Ynskjet til Norum og ei rekkje andre universtitetsforskarar
har KUF likevel ikkje tatt omsyn til, og det skal difor
oppnemnast nytt hovudstyre for Forskingsrådet i løpet av
hausten.
- Med tanke på den komande evalueringa av Noregs
forskingsråd burde både hovudstyret og områdestyra sin
virkeperiode blitt forlengja, slår Norum fast. Men når dette
ynsket frå forskarsamfunnet vert ignorert, så er det mitt
innstendige råd til Regjeringa at dei utnemner fleire
aktive
forskarar til hovudstyret. Og då særleg forskarar som er
aktive innanfor dei områda som er i mest rivande utvikling
innanfor dagens forskingsfront.
- KUF burde ha venta med å utnemne nytt styre for Noregs forskingsråd til evalueringa av Forskingsrådet var gjennomført. Det meiner rektor Kaare R. Norum, som håpar dette vil gjera det mogleg å få med fleire styremedlemar som er aktive forskarar.
Taust i forskingsdebatten
Han understrekar at Forskingsrådet er eineståande i verdssamanheng sidan det berre er eitt einaste råd som har ansvaret for all type forsking. Dette Forskingsrådet skal gi styresmaktene råd om forskingsprioriteringar og forskingspolitikk.
- Hovudstyret må altså halda ein eigen profil og vera sjølstendig overfor ein sterk, men flink administrasjon. Det noverande hovudstyret har vore uvanleg taust i den intense forskingspolitiske debatten som har gått føre seg i Noreg dei siste to åra. Ikkje minst viktig er oppgåva hovudstyret har med å oppnemna områdestyra. Til dette trengst det både kløkt og god innsikt i norsk forsking og styrke til å stå imot administrasjon og andre som vil påverka samansetjinga av områdestyra, meiner UiO-rektoren.
- Men er du ikkje redd at det vil bli bukken som passar havresekken dersom for mange forskarar skal sitja i eit hovudstyre som skal bestemma kva forskarar som skal få pengar frå dei forskingsmilliardane dei sit og forvaltar?
- Dette argumentet kan like godt brukast mot dei som sit der
i dag, som i stor grad er utnemnde meir på grunn av
brukarinteresse, kjønn, geografi og fagfelt enn forskingsråd
i andre land. Dessutan vil forskarane sjølvsagt kome frå
svært ulike område. Andre land har heller ikkje ein
like
monolittisk forskningsrådsstruktur. I det nye svenske
forskingsrådssystemet er det til dømes bestemt at det skal
vera eit forskingsråd med grunnforsking som hovudoppgåve. Dei
fleste, sju av ti, av medlemane til dette rådet skal vera
forskarar, og dei blir foreslått av universiteta.
Resultata av dei siste internasjonale evalueringane av norsk
forsking i biologi, geologi,fysikk med meir, viser at det er
noko gale med styring og administrasjon av norsk forsking
og
forskingspolitikk, er Norum overtydd om. No vil han ha eit
meir forskingstungt og frittalande hovudstyre enn det som
eksisterer i dag.
Logg inn for å kommentere