- Årsaka til den store interessa kan vera at ungdommar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen er sveltefora på naturvitskaplege "happeningar"eller demonstrasjonsshow. Dessutan har institutta på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet vore flinke til å leggja opp eit spennande program for ungdomane, meiner Stensland. Arrangementet er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Forskningsparken i Oslo og SINTEF og inngår som ein del av Forskingsdagane og Oslo 1000 år.
Trond Giske kjem
- Sjølv om me ikkje hadde planlagt å ta imot så mange studentar, så hadde me ikkje lyst til å avvisa nokon. Det er viktig for vårt omdøme og rekrutteringssituasjonen vår å få med alle, understrekar Stensland. UngForsk blir første dag opna av rektor Kaare R. Norum og dekan Jan Trulsen medan tidlegare programleiar for Newton i NRK 1, Magnus Dæhli skal leia opningsshowet. Utdanningsminister Trond Giske opnar andre dag av arrangementet. Blant aktivitetane som ungdomane får vera med på, er å laga verdas beste iskrem ved å bruka flytande nitrogen, rekonstruera Big Bang, å bruka biokjemi til å løysa kriminalsaker og varsla nordlys for komande natt.
- Fakultetet har engasjert mange studentar som skal fungera som guidar på opplevingsruta frå Blindern, via Forskningsparken og SINTEF og vidare til Rikshospitalet før turen endar på den interaktive messa i Idrettsbygningen på Blindern, fortel Stensland.
Logg inn for å kommentere