- Fleire forskarar i Forskingsrådets styre

Innhold Neste Uniforum nr. 11 2000


- KUF burde ha venta med å utnemne nytt styre for Noregs forskingsråd til evalueringa av Forskingsrådet var gjennomført. Det meiner rektor Kaare R. Norum, som håpar dette vil gjera det mogleg å få med fleire styremedlemar som er aktive forskarar.

Kaare R. Norum
Dei nye medlemane i hovudstyret til Forskingsrådet må vera aktive forskarar som er tilknytta satsingsområda innanfor norsk forsking, meiner rektor Kaare R. Norum.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Ynskjet til Norum og ei rekkje andre universtitetsforskarar har KUF likevel ikkje tatt omsyn til, og det skal difor oppnemnast nytt hovudstyre for Forskingsrådet i løpet av hausten.

- Med tanke på den komande evalueringa av Noregs forskingsråd burde både hovudstyret og områdestyra sin virkeperiode blitt forlengja, slår Norum fast. Men når dette ynsket frå forskarsamfunnet vert ignorert, så er det mitt innstendige råd til Regjeringa at dei utnemner fleire aktive forskarar til hovudstyret. Og då særleg forskarar som er aktive innanfor dei områda som er i mest rivande utvikling innanfor dagens forskingsfront

Taust i forskingsdebatten

Han understrekar at Forskingsrådet er eineståande i verdssamanheng sidan det berre er eitt einaste råd som har ansvaret for all type forsking. Dette Forskingsrådet skal gi styresmaktene råd om forskingsprioriteringar og forskingspolitikk.

- Hovudstyret må altså halda ein eigen profil og vera sjølstendig overfor ein sterk, men flink administrasjon. Det noverande hovudstyret har vore uvanleg taust i den intense forskingspolitiske debatten som har gått føre seg i Noreg dei siste to åra. Ikkje minst viktig er oppgåva hovudstyret har med å oppnemna områdestyra. Til dette trengst det både kløkt og god innsikt i norsk forsking og styrke til å stå imot administrasjon og andre som vil påverka samansetjinga av områdestyra, meiner UiO-rektoren.

Dette er hovudstyret i Noregs forskingråd:

  • Halvor Stenstadvold, adm. direktør, Orkla A.S (leiar)
  • Arild Underdal, professor, Universitetet i Oslo (nestleiar)
  • Jan Balstad, førstesekretær, Landsorganisasjonen i Noreg
  • Anne Breiby, dagleg leiar
  • Kirsti Koch Christensen, professor, Universitetet i Bergen
  • Ole Gjølberg, professor, Noregs landbrukshøgskule
  • Olav Helge Førde, professor, Universitetet i Tromsø
  • Signe Kjelstrup, professor, NTNU
  • Elizabeth Baumann Ofstad, seksjonssjef, Norsk Hydro
  • Edel Elvevoll, forskingssjef, Norsk institutt for fiskeri- og havbruksforsking
  • Olav Hesjedal, rektor, Høgskolen i Telemark
  • Mari Nes, rådgjevar, Noregs forskingsråd, representant for dei tilsette

- Men er du ikkje redd at det vil bli bukken som passar havresekken dersom for mange forskarar skal sitja i eit hovudstyre som skal bestemma kva forskarar som skal få pengar frå dei forskingsmilliardane dei sit og forvaltar?

- Dette argumentet kan like godt brukast mot dei som sit der i dag, som i stor grad er utnemnde meir på grunn av brukarinteresse, kjønn, geografi og fagfelt enn forskingsråd i andre land. Dessutan vil forskarane sjølvsagt kome frå svært ulike område. Andre land har heller ikkje ein like monolittisk forskningsrådsstruktur. I det nye svenske forskingsrådssystemet er det til dømes bestemt at det skal vera eit forskingsråd med grunnforsking som hovudoppgåve. Dei fleste, sju av ti, av medlemane til dette rådet skal vera forskarar, og dei blir foreslått av universiteta.

Resultata av dei siste internasjonale evalueringane av norsk forsking i biologi, geologi, fysikk med meir, viser at det er noko gale med styring og administrasjon av norsk forsking og forskingspolitikk, er Norum overtydd om. No vil han ha eit meir forskingstungt og frittalande hovudstyre enn det som eksisterer i dag.


Innhold Neste Uniforum nr. 11 2000

Publisert 28. aug. 2000 08:46 - Sist endra 1. sep. 2014 14:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere