UiO ber sjuke studentar og tilsette om å halda seg heime

Studentar og tilsette på UiO som er sjuke må halda seg heime og testa seg ved symptom på covid-19, også  om dei er fullvaksinerte. Det understrekar universitetsdirektør Arne Benjaminsen i ei melding han sende ut i ettermiddag. 

Portrett av ein mann

SOM PLANLAGT: – Juleavslutningar kan gå som planlagt, så sant smitteverntiltaka blir fylgde, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen på Universitetet i Oslo. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I dag kom statsminister Jonas Gahr Støre og regjeringa med klare nasjonale tilrådingar om kva folk bør gjera for å hindra vidare auke i koronasmitta i Noreg. 

Det vert innført ei nasjonal tilråding om å bruke munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta, skriv regjeringa i ei pressemelding:

  • Regjeringa innfører ei nasjonal tilråding om å bruka munnbind på kollektivtransport, i drosje, i butikkar og på kjøpesenter der det ikkje er mogleg å halda avstand.
  • I tillegg viderefører regjeringa tilrådinga om jamleg  å testa skuleelevar i område med aukande smittespreiing og ekstra stort arbeidspress i helse- og omsorgstenesta
  • Regjeringa ber om at kommunar med aukande smitte og ekstra stort arbeidspress i helsetenesta vurderer auka bruk av heimekontor.

– Alle sjuke må halda seg heime

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen på UiO understrekar at dei same nasjonale tilrådingane også gjeld på UiO.  Først og fremst peikar han på den generelle regelen. 

– Studentar og tilsette på UiO som er sjuke må halda seg heime og testa seg ved symptom på covid-19, også  om dei er fullvaksinerte, seier han både til Uniforum og i ei melding som er sendt rundt til alle einingane på UiO. 

Universitetsleiinga har tatt vekk koronainformasjonen på UiOs nettsider. 

– Me avventar informasjonsbehovet og koronasituasjonen førebels, før me gjenopprettar koronainformasjonen, forklarar han til Uniforum. 

Universitetsdirektøren har registrert få problem på UiO  i samband med auken i koronasmitta dei siste dagane. 

– Nesten all undervisning er avslutta, og eksamen går føre seg i Silurveien der det allereie er ein avstand på over 1 meter mellom kvar student, slik at berre halvparten av plassane er i bruk, slår han fast.  

Rundt 15 prosent  av alle eksamener no i haust er skuleeksamen med tilsyn, medan 85 prosent av alle eksamenar er andre eksamensformer som heimeeksamen /mappe / semesteroppgåve med meir. 

Avlyser mottaking

Det er likevel eitt arrangement UiO har valt å avlysa.

– Mottakinga etter doktorkreeringa på torsdag, har me valt å kansellera av omsyn til smittefaren. Elles er det ikkje gjort andre endringar på UiO i samband med koronasituajonen, seier Arne Benjaminsen til Uniforum.  

Seinare i dag heldt Oslo kommune og byrådsleiar Raymond Johansen ein eigen pressekonferanse.  Arne Benjaminsen lova å fylgja spent med.  

– Juleavslutningar kan gå som planlagt

– På UiO gjeld elles dei same reglane for bruk av heimekontor som tidlegare. Om det er for kort tid, kan det avtalast munnleg med næraste leiar. Om det er for ein lengre periode, må det avtalast meir formelt, peikar han på. 

– Juleavslutningar kan gå som planlagt, så sant smitteverntiltaka blir fylgde, seier han.  Einingane blir rådde til å be dei tilsette om å bruka munnbind dersom det ikkje er mogleg å halda stor nok avstand. 

Innfører høgaste beredskapsnivå i Oslo

Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) varsla tidlegare i kveld at også koronaberedskapen i Oslo vil  bli sett opp på nivå 3, som er det høgaste nivået. Grunnen er den nye virusvarianten Omikron, står det i ei pressemelding frå Oslo kommune. 

Auka beredskap vil seia at det igjen blir sett sentral kriseleiing i Oslo  kommune. Det skjer for å sikra effektiv informasjonsdeling, felles situasjonsforståing og koordinering, går det fram av pressemeldinga. 

Så langt er over 87 prosent av innbyggjarane over 18 år i Oslo fullvaksinerte. 90 prosent har fått minst éin dose. Nesten 60 prosent av dei over 65 i Oslo har fått tredje dose. Før jul håpar byrådet å vera i gang med tredje dose av dei mellom 45-65 år.  

– Den gode vaksinedekninga gjer at situasjonen i Oslo no er ein helt annan enn tidlegare i pandemien. No kan me halda samfunnet ope, samtidig som me held kontroll over situasjonen. Men lat det ikkje veran nokon som helst tvil om fylgjande: Oslo kommune tar denne situasjonen på det aller største alvor. Me har sett i verk ei rekkje tiltak den siste tida, seier byrådsleiar Raymond Johansen (Ap). 

– Vil vurdera påbod av munnbind

Den 24. november kom byrådsleiaren for første gong denne hausten med ei bøn til Oslofolk om å bruka munnbind på kollektivtrafikk, drosje og i butikkar. 

– No innfører me overvaking av munnbindbruken, og dersom ei tilråding ikkje er nok, vil me  vurdera eit påbod. Situasjonen kan endra seg. Og det kan skje fort. Mutasjonar har fleire gonger endra spelereglane. Er det noko denne pandemien har lært oss, så er det nettopp det, seier Raymond Johansen. 

  • Les meir koronainformasjon på UiOs nettsider

• Les meir om korona i Uniforum: 

Anne Spurkland: – Jeg risikerer ikke kritikk fra arbeidsgiveren min for å si det høyt

Utanlandske studentar får koma til Noreg før studiestart

Ansatte og studenter er uenige om koronakonsekvenser for undervisningen

Foreslår massetesting av studenter og utvidelse av vårsemesteret

HumSam-biblioteket åpner dørene igjen mandag 12. april

Hurtigtesten for korona får stryk i Danmark

UiO-rektor om gjenopning: – Eg håpar utanlandske forskarar kan prioriterast på 2. trinn

Åpner for økt fysisk undervisning fra slutten av mai

UiO innfører også strengere nasjonale regler

Universitetet i Oslo gjenåpner lesesalene fra mandag

UiO stenger alle bygninger for studenter fra tirsdag 16. mars

Dansk forsker: – Norge vinner tillitskampen

Tre av 1600 symptomfrie på UiO var koronasmitta



 
 

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset Av Martin Toft
Publisert 30. nov. 2021 22:51 - Sist endra 30. nov. 2021 22:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere