MacLeod er for tida på besøk hos Forum for universitetshistorie der han underviser hovudfags- og doktorgradsstudentar. Han er svært oppteken av debatten om framtida til universiteta i Noreg, og prøver å kopla inn eit internasjonalt perspektiv på denne diskusjonen med å visa til utviklinga i heimlandet sitt Australia.
33 universitet
- Tidlegare var det elleve universitet i Australia. Etter
kvart fekk også alle høgskulane kalla seg for universitet.
Difor har Australia i dag 33 universitet, men det er berre
åtte av dei som kan kallast tradisjonelle universitet, og det
er berre dei som til dømes har eit medisinsk fakultet, fortel
han. Nokon av dei held på å inngå samarbeid utanfor
Australia.
- Ja, University of Melbourne deltar i den internasjonale
alliansen av 21 universitet i Storbritannia og USA som kallar
seg for "Universitas 21". Denne gruppa er også ute etter å
etablera nært samband med store medieselskap og det
multinasjonale dataselskapet Microsoft. Dette er ei
globalisering som er påskunda av at universiteta i Australia
i dag berre får dekka halvparten av kostnadane sine av
statlege overføringar. Resten av pengane må dei få inn
gjennom studentbetaling eller gjennom andre inntektskjelder,
seier han. MacLeod minner om at universiteta er gamle
institusjonar som vil overleva endringane.
Undervisninga
- Du må hugsa at i det vestlege samfunnet er universiteta dei
eldste samfunnsinstitusjonane ved sidan av kyrkja. Framtida
til universiteta går gjennom å konsentrera enda meir
ressursar om det som var det viktigaste for dei første greske
lærde, nemleg undervisninga. Difor må me framleis halda dei
tradisjonelle verdiane til universiteta i hevd, understreka
han.
- Desse universiteta satsar anten berre på forsking eller
berre på undervisning, konstaterer han, før han kjem med eit
råd til norske styresmakter.
- Noreg med sin oljeøkonomi bør investera pengar i kunnskap
og forsking. Viss dei norske styresmaktene gjer det, vil
Noreg oppleva den same veksten som USA no er inne i. Ei slik
investering vil altså samfunnet få hausta mange frukter av
seinare, trur MacLeod. Han ser også ei framtid der det vil
bli større variasjon i fag og studieretningar mellom dei
forskjellige universiteta.
Meir spesialisering
- Det er klart at ikkje alle universiteta er like gode i alt. Difor kjem universiteta også til å bli meir spesialiserte. Universitet med forskjellige språk kjem til å samarbeida slik universitet i Italia i dag samarbeidar med universitet i Australia og i USA. Det bør også dei fattige universiteta i India, som ofte har hatt problem med å samarbeida fordi dei har forskjellige språk. Det ville dei ha tent stort på, meiner MacLeod, som trur det blir meir og meir vanleg at universitet med felles språk inngår strategiske alliansar. Sjølv ynskjer han ikkje å ha noko meining om det som skjer.
Observerer
- Nei, eg er ein historikar som berre observerer at det
skjer, ikkje ein politikar som meiner noko om denne
utviklinga. Dessutan skjer endringane så fort at om eg hadde
meint noko om dei dag, så ville denne meininga ha vore
verdilaus mest i den same augneblinken eg hadde uttrykt den,
slår han fast. MacLeod er imponert over at Universitetet i
Oslo har etablert Forum for universitetshistorie.
- Ja, eg trur dette er det einaste forum for
universitetshistorie i Nord-Europa. I Australia har me det
ikkje. Difor er det svært positivt at det finst ved UiO.
Logg inn for å kommentere