Enno uvisst om UiO opprettar holdingsselskap

Kollegiet utsette 5. september saka om korleis UiO skal organisera den eksternt finansierte verksemda.

Årsaka var at fagforeiningane ville ha meir tid til å setja seg inn i saka. Dermed vil ikkje denne saka koma opp før på neste kollegiemøte, tysdag 3. oktober 2000. Etter planen kan Universitetet i Oslo koma til å organisera den eksternt finansierte forskingsverksemda i eit eige holdingsselskap. I sakspapira viser universitetsdirektør Tor Saglie til Universitetet i Bergen som har organisert den eksternt finansierte verksemda i stiftinga Unifob. Difor meiner universitetsdirektøren at det kan vera grunnlag for å vurdera om også UiO bør ta initiativ til å oppretta eit særskilt rettssubjekt som kan ta hand om forvaltinga av den eksternt finansierte verksemda ved universitetet. Planen er at dette selskapet skal bli eit heileigd aksjeselskap med Det akademiske kollegium som generalforsamling.

Publisert 7. sep. 2000 16:07 - Sist endra 10. des. 2008 14:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere