Inga orsaking er god nok, Saglie!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 2000


Debatt:

I siste utgåve av Uniforum kan me lesa at Universitetet i Oslo bryt mållova. Berre åtte prosent av alt skriftleg materiale som kjem frå UiO, er på nynorsk. I og med at UiO er eit offentleg organ, er dei, i fylgje mållova, pålagd at minst tjuefem prosent av alt skriftleg materiale skal vera på nynorsk. Det seier seg sjølv at universitetet

har brote lova kraftig. På framsida av Uniforum står det at universitetsdirektør Tor Saglie vedgår at kritikken er fortent. Men etter å ha lese intervjuet i avisa sit me att med eit inntrykk av at Saglie har skjøna lite. Han forsvarer seg med at i motsetnad til UiB ligg UiO i ein region av landet kor få snakkar og skriv nynorsk, og nokre av dei tilsette finn pålegget om å skriva nynorsk unaturleg! Det vert vidare peika på at kvalitetssikring av nynorskmateriell krev større ressursar.

Studentmållaget i Oslo er rysta. Hevdar Saglie at dei tilsette på Universitetet i Oslo ikkje er i stand til å skriva nynorsk? Dette held ikkje. Nynorsk og bokmål er i fylgje norsk lov jamstilt. Difor får alle nordmenn ei utdanning som skal setja dei i stand til å skriva nynorsk.

Dette gjeld òg dei universitetstilsette. Utan at me har nokon statistikk over talemålet på Universiteta i Oslo og Bergen, vil me tippa at det ikkje er nokon fleire som pratar nynorsk i regionen rundt Bergen. Nynorsk er stort sett eit skriftmål. Sjølv om nokre få talar eit normaltalemål, som dei anten legg opp mot bokmål eller nynorsk, vil me tru dei fleste talar ei eller anna dialekt. Nynorsk er bygt på ikkje berre ei dialekt, men på alle målføra. Soleis passar nynorsk like bra i Oslo som i Bergen. Tor Saglie avsluttar intervjuet med denne påstanden: "Imidlertid må vi kunne registrere at i takt med utbygging av høyere utdanning over hele landet, har også Universitetet i Oslo fått et mer regionalt preg. Jeg ønsker derfor å reise en diskusjon (…) om ikke 25 prosent-kravet bør mykes noe opp."

Kvifor skal det vera eit regionalt preg på universitetet? Kva vil det i praksis seia? Skal ikkje lenger UiO vera for trønderar, nordlendingar eller vestlendingar? Om det berre skal vera for austlendingar, kvifor skal ikkje austlendingar få nynorsk? Studentmållaget i Oslo er hundre år i år, me har kome til Universitetet i Oslo for å bli! Me har fleire hundre medlemer, frå alle kantar av Noreg, inkludert Oslo. Studentane organiserer seg der dei tykkjer det er naudsynt. At me har overlevd i hundre år, kan tyda på at me på mange vis er ynskte og trengst på Universitetet i Oslo.

Å vera nynorskstudent på Universitetet i Oslo er ikkje alltid like lett. Når ein kjem på Blindern, oppdagar ein fort at dei fleste brosjyrane frå Studentsamskipnaden er på bokmål. Ved semesterregistrering på skjermterminalar er det svært vanskeleg å registrera seg som nynorskbrukar dersom du ikkje er svært medviten på korleis du gjer det. Studentmållaget har i fleire år jobba for at det skal vera like lett å registrera seg som nynorskbrukar som bokmålsbrukar. Me har fått lovnad frå universitetsleiinga om at dei skulle gjera noko med dette frå og med dette semesteret. Det har ikkje skjedd.

Det er ikkje alltid du får dei ulike skjema du treng på nynorsk. Du får gjerne eksamensoppgåvene på bokmål, trass i at du har registrert deg som nynorskbrukar. Ved eksamen fakultatum opplevde to kandidatar å måtte dela på det eine eksemplaret av nynorskoppgåver som fanst. Det kan av og til verka som det ikkje er meininga at me skal få skriva nynorsk. Likevel er me ein del nynorskbrukande studentar her.

Norsk språkråd har gjeve Universitetet i Oslo frist til 31. mars med å senda inn ein rapport om kva tiltak som vil verta sette i verk, slik at mållova vert oppfylt innan år 2002. Studentmållaget i Oslo oppmodar universitetsdirektør Tor Saglie om å ta dette arbeidet alvorleg.

Ingvild Aursøy Måseide
Studentmållaget i Oslo


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 2000

Publisert 23. feb. 2000 11:10 - Sist endra 1. sep. 2014 14:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere