74 personar blei vaksinerte på Blindern onsdag

Onsdag vaksinerte SiO Helse 74 studentar og tilsette på UiO og SiO  i Kristian Ottosens hus på Blindern. – Det er flott at så mange stiller på så kort varsel, seier seksjonsoverlege Anders Sandvei.

Ei kvinne får ein vaksinasjon frå ei anna kvinne

HÅP I EIT NÅLESTIKK:  Marianne Solheim får den første dosen av  koronavaksinen til Pfizer i Kristian Ottosens hus på Blindern  i dag tidleg. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Klokka 8.30 onsdag sette SiO Helse i gang den aller første vaksineringa av studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo og Studentsamskipnaden i Oslo. Dei hadde fått oversendt Pfizer-vaksiner frå Oslo kommune, og det var nok til 74 personar.  

– Føler meg privilegert

Ei av dei som fekk sin første dose med koronavaksinen til Pfizer, var barnehageassistent Marianne Solheim ved SiO Barnehagar. 

– Det var litt spesielt, og eg føler meg privilegert som får vaksine. Og så er det litt spennande på grunn av moglege biverknader, seier ho til Uniforum.

– Og korleis føler du deg no?

– Eg føler meg heilt fin. Det kjennest også litt rart. Me kan heller ikkje berre kasta munnbindet, begynna å klemma alle og reisa rundt i verda, trass i at me er blitt vaksinerte.  Men eg håpar eg får reisa til utlandet snart, sjølv om det er mest truleg at det blir Noregsferie, trur ho.

– Ei fin oppleving

Marianne Solheim er godt nøgd med måten ho blei tatt imot på av SiO Helse då ho kom dit for å ta vaksinen i  tidleg onsdag morgon.

-Eg synest det var ei fin oppleving. Og dei tok godt imot meg, fortel ho.

– Heilt strålande

Seksjonsoverlege Anders Sandvei i SiO Helse tykkjer dette var ein fin jobb.

– Eg synest dette var heilt strålande. Og det var ein takknemleg jobb. Folk er blide og set stor pris på arbeidet som personalet vårt gjer, seier han til Uniforum.

 Han fortel at all vaksinering i Oslo blir styrt av Oslo kommune. 

– Me fastlegar får alle beskjed om å kartleggja dei pasientane våre som innfrir kriteria til Folkehelseinstituttet. Samtidig lagar alle bydelane lister over folk innanfor dei ulike prioriteringsgruppene til Folkehelseinstituttet, opplyser Anders Sandvei.  

– Alle har fastlege i SiO Helse

– Og dei som kom til dykk onsdag, kva bydel tilhøyrer dei?

– Nokre av dei er tilsette ved UiO eller SiO, andre er studentar ved ein av dei 27 studieinstitusjonane som er knytte til SiO. Felles for dei alle er at dei har fastlegen sin i SiO Helse og at dei tilhøyrer dei gruppene som FHI har bestemt skal prioriterast,  seier Anders Sandvei. 

Og han er svært nøgd med korleis vaksineringa  gjekk føre seg onsdag.

– Det fungerte heilt utmerka. Alt har gått på skinner. Dessutan var det god plass til alle, og dei blei ikkje danna nokon kø, konstaterer han.

KLAR: Då er to sprøyter med Pfizer-vaksine klare.  (Foto: Ola Gamst Sæther)

Ny vaksinerunde neste onsdag

 Neste runde med vaksinering skjer ikkje før tidlegast i midten av neste veke.

 – Me er avhengige av leveransar frå Oslo kommune, og dei får me truleg ikkje før tysdag kveld, så dermed blir det ny vaksineringsrunde først onsdag 5. mai, fortel han. 

Anders Sandvei er imponert over dei som kjem for å vaksinera seg.

– Det er flott at dei tar telefonen når me ringjer og stiller opp på kort varsel. Det er eit teikn på at me går mot lysare tider, så snart me får vaksinert oss, slår han fast.

 

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset, SiO Av Martin Toft
Publisert 29. apr. 2021 04:30 - Sist endra 29. apr. 2021 09:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere