Fysiske førelesingar utan einmeteren er i gang på UiO

Måndag 23. august møtte HF-studentar opp til den første fysiske førelesinga i det engelskspråklege kurset «Introduction to audiovisual aesthetics» på Institutt for media og kommunikasjon. Det var første gong det heller ikkje var noko krav om at studentane måtte halda seg 1 meter frå kvarandre. 

Ei førelesing på Det humanistiske fakultetet

FYSISK: Måndag 23. august var det fysisk førelesing i emnet "Introduction to audiovisual aesthetics" i Sophus Bugges hus ved Det humanistiske fakultetet. Og studentane kunne sitja skulder ved skulder utan avtandskrav. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var Auditorium 1 i Sophus Bugges hus på Blindern som var den fysiske samlingsstaden for den første førelesinga i dette studiet.

Førelesaren, førstelektor Andreas Nilsen Ervik var svært glad for at det endeleg var blitt mogleg å undervisa fysisk igjen.

– Men hugs på at om de får symptom, så kan de fylgja med på førelesing digitalt, minna han dei om. Så samtidig som han stod ved kateteret nede i salen, kom det opp eit bilete av han på skjerm, som dei som framleis studerer heime, kunne fylgja med på.

Uniforum registrerte fleire studentar som sat tett i tett, slik helseminister Bent Høie sa dei kunne gjera fredag for ti dagar sidan. Men me såg også to studentar med munnbind og nokre få som sat langt frå kvarandre. Studentane på masteremnet i Audiovisual aesthetics såg ut til å vera godt nøgde med at dei no kan gå på fysiske førelesingar slik dei gjorde tidlegare. 

– Det er strålande

Etter førelesinga tok Uniforum kontakt med førelesaren, førstelektor Andreas Nilsen Ervik. Han var svært nøgd med at han endeleg kunne ha direkte kontakt med studentane i eit auditorium.

– Det er strålande å kunna undervisa med studentane til stades igjen. Som mange andre er eg lei av å interagera med studentane via program som plasserer oss i små lukka firkantar på skjerm. Samtidig er det ein del uvisse knytt til å undervisa fysisk igjen - kor mange studentar er vaksinerte, og i kor stor grad kan dei oppfordrast til å møtast og ha kollokviar nokonlunde som vanleg, gir han uttrykk for i ein epost til Uniforum.

– Engasjerte og nyfikne

 Ervik likte også responsen frå studentane.

– Studentane var engasjerte og nyfikne. Dei svarte på spørsmåla mine, og virka ivrige etter å koma i gang, tykkjer han. 

Ervik viser til at han er relativt fersk som undervisar og først begynte med det hausten 2020.

– Dermed har eg definitivt mest erfaring med digital undervisning, og hovudsakleg seminar. Erfaringane mine frå seminara er at studentane har vore aktive i diskusjonar også digitalt, fortel han.

Ervik har også funne nokre fordelar med digital undervisning.

– For dei av oss som ikkje er like gode på å hugsa namn alltid, har det vore fint med Zoom som tilbyr namnelapp konstant tilgjengeleg. Omlegginga til digital undervisning har for min del også mogleggjort utprøving av digitale undervisningsplattformer og eksperimentering med ting eg neppe elles ville prøvd ut. Både studentane og eg har hatt glede og fagleg utbytte av dette, synest han.

GODT NØGD: Førelesaren, førstelektor Andreas Nilsen Ervik var godt nøgd med at han endeleg kunne treffa studentane fysisk i eit auditorium (Foto:Ola Gamst Sæther). 

Føretrekkjer den fysiske førelesinga

 Likevel er Ervik overtydd om at det er den fysiske førelesinga som er den beste.

– Fysisk er absolutt å føretrekkja. Eg har sjølv merka kor vanskeleg det kan vera å halda fokus i digitale møte, og det har nok vore utfordrande for studentane også. Ein annan vesentleg forskjell er nerven av at me er til stades i det same rommet. Som undervisar kjenner eg på nervøs energi når eg står der framfor studentane, og dei kan kjenna på noko av det same når dei kaster seg ut på med spørsmål og kommentarar, har Andreas Nilsen Ervik observert.

– Forståeleg

Gunn Enli er prodekan for studium og utdanning på Det humanistiske fakultetet, og ho har ingen problem med å fatta at både studentar og førelesarar på fakultetet no ynskjer meir fysisk undervisning.

– Det er veldig forståeleg at både studentar og tilsette ynskjer å ha meir  fysisk undervisning no. I haust tilbyr HF ein miks av fysisk og digital undervisning. Når me har planlagt semesteret, har me forsøkt å skapa ein mest mogleg føreseieleg kvardag for studentane i ein situasjon som framleis er usikker, fortel ho.

– Undervisningsplanen er lagt

Og undervisningskabalen er allereie lagt og er vanskeleg å endra på.

– Undervisningsplanen er lagt, og vil stå meir eller mindre fast sjølv om avstandskravet no er fjerna. Det er viktig for å unngå undervisnings- og eksamenskollisjonar for studentane, understrekar ho. 

I hovudsak digitalt på exphil

Gunn Enli ser ikkje bort frå at det kan bli meir fysisk undervisning i emne som allereie har planlagt fysisk undervisning, men der ein no kan gi fleire høve til å delta samtidig. Men på exphil gjer ho klart at undervisningsplanen i hovudsak skal gjerast unna digitalt.

– Når det gjeld undervisningsplanen for exphil, legg den så langt opp til at både fellesførelesingar og seminar skal vera digitale. Hovudårsaka til det er at exphil som UiOs største emne, krev store undervisningsrom. No er me opptekne av å få til det me klarer av fysisk undervisning for studentane og undervisarane våre innanfor rammene av timeplanen og kva som er tilgjengelege av rom, seier prodekan Gunn Enli til Uniforum.

80 prosent fysisk og hybrid undervisning på SV-fakultetet

Trass i oppfordringa frå helseminister Bent Høie om å droppa einmeteren i auditorium og i smågrupper, så blir det nok mindre fysisk enn digital undervisning. Det opplyser studiedekan Trine Waaktaar ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet til Uniforum.

–SV-fakultetets planar for haustsemesteret inneber allereie ei opning for ein ganske stor del fysisk undervisning, med ein prosent fysisk og hybrid undervisning for heile fakultetet på i overkant av 80 prosent, seier Trine Waaktaar.

Ho har også lytta til viserektor for utdanning, Bjørn Stensaker, som for ti dagar sidan understreka kor viktig det er studentane får halda fram i slike smågrupper.

– Me har prioritert smågruppeundervisning og dei nye studentane. Ei rekkje førelesningar vil gå føre seg både fysisk og samtidig på digitale plattformer. Me vil også denne hausten tilby digitale alternativ for studentar som treng dette, fortel Trine Waaktaar.

Alle fakulteta tilbyr både fysisk og digital undervisning

Uniforum har i denne omgang ikkje vore i direkte kontakt med dei andre fakulteta på UiO. Men utifrå ein gjennomgang av infomasjonen på nettstadene deira, skal også Det odontologiske fakultetet, Det utdanningsvitskaplege fakultetet, Det teologiske  fakultetet, Det utdanningsvitskaplege fakultetet, Det juridiske fakultetet, Det medisinske fakultetet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet halda fram med ei blanding av virtuell og fysisk undervisning dette haustsemesteret.

 

 

 

Emneord: Undervisning, Koronavirus, Koronaviruset, Digitalisering Av Martin Toft
Publisert 24. aug. 2021 16:00 - Sist endra 25. aug. 2021 09:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere