn det me gjer i dag, sa han.

Strategiveka på UiO held fram med strategiverkstader i dag og i morgon både om forsking, utdanning og kunnskap i bruk.  

Les rapportane til tankesmiene:

Kobling forskning og utdanning

Tunge trender

UiO sett utenfra

Les andre innspel:

Alle innkomne innspill

Les meir om Strategi 2030:

Tankesmienes rapporter presenteres i dag

Rektoratet vil ha alle med på Strategiveka

Einige om å at UiO kan ta grep for å få fram meir mangfald

Tøff kritikk av arbeidet med Strategi 2030 i UiO-styret

Bare seks personer har levert innspill til Strategi 2030

Kristin Braa: UiO kan læra av det globale sør

More collaboration and less competition

Studentar og forskarar vil ha berekraft og klima inn som tung trend

Svein Stølen og Gro Bjørnerud Mo tar kritikken på alvor og endrar arbeidet med Strategi 2030

Gro Mo: Vil drøfte strategien med fagorganisasjonene

NTL-leiar støttar kritikken om mangel på medverknad på UiO

Sterk kritikk av Tunge trender i universitetsstyret

Tankesmier og medbestemmelse

Kom med innspill til et bredddeuniversitet i eliteklassen!

Strategi 2030: Hva slags elitistisk opplegg er dette?

 Alle må med, også samfunnsaktørar utanfor næringslivet 

Hvordan ruster vi UiO for fremtiden?

 Oppfordar alle til å vera med på å forma framtidas

Les nettsidene til Strategi 2030

 

 

 

 

Emneord: Strategi 2030 Av Martin Toft
Publisert 25. apr. 2019 13:18 - Sist endra 26. apr. 2019 12:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere