Raymond Johansen åtvarar mot meir importsmitte

– Me reknar med at regjeringa si opning for import av strengt naudsynt utanlandsk arbeidskraft vert tolka på ein så snever måte at den ikkje fører til meir importsmitte. Det var oppfordringa byrådsleiar Raymond Johansen kom med på dagens pressekonferane.

Ein mann står på ein talarstol under ein pressekonferanse

ÅTVARAR: Byrådsleiar Raymond Johansen åtvarar mot for mange innreiseløyve til utanlandsk arbeidskraft. Meir importsmitte er det me treng minst no, seier han.

Foto: Skjermdump frå Oslo kommune

Det var i går regjeringa gjorde det klart at den vil opna for ei utvida opning av import av utanlandsk arbeidskraft som skal utføra strengt nødvendige arbeidsoppgåver.  Ifylgje regjeringa vil det omfatta både forskarar, bedriftsleiarar, profesjonelle idrettsutøvarar, skodespelar og personell med spesialisert kompetanse innanfor servicenæringane. Behova for denne typen personell gjeld på tvers av næringar og sektorar, står det i ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet. 

Desse tiltaka gjeld til 29. april: 

• Forbod mot meir enn to besøkjande i private heimar (men ny vurdering av tiltaket vil vurderast neste veke)

  • Raudt nivå i skule og barnehage.
  • Stengde innandørs fritidsaktivitetar for barn og unge.
  • Stengde serveringsstader (med unntak av take-away) og skjenkeforbod
  • Stengde butikkar (med nokre unntak, bl.a. daglegvarebutikkar og apotek)
  • Stengde treningssenter, teater og kinoar
  • Forbod mot arrangement med nokre unntak, blant anna gravferder) (Kjelde: Oslo kommune) 

Meldinga fekk rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo til å uttrykkja glede

“– Det har vært mye oppmerksomhet om dette i det siste, og vi har kanskje fått tydelig frem at dette er forskere som er temmelig stasjonære når de først har kommet inn i landet. Gledelig er det uansett,”  sa  Svein Stølen til Uniforum. Han understreka også at UiO må avventa føringar frå Oslo kommune.

Og dei kom på pressekonferansen med byrådsleiar Raymond Johansen i formiddag. Då kom Johansen også inn på at regjeringa no vil opna for meir import av strengt naudsynt utanlandsk arbeidskraft.

Åtvara mot meir importsmitte

– Det høyrest ut som om ei ordning som kan omfatta svært mange arbeidsinnvandrarar til Noreg. Det me treng minst av no er meir importsmitte, understreka Raymond Johansen.

 Han kom difor med ei streng formaning til regjeringa.

– Me reknar med at regjeringa si opning for import av strengt naudsynt utanlandsk arbeidskraft vert tolka på ein så snever måte at den ikkje fører til meir importsmitte, sa Raymond Johansen.

Nasjonal oppmjuking gjeld ikkje for Oslo

Den nasjonale oppmjukinga av koronatiltaka som blei presentert av regjeringa i går, vil altså ikkje gjelda for Oslo. Der har Byrådet vedtatt å halda fram med dagens strenge tiltak fram til og med 29. april.  Det vil seia at det framleis vil vera forbode å ha fleire enn to på besøk i private heimar. Berre matbutikkar og apotek vil haldast opne, medan restaurantar og kafear berre kan driva med “take away”-tenester. Skjenkeforbodet vil derfor også halda fram. 

Elevar kan venda tilbake til Osloskulen

Skuleelevar har derimot grunn til å gleda seg. For frå måndag 19. april vil elevar i ungdomsskulen, den vidaregåande skulen og i 5.-7. trinn i barneskulen i særleg utsette bydelar, få venda tilbake, men på det aller strengaste nivået. Dei har alle hatt heildigital skule sidan 17. mars, går det fram av ei pressemelding frå Oslo kommune.  Det skal også delast ut munnbind til alle elevar og til alle lærarar som ynskjer det.

– Eg er veldig glad for at me igjen kan ha alle  elevane våre tilbake i skulen. Der vil dei bli møtte med eit forsterka raudt nivå, med endå sterkare smittevern enn tidlegare, sa Johansen på pressekonferansen.

– Ingen tvil om at tiltaka våre verkar

I pressemeldinga går det også fram at det i førre veke blei registrert over 1500 smitta i Oslo. 150 pasientar er innlagde med covid-19 på Oslo universitetssykehus og Akershus universitetssykehus. 

– Det er ingen tvil om at tiltaka våre verkar og at Oslo-folks innsats gir svært gode resultat. Smittetala viser at Oslo er på veg mot å slå ned den tredje smittebylgja, konstaterte Raymond Johansen. Og han bad folk om å halda ut eit par veker til.

– Me bør gleda oss over nedgangen trass i at smittetala enno er høge. Derfor er det viktig at me held på mesteparten av tiltaka nokre veker til slik at smitte og innleggingar kan gå endå meir ned, sa byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) på pressekonferansen.  

Han opplyste også om at Oslo kommune hadde auka talet på vaksinedosar frå  tidlegare 10 000 i veka til 24 000 dosar denne veka. Johansen var også godt nøgd med at kommunar utan smitte hadde sendt vaksinar til Oslo.

Må setja ein million nålestikk

Helsebyråd Robert Steen viste til at ein avtale med apoteka gjer det mogleg å auka den samla vaksinekapasiteten i Oslo frå 110 000 til 120 000 dosar i veka. Til saman er det no sett 150 000 vaksinedosar i Oslo. Det vil seia at rundt 6 prosent av Oslos innbyggarar har fått ein vaksinedose. Me må setja ein million nålestikk totalt for at alle skal bli vaksinerte, opplyste helsebyråden.

– Vaksinering er vår veg ut av pandemien, slo Raymond Johansen fast.

    Emneord: Koronavirus, Koronaviruset Av Martin Toft
    Publisert 14. apr. 2021 13:22 - Sist endra 14. apr. 2021 13:22
    Legg til kommentar

    Logg inn for å kommentere

    Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
    Opprett ein WebID-brukar for å kommentere