Ingen falskt positive testsvar blant 6000 hurtigtestar på Blindern og Kringsjå

På Kringsjå og Blindern er det etter meir enn 6000 hurtigtestar for korona ikkje registrert falskt positive testsvar. Det opplyser lege Joakim Øverbø ved Folkehelseinstituttet til Uniforum. Dei nedslåande funna av hurtigtesten i Danmark, har han ikkje nok data til å vurdera.

VELLYKKA: Det har ikkje vore registrert falskt positive testsvar etter hurtigtestane på Blindern og Kringsjå.

– Det  er langt betre enn venta, seier lege Joakim Øverbø hos FHI til Uniforum. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var på fredag Uniforum omtalte ei omfattande dansk undersøking av hurtigtesten for korona. Den viste at medan den vanlege koronatesten (PCR-test) fekk 4069 positive svar, klarte hurtigtesten berre å fanga opp 2159 av dei. Statens Serum Institutt i Danmark hadde gjort undersøkinga blant 117 670 personar frå 1. februar til 23. mars i år. Den vanlege koronatesten (PCR-test) fann altså 4069 positive svar, medan den antigene hurtigtesten klarte å finna berre 2159 positive svar i den same gruppa av personar. Det vil seia at 1910 personar fekk tilsendt eit negativt testsvar, sjølv om det kunne påvisast koronavirus i halsen.

• Les i Uniforum: Hurtigtesten for korona får stryk i Danmark

Lege Joakim Øverbø på avdeling for Luft-, blod- og seksuell smitte ved Folkehelseinstituttet meiner han ikkje veit nok om den danske undersøkinga til at han kan ta stilling til funna i den.

– Opplysningane frå Danmark er kun ei pressemelding utan mange opplysningar så det er vanskeleg å vurdera denne utan å sjå dataene bak, gir han uttrykk for i ein epost til Uniforum.

– Betre enn me rekna med

Men han viser til at så langt har hurtigtestane på Blindern og Kringsjå vore svært lovande.

– Eit anna spørsmål er om hurtigtestar til screening vil gi mange falskt positive prøvesvar, det vil seia feilaktig positiv test hos ein person som ikkje har smitte eller sjukdom. På Kringsjå og Blindern er det – etter mer enn 6000 testar – ikkje registrert falskt positive testsvar. Dette er betre enn me rekna med og lovar godt for vidare bruk av antigentestar ved covid-undersøking, understrekar Joakim Øverbø overfor Uniforum. SiO Helse har tidlegare opplyst til Aftenposten at dei blei funne sju positive koronatestar etter hurtigtestane på Blindern. Kommunikasjonsrådgjevar Nina Langeland i SiO opplyser til Uniforum at  gjennom sjølvtestinga på Kringsjå og dei andre studentbyane blei det også oppdaga positive koronatestar. 

– Me har 6 positive testar frå studentbyene. Dei er alle så langt me kjenner til stadfesta med positiv PCR-test. Det er delt ut 6 800 testar, fortel ho til Uniforum i ein epost.

Øverbø peikar på at andre undersøkingar har gjort heilt andre funn enn dei Statens Serum Institutt i Danmark har registrert.

– Det er mange studiar som viser at antigentestane er svært treffsikre ved viruskonsentrasjonar som er forbunde med smitte, men dårlegare når personar er i den smittsame fasen sin. Når ein jamleg testar større grupper er målet å fanga opp flest mogleg av dei som er eller vil bli smitteførande så tidleg som mogleg, og dei som er forbi den smittsame fasen har lita betyding, understrekar han.

Kjem ganske likt ut

Øverbø viser til at dei då står igjen med dei tre viktigaste faktorane.

– Dette gjer at svartida, andelen som testar seg og testfrekvensen blir dei tre viktigaste faktorane for å redusera smitten. Dersom ein reknar med venta reduksjon i smitte i gruppa som vert testa, så kjem antigen-hurtigtesten ganske likt ut med PCR dersom PCR har svartid på 24 timar, konstaterer Joakim Øverbø.

– Ganske upålitelige til å peika ut ein smitta person

I Uniforum-artikkelen om den siste danske undersøkinga kom konstituert fagleg direktør på Statens Serum Institutt Tyra Grove Krause med fylgjande konklusjon:

– Undersøkinga vår viser at hurtigtestar (antigen-testar)er ganske upålitelege til å peika ut ein smitta person. Me kan sjå at 47 prosent av dei som er smitta med korona, får eit negativt testsvar etter ein hurtigtest. Dei er altså testa falskt negativ, seier ho i ei pressemelding frå Statens Serum Institutt i Danmark. 

I slutten av januar blei det også publisert ei undersøking av hurtigtestane i Danmark, melder VG  Då viste det seg at hurtigtestane klarte å fanga opp 70 prosent av tilfella som vert fanga opp av vanlege koronatestar. Den studien blei gjort ved at 4697 personar blei testa med både ein vanleg PCR-test og ein hurtigtest melom jul og nyttår 2020. Undersøkinga blei kunngjort av det danske Rigshospitalet. Den siste danske undersøkinga blei gjort blant 117 670 personar som hadde brukt begge dei to testane over ein periode på rundt sju veker.

På Blindern og på Kringsjå har dei altså hatt gode erfaringar med dei 6000 hurtigtestane for korona som dei har gjennomført saman med SiO Helse, slår lege Joakim Øverbø ved Folkehelseinstituttet fast overfor Uniforum. Og går tilrådde ei arbeidsgruppe dei nasjonale styresmaktene å setja i gang hyppig massetesting av studentar . 

(For å unngå ei misforståing er ordsamansetjninga "over den smitteførande fasen" blitt skifta ut med "forbi den smitteførande fasen" 14. april kl. 09:40. Artikkelen  blei 16. april  også supplert med samla tal frå SIO over positive testar etter hurtigtesting på Blindern og sjølvtesting i studentbyane )

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 13. apr. 2021 14:42 - Sist endra 16. apr. 2021 14:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere