Utanlandske studentar får koma til Noreg før studiestart

Studentar og skulelevar frå utlandet som har fått studieplass i Noreg, skal få koma inn i Noreg i god tid før studiestart. Det lova kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby på regjeringas pressekonferanse i dag.

Eit portrett av ei kvinne

FÅR KOMA INN: Utanlandske studentar med studieplass i Noreg får koma inn i Noreg før august. Det sa kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby på ein pressekonferanse i dag. 

Så langt har det vore svært vanskeleg og i mange tilfelle umogleg for utanlandske studentar med studieplass i Noreg å koma inn i landet på grunn av koronarestriksjonane. Det blir det no ei forandring på.  

– Utanlandske studentar og skuleelevar med studieplass i Noreg skal vera trygg på at dei får koma inn til studiestart, altså før 1. august, lova kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby på regjeringas pressekonferanse om koronasituasjonen i dag.

 – Også universitet, høgskular og fagskular bør planleggja for fysisk undervisning ved semesterstart til hausten, la ho til.

Når det gjeld høgare utdanning, vert det altså opna for meir fysisk undervisning og å vurdera jamleg testing.  Dei høgare utdanningsinstitusjonane må også registrera kven som er til stades og kvar dei sit for å letta smitteoppsporinga, går det fram av ei felles pressemelding frå regjeringa. UiO-rektor Svein Stølen er nøgd med at det blir eit meir ope universitet ved semesterstart. 

– Eg er glad for at me kan opna ytterlegare og at sjansane aukar for ein endå meir open studiestart, seier Svein Stølen i ei sak på nettsidene til UiO

Framleis påbod om heimekontor i Oslo

Endringane i dei nasjonale føreskriftene opnar også for auka bruk av den faste arbeidsstaden på jobben. Det er også nytt at arbeidsgjevar vurderer i støtte grad om heimekontor er naudsynt i lys av den lokale smitterisikoen. I Oslo er det lokale føreskrifter som gjeld, og i hovudstaden er det påbod om heimekontor for alle som kan fram til og med 4. juli.  

Kan opna opp for arrangement i Universitetets aula

Om dei nye nasjonale retningslinjene også skal gjelda for Oslo, vil det opna for inntil 400 personar utan tilviste plassar i Universitetets aula fordelte på to kohortar med 200 personar i kvar.  Fram til førstkomande sundag klokka 12.00 vil det derimot vera eit maksimaltak nasjonalt og i Oslo på 200 personar på slike arrangement.

Det er nedgangen i dei nasjonale smittetala som er grunnen til at regjeringa no lettar på koronarestriksjonane.

 Statsminister Erna Solberg stilte sjølv opp på pressekonferansen då dei viktigaste endringane i føreskriftene blei kunngjorde.

– Smittetala går ned, talet på   sjukehusinnleggingar går ned og rundt halvparten av personar over 18 år har fått minst éin vaksinedose. Noreg er i rute, og me er klare for å gå til trinn tre i attopninga, sa Erna Solberg.

HALDA LITT IGJEN: – Attopninga i Noreg er avhengig av at me klarar å halda litt igjen på opning over grensa, understreka statsminister Erna Solberg. (Foto: Skjermdump frå regjeringas pressekonferanse)

– Må framleis vera varsame

Både i pressemeldinga og på pressekonferansen blei det understreka at avgjerda om å gå til tredje trinn er basert på tilrådingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Det kan framleis vera behov for å slå ned utbrot lokalt med lokale reglar.

– Me må framleis vera varsame. Det er framleis ein uføreseieleg smittesituasjon mange stader i verda, og det er uvisse knytt til mutasjonane. Derfor må me framleis ha høg beredskap og restriksjonar ved innreise til Noreg. Attopninga i Noreg er avhengig av at me klarar å halda litt igjen på opning over grensa, understreka Solberg.

Endringane i dei nasjonale føreskriftene vil gjelda frå sundag 20. juni klokka 12.00.

(Oppdatert klokka 17:42 med ein kommentar frå UiO-rektor Svein Stølen)

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 18. juni 2021 14:53 - Sist endra 18. juni 2021 17:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere