Nordiske røyster skal diskutera opphavet til konstruksjonen Norden

– Tanken er at me skal utforska kva Norden har vore i tidlegare tider og kva det kan seia oss om kven me er i dag, seier direktør Tore Rem i UiO: Norden. Det seier han dagen før UiO:Norden og Nasjonalbiblioteket opnar seminarrekkja Konstruksjon Norden.

Ein mann står ute med ein blå himmel i bakgrunnen

NORDEN: – Me skal også sjå på kva førestellingar me har hatt om Norden og me skal enda opp med å ta føre oss den nordiske modellen, seier direktør Tore Rem i UiO: Norden. No startar UiO:Norden ei seminarekkje om Norden saman med Nasjonalbiblioteket. (Arkivfoto) 

Foto: Ola Gamst Sæther

I fjor stod Tore Rem og UiO:Norden bak fleire UiO:Norden-samtalar frå Litteraturhuset. Dei spente frå forholdet mellom USA og Norden til den nordiske lykka. No sparkar UiO:Norden i gang ei ny seminarrekkje, denne gongen i godt selskap med Nasjonalbiblioteket.  

Dette er programmet for Konstruksjon Norden våren 2021:

  • 21.1  - Middelalderen – Samtale mellom Bergsveinn Birgisson og Carline Tromp

  • 10.2 – Den store nordiske krig – Foredrag ved Ola Teige
  • 24.2 – Drømmen om nordisk storhet – Foredrag ved Anne Eriksen
  • 27.4 – Opplysningstiden - Samtale med Frederik Stjernfelt, Ellen Krefting og Trygve Riiser Gundersen – ledet av Helge Jordheim
  • 6.5 – Skandinavismen - Foredrag ved Ruth Hemstad
  • 19.5 – Det moderne gjennombrudd – Samtale mellom Narve Fulsås, Ulrike Spring og Jens Bjerring-Hansen – ledet av Mona Ringvej (Kilde: UiO: Norden)

Dagens utfordringar for den nordiske modellen

– For oss er det er ei stor glede at dei har stilt opp som medarrangør og vertskap, synest UiO:Norden-direktør Tore Rem.

– Me skal også sjå på kva førestellingar me har hatt om Norden og me skal enda opp med å ta føre oss den nordiske modellen. Spørsmålet er stort og enkelt: Korleis leva der me er og kva utfordringar står den nordiske modellen overfor i dag, fortel Tore Rem.  

Til saman blir det seks arrangement i løpet av våren.  Dei vil handla om Norden heilt frå vikingtida og fram til det moderne gjennombrotet. Til hausten blir det ein ny runde og då blir ulike aspekt ved den nordiske modellen hovudtemaet for ei rekkje seminar.

– Då vil me ta opp ting som handlar om kjønn og likestilling, velferdsstaten, demokratiet, nyliberalismen og utfordringar som Norden står overfor, seier Tore Rem. Han avslører også at dei i tillegg til seminara vil ta opp korte filmsnuttar med samtalar om Norden om tema som ikkje blir tatt opp på dei store arrangementa.  

Vikingtida og reformasjonen

– Eit tema er kvinner i vikingtida, og eit anna er Kalmarunionen, eit tredje er reformasjonen og me skal snakka om korleis tidlege kart var med på å konstruera våre idear om Norden, varslar Tore Rem.

Inkludert desse samtalane blir det samla ti arrangement berre i løpet av våren.  I eit av dei digitale intervjua skal historikaren Hilde Sandvik snakka om Kalmarunionen.

Også på Nasjonalbiblioteket er dei glade for å kunna samarbeida med UiO:Norden:

– I denne formidlingsserien ønsker me å sjå på korleis kulturhistoria vår til ulike tider har blitt prega og forma av regionen me inngår i, seier direktør for kulturformidling ved Nasjonalbiblioteket Eline Skaar Kleven, i ei nyhendesak på nettsidene til UiO: Norden.

Islandske Bergssvein Birgisson er først ut

Fredag 21. januar går startskotet for det første seminaret i seminarrekkja Konstruksjon Norden. Og då blir det islandsk besøk.

– Då er det den islandske forfattaren Bergssvein Birgisson som skal samtala med Klassekampens debattredaktør Carline Tromp. Då skal det handla om kva slags førestellingar om nokon, dei hadde om Norden i mellomalderen.  Var det noko nordisk fellesskap på den tida og hadde dei ei førestelling om at ein naturleg høyrde saman med desse nabofolka eller er det noko som kom seinare, fortel Tore Rem.

– Skal få høyra om skandinavismen på 1800-talet

– Var det Norden eller Skandinavia som kom først?

– Det spørsmålet overlet eg til desse å utforska. Nokre gonger vil kanskje fokuset vera meir på Skandinavia, som til dømes vikingtida, men me prøver å ha ei nordisk innramming. Eg synest det er morosamt å finna ut korleis dette omgrepet blei konstruert gradvis. Blant anna skal  me få høyra om skandinavismen på 1800-talet, og det blir også samtalar om opplysningstida og det moderne gjennombrotet, seier Tore Rem.

Neste gong skal det handla om den store nordiske krigen. Då skal det vera foredrag med Ola Teige.

– Det handlar med andre ord om også om ufred og vanskane ved å leva saman. Gongen deretter skal kulturhistorikaren Anne Eriksen fortelja om nordiske stordomstankar på 1600-talet og på 1700-talet og korleis dei forsøkte å skriva Norden inn i den vestlege kulturen si store forteljing ved å plassera seg i sentrum, snarare enn som periferi, fortel Tore Rem. Han trur mange vil finna temaet Norden interessant.

 – Ikkje minst er det spennande å sjå på kvifor desse samfunna skil seg ut samanlikna med andre. Det blir som å utforska ein familie. Me trur me er like, og så er me langt meir ulike enn det me trur. Kanskje me kan koma nærare svaret gjennom denne arrangementsserien, avsluttar Tore Rem.

Det første møtet i den digitale seminarrekkja Konstruksjon Norden startar fredag 21 januar klokka 19.00.

 

Emneord: Norden Av Martin Toft
Publisert 20. jan. 2021 19:25 - Sist endra 20. jan. 2021 19:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere