IT Fornebu underminerer universitetsforskinga

Forrige Innhold Neste Uniforum nr.6 2000


Debatt

Som medlem av den gruppa Det medisinske fakultet har bedi om å gjere ei førbels vurdering av innkomne innspel om Sentra for framifrå forsking (SFF) har eg i og for seg ingen vanskar med å underskrive at dei utvalde innspela (eller kombinasjonar av innspel) har potensial som SFF. I røynda er dei langt på veg alt slike sentra - men betre økonomi vil sjølvsagt betre situasjon og yteevne.

Mine reservasjonar ligg på eit anna plan. For det fyrste er eg etter søknadslesing for Nansenfondet og tidlegare for Jahrefondet og diverse andre fond, overtydd om at det minst er 10-15 mindre grupper i dei medisinske og biologiske miljøa i Oslo (og mange også ved dei andre universiteta) som gjer forsking av same høge kvalitet som dei utvalde, store grupperingane. Dei publiserer i dei same tidsskrifta (men sjølvsagt færre publikasjonar, og difor mindre synlege i "landskapet"), dei pleier utstrakte internasjonale kontaktar og samarbeid, og ein del har også tiltrukki gjesteforskarar.

Mitt spørsmål er kva vil ressurstildelingane bli for alle desse gruppene når SFF er gjennomført? Det medisinske fakultet har innpå 300 professorar som alle er tilsette på forskingsmerittar. Berre eit mindretal kan tenkjast å få tilknyting til SFF. Det er også stor sjanse for at SFF vil føre til aukande separasjon mellom grunnforsking og undervisning ved universiteta. Har Forskingsrådet vurdert konsekvensane for den "forskingsbaserte undervisninga" ved universiteta. Det er alt i dag ein tydeleg tendens i slik retning.

I utvalet av potensielle SFF mellom innspela til Det medisinske fakultet har vi ikkje vurdert i kor stor monn somme av desse utvalde gruppene er drevi fram av dynamiske einskildpersonar som nærmar seg sluttfasen i sin forskarkarriere. Er dei like levedyktige fem år fram i tida? Deira aktivitet i dag kan vel seiast å byggje på "gode idear" eller "gode observasjonar" som ligg meir enn 20 år tilbake i tid. Korleis vil den nye ressursfordelinga som oppstår, gje sjansar til dei gode ideane hjå yngre krefter i andre fag og grupper.

Dreneringa av alle (?) nye ressursar til SFF og t.d. til IT på Fornebu er eg redd vil få dramatiske konsekvensar for universiteta som arbeidplass for alle dei som skal ta seg av hovudfagsstudentar og utdanning utafor SFF. Ein kollega ved MN-fakultetet sa det heilt enkelt i ein samtale: Korleis skal eg kunne utdanne hovudfagsstudentar i mitt fag når eg ikkje får forskingsmidlar?

Det gode universitet er ikkje avhengig av eit SFF eller to, men av ein forskande stab som har kjensle av at deira bidrag i eit internasjonalt nettverk blir vurdert nødvendig for fagnivået også utafor SFF. Eg tykkjer Forskingsrådet og universiteta burde gjennomføre ein konsekvensanalyse av SFF-politikken. Med dagens atmosfære ved universitetet er eg letta over at ingen av mine barn har lagt karrieren sin dit.

Jon Bremer
Institutt for medisinsk biokjemi


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 6 2000

Publisert 6. apr. 2000 10:51 - Sist endra 1. sep. 2014 14:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere