Han opna denne nettstaden ved å kryssa av på skal publiseres -rubrikken og dermed blei den artikkelen du held på å lesa nett no publisert på nettet. Til stades under opninga var også representantar frå universitetsleiinga, men sjølvsagt også alle frå USIT og Ravn Webveveriet som har utvikla høvesvis ny og banebrytande publiseringsløysing og ny grafisk design. Også heile Uniforumredaksjonen var på plass og dei ser no fram til å kunna få ut nyhendesaker også i tida melllom utgjevingane av papirutgjevingane av Uniforum.
- Målsetjinga med Uniforum nett no er å oppdatera nyhendetenesta to gonger for veka, men det er truleg at den etter kvart kan bli oppdatert oftare enn det. Publiseringsløysinga er nemleg så enkel å handtera at alle journalistane i Uniforum kan publisera sine eigne saker på nett både med og utan foto, seier informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal. Han håpar at både tilsette og studentar ved Universitetet i Oslo blir flittige brukarar av Uniforum nett no, og han oppmodar dei til å gi tilbakemelding på korleis dei likar denne nyhende-tenesta. Utviklinga av Uniforum nett no har tatt rundt halvtanna år frå ideen blei vekt til nyhendetenesta blei opna i dag.
- Det er viktig å merka seg at Uniforum nett no blei opna på den dagen me sette som tidsfrist for eitt år sidan, altså 1. september. Sidan UiO feirar sin årsfest i dag, kan me seia at dette er vår fødselsdagsgåve til heile universitetssamfunnet, seier Kjøllesdal.
Uniforum nett no finn du på nettadressa: uniforum.uio.no
Logg inn for å kommentere