Litauens president på Blindern

Litauens president Valdas Adamkus blei tatt imot av rektor Kaare R. Norum utanfor Administrasjonsbygningen på Blindern, då han kom på besøk til Universitetet i Oslo 17. oktober.

Litauens president Valdas Adamkus blei tatt imot av rektor Kaare R. Norum utanfor Administrasjonsbygningen på Blindern, då han kom på besøk til Universitetet i Oslo 17. oktober
Foto: Ståle Skogstad

Under det timelange besøket fekk presidenten informasjon om det omfattande forskings- og studentutvekslingssamarbeidet mellom UiO, Vilnius University og Technical University of Lithuania i Kaunas. I dag går det 22 studentar frå Litauen ved UiO. Mange av desse går på vanlege studium, medan andre igjen er studentar på engelskspråklege studieopplegg med stipend gjennom kvoteprogrammet. Dessutan finst det ein del doktorgradsstudentar. I fylgje Seksjon for internasjonale program har både fagmiljø ved Dei historisk-filosofiske, utdanningsvitskaplege, odontologiske, samfunnsvitskaplege og matematisk-naturvitskaplege fakulteta deltatt i forskings- og undervisningssamarbeid med universitet i Litauen.

Ikkje litauisk ved UiO

Professor Arild Tjeldvoll ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet sit dessutan i eit nordisk gjesteprofessorat ved Vilnius University. Tidlegare var det også mogleg å studera litauisk ved UiO. Men etter at professor i baltisk/slavisk, Terje Mathiassen døydde for eit par år sidan, har ikkje det blitt gitt ordinær undervisning i litauisk ved universitetet. Dei siste åra har samarbeidet mellom UiO og Baltikum stagnert. Årsaka er at universitetet i dag får eit lite tal med kvotestipend til studentar frå Aust-Europa, og det har heller ikkje blitt lyst ut nye forskingsmidlar frå Handlingsprogrammet for Sentral- og Aust-Europa, opplyser Seksjon for internasjonale program til Uniforum.

Emneord: Litauen Av Martin Toft
Publisert 17. okt. 2000 16:52 - Sist endra 10. des. 2008 15:25

Logg inn for å kommentere