Frå måndag er det ikkje lenger påbod om heimekontor for UiO-tilsette

Oslo kommune opphevar dei siste lokale koronarestriksjonane frå måndag. Dermed blir det ikkje lenger påbod om heimekontor i hovudstaden. 

FÅR SELSKAP: Frå måndag kan fleire UiO-tilsette igjen ta i bruk kontorplassen sin på universitetet. Då kan universitetsdirektør Arne Benjaminsen få selskap frå fleire kollegaer i Lucy Smiths hus. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Måndag 5. juli blir dermed ein merkedag for folk i Oslo. For då vil det vera dei nasjonale og ikkje lenger dei lokale restriksjonane som gjeld. Blant dei som vil merka dette er fleirtalet av dei tilsette på UiO som sidan byrjinga av november har hatt påbod om bruk av heimekontor. 

I ein epost universitetsdirektør Arne Benjaminsen har sendt til leiarar på institusjonen går det fram at UiO vil vera svært fleksibel i ein overgangsfase. " Vi ser at det kan være behov for fleksibilitet her i en overgangsperiode, og vil komme nærmere tilbake til det", står det i eposten.  

Mest mogleg fysisk undervisning

I eit brev frå Kunnskapsdepartementet til lærestadene går det fram at studentane som startar opp til hausten vil få eit tilnærma normalt studentliv. Kravet om å halda ein avstand på 1 meter, vert det lempa på, og det blir oppfordra til mest mogleg fysisk undervisning. "I tråd med gjenåpningsplanen og anbefalingen for trinn fire, bør institusjonene planlegge for fysisk undervisning fra semesterstart kommende høst. Departementet forventer at institusjonene tilbyr studentene mest mulig fysisk tilstedeværelse og faglig tilbud på campus til høsten. Institusjonene må samtidig ha beredskap for at regler og anbefalinger kan endre seg," står det i brevet som er underskrive av ekspedisjonssjef Knut Børve og fagdirektør Bjørn Tore Bertheussen. 

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen varslar likevel at det vil vera naudsynt å gå litt roleg fram i starten.  "Vi skal være så fysisk som mulig så raskt som mulig til høsten. Men vi vet at det tar tid å legge om undervisningen. Ved semesterstart vil dermed deler av undervisningstilbudet fremdeles være digitalt", skriv han. 

Første dose i heimkommunen, den neste i studiekommunen

I eit brev frå Folkehelseinstituttet frå 25.juni går det fram at alle studentar blir oppfordra til å ta første dose av koronavaksinen i heimkommunen sin, medan dei kan ta den andre dosen i studiekommunen. Dei som skal studera utanlands, kan ta begge dosane i Noreg, om dei får tilbod om dette etter den vanlege prioriteringa. Dei som får tilbod om første dose på studiestaden i utlandet, kan takka ja til det, og så kan koronavaksinene  etterregistrerast i SYSVAK, så sant dei er godkjende av det europeiske legemiddelbyrået EMA. Det går fram av brevet frå Folkehelseinstituttet til alle lærestadene i Noreg. Brevet er underskrive av Are Stuvitz Berg, som er seksjonsleiar for Luft, blod og seksuell smitte. 

Semesterstart etter planen

Det første som skjer ved semesterstart er velkomstseremoniar og fadderveker for dei nye studentane. Universitetsdirektør Arne Benjaminsen reknar med at det skal gå etter planen. "Vi legger til grunn at opplegget for mottak av nye studenter og fadderuke følger de planene som er lagt", skriv han i meldinga til alle leiarar på Universitetet i Oslo. 

Semesterstart på UiO er 16. august. Unntaket er medisin, odontologi og klinisk ernæring som tjuvstartar allereie 9. august og tannpleie som startar opp 10. august. 

 

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 2. juli 2021 14:27 - Sist endra 2. juli 2021 14:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere