UiO-satsing er verdsleiande på Norden-forsking

– Me er verdsleiande på Norden-forsking. Det slår direktør Tore Rem i UiO:Norden fast. No inviterer han alle fagmiljø på UiO til å søkja om støtte til konferansar og formidling med Norden som tema.

Ein mann står ute med ytterjakkke med Bindern i bakgrunnen

DELER UT PENGAR: Tore Rem er direktør for UiO:Norden og no deler han ut pengar til alle fagmiljø som tenkjer tverrfagleg og er opptatt av Norden. Pengane er øyremerkte til konferansar og formidling om Norden.

Foto: Ola Gamst Sæther

UiO:Norden er ei av dei tre store forskingssatsingane på Universitetet i Oslo. Dei to andre er UiO: Livsvitskap og UiO: Energi. I dag er 200 forskarar knytte til UiO: Norden og 130 av dei har arbeidsplassen sin på Universitetet i Oslo.

UiO: Norden:

-blei vedtatt som satsing av universitetsstyret i 2015 og starta opp i 2016

-budsjettramma til satsinga er på 80 millionar kroner fordelt på åtte år.

-satsinga er ei av tre hovudsatsingar på forsking ved UiO. Dei to andre er UiO:Livsvitskap og UiO: Energi.

-UiO:Norden skal halda på ut 2022.

-Tore Rem har vore direktør sidan august 2019. HF er vertsfakultet.

(Kjelde: UiO: Norden)

– Fram til no er det sett i gang åtte store forskingsprosjekt, men om kort tid vil me kunngjera tre heilt nye forskingsprosjekt innanfor ramma til UiO: Norden. Det opplyser direktør Tore Rem til Uniforum.

Dei som tenkjer tverrfagleg om Norden kan få pengar

Sidan han starta i jobben i august, har han vore oppteken med å få gjort forskingssatsinga endå meir synleg både innanfor og utanfor Universitetet i Oslo. Nettt no vil dei gjerne ha inn søknader på pengar som er øyremerkte til seminar, konferansar, og formidling som har Norden som tema.

– For oss er det viktig å få inn søknader om prosjektidear frå heile universitetet. Eg er opptatt av at me skal vera til for alle som tenkjer tverrfagleg og er opptatt av Norden, ikkje berre dei som har fått midlar til store prosjekt, seier Tore Rem til Uniforum. Saman med han i administrasjonen i P.A. Munchs hus på Blindern sit det ein adminstrativ leiar, ein halv kommunikasjjonsmedarbeidar og ein vitskapleg assistent i 30 prosent stilling.

Dette er forskingsprosjekta til UiO: Norden:

Nordic Welfare Developments

Nordic Branding

Living the NordicModel

Fremtidsrettede bærekraftige nordiske forretningsmodeller

Nordic hospitalities in context of migration and refugee crisis (NORDHOST)

Den nordiske utdanningsmodellen (NordEd)

Offentlighet og ytringsfrihet ii Norden 1815-1900

Renewing the Nordic Model (REN)

(Kjelde: UiO: Norden)

Forskingsprosjekta som ligg under paraplyen til UiO: Norden spenner frå den nordiske velferdsmodellen til den nordiske forretningsmodellen, og frå den offentleg sfæra i Norden til nordisk likestilling og feminisme.

– Nasjonalbiblioteket og UD viser interesse for Norden-forskinga

Sjølv opplever Tore Rem at det er stor interesse for tema som har å gjera med Norden.

 – Eg får invitasjonar til å fortelja om det som me held på med både frå Nasjonalbiblioteket og Utanriksdepartementet. Og frå 6. til 7. november i år skal me ha ein konferanse om den nordiske modellen ved Boston University i USA.

– Det er tlsynelatande heilt tilfeldig at det skjer om lag samtidig med det amerikanske presidentvalet.

Startar UiO:Norden-samtalen på Litteraturhuset

Også i Oslo vil UiO: Norden markera seg meir utanfor Universitetet i Oslo. Frå februar set dei i gang den månadlege UiO: Norden-samtalen på Litteraturhuset.

– Konseptet er at ein forskar skal koma med eit utspel som har forsking på eit aktuelt tema frå Norden som utgangspunkt. Den første samtalen har fått tittelen «Flyktningekrisa. Kvar blei humaniteten av? Då kjem antropologiprofessor Thomas Hylland Eriksen med eit utspel i samband med forskingsprosjektet NORDHOST, eit prosjekt som har studert dei nordiske sivilsamfunna sine responsar på flyktningkrise og migrasjon. Då vil teologiprofessor Sturla Stålsett og tidlegare kulturredaktør Åsa Linderborg i Aftonbladet vera med i panelet. Og så skal eg leia samtalen, fortel Tore Rem.

Seinare i vår vil dei ha samtalar om lykke med Harald Eia og om Norden og fredsdiplomati I den andre av desse vil dei mellom anna ta opp kvifor Noreg eigentleg skal vera med i Tryggingsrådet til FN. Nordiske ungdomar sin skjermbruk vert tema for den siste samtalen i vår. Då vil medievitar Elisabeth Staksrud og journalist Bjørn Gabrielsen delta.

For Tore Rem er det viktig at alle delar av den nordiske samfunnsmodellen eller nordiske levemåten kjem fram i forskinga.

 – Det er eit nytt prosjekt som ser på om det er mogleg å få til ein framtidig berekraftig forretningsmodell i Norden. Andre ser på om samvirketanken i nordisk forretningsliv kan vera ein fordel i ei grøn omstilling. Nokre har studert framvoksteren av dei nordiske offentlege sfærene og kva som skil dei, fortel han.

Korleis den nordiske modellen blir brukt i merkevarebygging eller «branding» er tema for eit anna av forskingsprosjekta.

–Tar også opp blindsonene

– Det er likevel ikkje alt ved den nordiske modellen som fungerer?

–Nei, det stemmer. Derfor er det viktig å ta opp blindsonene, alt det me ikkje får like godt til, seier han.. Det viser seg likevel at det er stor interesse for den nordiske modellen i store delar av verda.

– I 2013 slo The Economist fast at «The Nordic Supermodel» burde vera til insirasjon for heile verda. Økonomiprofessorane Kalle Moene og Thori Lind har forska på kva element av den nordiske modellen det er som kan overførast til land i Latin-Amerika og Afrika.

Samarbeider med andre nordiske universitet

UiO: Norden samarbeider også nært med seks andre universitet i Norden. Det er Universitetet på Island, Århus Universitet, Copenhagen Business School, Södertörns høgskola i Stockholm og Universitetet i Helsinki.

– Saman har me ein universitetshub som me kallar for ReNEW. (Reimagining Norden in an evolving world) Før jul delte me i UiO: Norden ut ein pengesum på 700 000 kroner til seminar, konferansar og forskarmobilitet,  fortel Tore Rem.

  – Me har halvårlege utlysingar, også for open publisering, legg han til.

Om ei veke er det endå større summar som skal delast ut. Då skal styret for UiO:Norden bestemma kva tre forskningsprosjekt som får millionar i støtte dei neste tre åra.

– Det som dei har til felles er at forskingstemaet må handla om Norden og at innretninga må vera tverrfagleg. Meir kan eg ikkje seia no, smiler han lurt.

Emneord: Norden, Sverige, Danmark, Finland, Island Av Martin Toft
Publisert 16. jan. 2020 17:24 - Sist endra 24. sep. 2020 10:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere