Heime-PC til alle UiO-tilsette

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 2000


Alle dei 4000 tilsette ved Universitetet i Oslo skal få tilbod om heime-PC før sommarferien. Det opplyser assisterande personaldirektør Jan Thorsen til Uniforum.

thorsen
LOVAR HEIME-PC: Jan Thorsen lova å innføra ei ordning med heime-PC for alle dei tilsette før sommarferien.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Universitetet i Oslo er akkurat no i kontakt med to leverandørar for å finna ut kva pristilbod dei kan gi på dei PC-pakkane som UiO ynskjer å tilby dei tilsette. Og tilbod om heime-PC vil ikkje føra til ein skattesmell for dei som arbeider ved universitetet.

Kompetansehevingstiltak

- Nei, me vil prøva å trekkja utgiftene til ein heime-PC frå bruttoløna til kvar einskild lønstakar og kalla det for eit kompetansehevingstiltak. Dermed vil 29 til 40 prosent av kostnadane indirekte bli betalt av staten fordi kvar arbeidstakar vil betala mindre i skatt. Alle PC-ane vil også bli leverte med eit opplæringsprogram i korleis det er mogleg å få datamaskina til å gjera fleire arbeidsoppgåver, seier Thorsen. Han lovar også å få på plass ei løysing for MAC-brukarane ved UiO.

- Dette er eit svært viktig personalpolitisk tiltak, som eg håpar me har på plass før sommarferien. Men me må ha eit byråkrati som kan administrera denne ordninga som i første omgang vil gjelda for tre år. Etter desse tre åra kan arbeidstakarane kjøpa maskina for ein symbolsk sum, t.d. 1000 kroner. Deretter kan han få tilbod om eit nytt og meir oppdatert datautstyr, fortel han.

Alle får tilbodet

Ordninga vil gjelda alle dei fast tilsette og stipendiatar som har ein fireårskontrakt med UiO. - Men det blir ingen skilnad på Jørgen Hattemaker og kong Salomo. Absolutt alle dei fast tilsette ved UiO, uavhengig av kvar dei jobbar, vil få dette tilbodet, lovar Thorsen. Det kan han så lenge denne gunstige skattetrekkordninga eksisterer.

- Eg kan sjølvsagt ikkje garantera at denne ordninga vil eksistera til evig tid, men så lenge den eksisterer, vil me bruka den for å skaffa våre tilsette ei godt tilbod om heime-PC.

Avdelingsingeniør Bjarte Einar Aarseth ved Vikingskipshuset er svært glad for at UiO kjem til å innføra ei heime-PC-ordning for dei tilsette. - Ja, det var ei kjempegodt nyhende. Det er ganske rart at ein utdanningsinstitusjon som UiO ikkje har gjort det tidlegare, meiner Aarseth. Han ser fram til å kunna arbeida meir heime og få sett meir til den heimeverande kona og dei fire barna sine.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 2000

Publisert 9. feb. 2000 15:40 - Sist endra 1. sep. 2014 14:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere