Internasjonal evaluering av Forskingsrådet

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har inngått avtale med den internasjonale Technopolis-gruppa om å evaluera Noregs forskingsråd. Evalueringa skal vera gjennomført innan 15. desember 2001.

I tillegg til Technopolis er analyseteamet sett saman av evalueringsekspertar frå tyske Fraunhofer-ISI og Universitetet i Twente i Nederland. Eit fagleg tungt, internasjonalt evalueringspanel vil kvalitetssikra evalueringa og evalueringsprosessen, medan norske NIFU (Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning) og konsulentselskapet STEP, som tidlegare har evaluert Statens nærings og distriktsutbygginsfond (SND), skal hjelpa til med datainnsamling, skriv KUF i ei pressemelding.

Mandatet for evalueringa gir pålegg om ei brei, empirisk evaluering med analyse av samanhengen mellom målsetjingane for verksemda til Forskingsrådet og rammevilkåra, organiseringa og verkemidla til dette rådet. Med bakgrunn i analysen skal evalueringa også vurdera korleis Forskingsrådet bør møta framtidige utfordringar for norsk forsking.

Noregs forskingsråd blei oppretta 1. januar 1993 då fem tidlegare forskingsråd blei slått saman til eitt. Den gongen blei det føresett at reforma skulle evaluerast etter ei tid. Eit opplegg for dette blei skissert for Stortinget i Forskingsmeldinga i fjor sommar. Evalueringa har eit økonomisk omfang på sju millionar kroner.

Emneord: Forskningspolitikk
Publisert 10. okt. 2000 10:15 - Sist endra 10. des. 2008 15:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere