Viserektor Bjørn Stensaker gler seg over at avstandskravet for studentane er borte

No kan studentane sitja nær kvarandre igjen både i auditoria og på grupperomma på universiteta og høgskulane. Det har regjeringa bestemt i dag. – Det er eg veldig glad for, seier Bjørn Stensaker som er ny viserektor for utdanning på Universitetet i Oslo. 

Portrett av ein mann

FJERNA EINMETEREN: Regjeringa fjerna i dag krav om ein meter avstand for studentar. – Det er enno ikkje full opning for klemming, minner han studentane om.

Foto: Ola Gamst Sæther

Måndag 16. august er det studiestart for studentane på UiO, med unntak for medisin- og odontologistudentane som tjuvstarta måndag i denne veka. Og for første gong sidan pandemien blir det ein fysisk velkomstseremoni for nye studentar på Universitetsplassen. Samtidig vil studentane strøyma inn på universitetsområda igjen. Og tidlegare i dag kom meldinga om at regjeringa vil fjerna avstandskravet for studentane. Der går det fram at studentar altså får unntak frå avstandskravet under undervisninga. Det skulle eigentleg koma i trinn fire, men skjer no etter råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI).

– Eg er veldig glad for at dette avstandskravet er borte i undervisningssamanheng. Det er ei endring som det er lett å tilpassa seg, seier viserektor Bjørn Stensaker på UiO til Uniforum. 

Framleis avstand på lesesalane

Bjørn Stensaker peikar likevel på at det gjeld for auditorium og grupperom.

– På lesesalane vil me halda fram med kravet om ein meter avstand, og alle studentane må reservera plass på førehand, understrekar han.

Bjørn Stensaker er viss på at det blir lett å tilpassa seg den nye undervisningssituasjonen.

– Nokre har planlagt for å halda fram med digital undervisning som før. Men for dei som har varsla om fysisk undervisning i auditoria og i grupperomma, går det bra å skalera opp talet på kor mange som kan vera til stades, slår han fast. 

– Kjempeviktig å få studentane tilbake til campus

Som viserektor for utdanning, ser Bjørn Stensaker no  fram til å sjå studentane koma  tilbake til universitetsområda. 

– Det me gler oss til er først og fremst å få studentar tilbake til campus. Viss me tenkjer litt i retrospekt på korona, så tenkjer me at dette ville gå ut over resultata til studentane og studieprogresjonen. For nokre har det heilt klart gjort det,  trekkjer han fram.  

Stensaker viser til at når dei ser frå resultata i fjor, så er dei at studentane klarte seg ganske bra, for dei dei produserte studiepoeng, gjekk opp til eksamen, og alt gjekk eigentleg bra.

– Så fekk du SHOT-undersøkinga som viste baksida av medaljen, dei mentale utfordringane ved å sitja åleine for ein del av dei. Det gjeld ikkje alle studentane, for studentmassen er så kompleks. Som pedagog veit eg at læring er ei  blanding av det sosiale og ein fagleg prosess. Det kan vera vanskeleg å skilja det. Læring kan like godt gå føre seg over ein kopp kaffi i kantina i ein samtale mellom to studentar. Det er ikkje alltid studentane trur det, men det er faktisk ein viktig del av eit læringsmiljø. Så det å få studentane tilbake på campus no, det tenkjer me er kjempeviktig, understrekar Bjørn Stensaker.  

– Viktig med fysisk undervisning i små grupper

– Ein del undervisning blir digital, men me er eigentleg optimistar når det handlar om kor mykje fysisk undervisning me klarer å få til. Me er jo spesielt opptatt av at seminar og gruppeundervisning blir kjørt fysisk. Me trur ikkje det er så mykje sosial omgang i ein førelesingssituasjon. Det er ei litt anna undervisningsform. Det er fint om det er interaktivitet der også, men tradisjonelt er det mindre rom for det. Derfor er det viktigaste at me får i gang undervisninga i små grupper, for det er dei som gjer at studentane får seg nettverk, slår han fast.

Med dei rapportane universitetsleiinga så langt har fått inn, ser det ut til at dette kjem til å bli realisert.

– Dei signala me har fått inn er svært positive, og derfor er me optimistar, seier Bjørn Stensaker til Uniforum.

400 studentar får delta på velkomstseremonien

Velkomstseremonien for nye studentar på Universitetsplassen måndag 16. august blir denne gongen fysisk, men den blir likevel ikkje heilt som før pandemien, for det blir ei grense på talet på studentar.

– Det blir 400 studentar fordelte på to kohortar, 2 x 200 som er inviterte inn.  Me kunne ha tatt imot fleire, om me hadde visst at einmeteren ville falla bort, men me er ikkje sikre på om me klarer å få det til på så kort varsel, fortel Bjørn Stensaker.

– Live-streaming

– Korleis plukka de ut desse studentane?

– Dei kjem frå heile breidda av universitetet. Det var faddergruppene sjølve som plukka ut desse studentane, og det skjedde ikkje ved loddtrekning. Så det er altså studentane sjølve som har bestemt det. Me vil gjerne at alle fakulteta og  heile den faglege breidda til universitetet er representerte. Det blir fint å koma tilbake til den gamle, gode tradisjonen, og så blir det live-streaming ved sida av. Det blir ei markering av at me no vil vera tilbake til ein litt meir normal situasjon, peikar viserektor Bjørn Stensaker på.

Frå 19. august  vil også alle studentforeiningane visa seg fram for studentane.  Og så blir det sjølvsagt fadderveke frå og med måndag 16. august.

– Mesteparten av fadderaktivitetane vil gå føre seg ute, også på grunn av smittevernet. Då har me litt meir kontroll, og det er den tryggaste måten å gjera det på, slår Bjørn Stensaker fast.

– Ikkje full opning for klemming

For UiO har det aldri vore aktuelt å krevja koronatest av alle studentar som skal delta på eit arrangement.

– Nei, det var ei policy-avgjerd me tok om at me skil ikkje på dette no, for me veit at det er store skilnader mellom studentane. Nokre har fått vaksine og andre ikkje,  og universitetet skal i prinsippet vera ope for alle. Så lenge dei overheld vanlege smittereglar, så tenkjer me at det er forsvarleg når det er så mykje som går føre seg ute, seier Bjørn Stensaker. 

– Det er enno ikkje full opning for klemming, minner han studentane om.

Og velkomstseremonien for nye studentar går av stabelen måndag 16. august frå klokka 15.00 til 15.30. Då vert det talar både av rektor Svein Stølen, leiar for Studentparlamentet Jørgen Hammer Skogan og Oslo-ordførar Marianne Borgen.

 

Emneord: Studentforhold, Undervisning, Koronavirus, Koronaviruset Av Martin Toft
Publisert 13. aug. 2021 14:53 - Sist endra 13. aug. 2021 15:23

Logg inn for å kommentere