Det lovar professor Jan Terje Faarlund ved Institutt for
nordistikk og litteraturvitskap. Han har dei to siste åra
sete i instituttet sitt einaste professorat i nynorske språk.
- Våre studentar har for dårlege kunnskapar i praktisk
nynorsk, både når dei kjem til oss og når dei forlet
instituttet. Vi har vore for slepphendte med å gje studentane
ståkarakter sjølv når dei har gjennomgåande feil i
rettskrivinga, konstaterer han.
- Instituttet driv lærarutdanning samstundes som vi gir
norskundervisning. Vi har såleis eit dobbelt ansvar for dei
manglande nynorskkunnskapane blant studentane.
Handlingsplan
I vår gjekk Faarlund i gang med å utforma ein handlingsplan som inneheld konkrete tiltak for å styrka nynorsken i norskstudiet ved instituttet. - Planen fekk større støtte på instituttet enn det eg hadde rekna med, vedgår han. Handlingsplanen inneheld konkrete framlegg for å betre studentane sine praktiske ferdigheiter i skriftleg nynorsk. Desse er no vedtekne av Seksjonsrådet ved Seksjon for nordisk språk og litteratur, men er enno ikkje behandla i instituttstyre eller på fakultetsnivå. Endringane vil difor ikkje kunne tre i kraft før haustsemesteret 2001.
Kurs i praktisk nynorsk
- Eit viktig tiltak er å innskjerpa at krava til å kunna
skriva begge målformene korrekt innanfor gjeldande
rettskriving, er absolutte. Studentane har sjølve ansvar for
å læra seg rettskriving. Instituttet på si side vil tilby
kurs i praktisk nynorsk for grunnfagsstudentane, seier
Faarlund. Han peikar på at slik det no er, skal dei to
skriftlege eksamenssvara skrivast i kvar si målform. - Mange
vel å skriva heimeeksamen på nynorsk med alle dei hjelpemidla
ein då har for handa. Studentane har difor vore lite
motiverte for å nytta tilboda om nynorskopplæring. Det har òg
vore mogleg å skaffa seg undervisningskompetanse i norsk utan
å ha hatt noko nynorsk. Men no er det vedteke at skuleeksamen
til grunnfag skal skrivast på nynorsk. Dei formelle krava til
korrekt rettskriving og grammatikk i begge målformer skal
skjerpast monaleg, understrekar Faarlund.
Det skal dessutan leggjast meir vinn på å få fram i
undervisninga samanhengen mellom nynorsk skriftspråk og dei
dialektane det byggjer på.
Oslo-skulane
Det er slått fast at nynorskkunnskapane blant elevar i den vidaregåande skulen er dårlege. - Men det som kanskje er det mest alvorlege, er den negative og likesæle haldninga til nynorsk som ein del norsklærare har. Når lærarane har slike haldningar, kan ein ikkje vente noko annet enn negative haldningar òg blant elevane, meiner Faarlund.
Høgre-byrådets framlegg om å sløyfa skriftleg nynorsk i dei vidaregåande skulane i Oslo, har han ikkje sans for. - Eg synest det er merkeleg å argumentera for å ta bort nynorsken fordi ein har for lita tid til å arbeida med hovudmålet. Sidemålet er det tilbodet i skulen som best kan støtta opp om hovudmålet, understrekar Faarlund.
Logg inn for å kommentere