UiO er det tredje mest nyskapande universitetet i Norden

Universitetet i Oslo er nummer 51 i Europa og nummer 3 i Norden over dei mest innovative universiteta. Det går fram av ei rangering som det britiske pressebyrået Reuters har gjort.

INNOVATIVT: UiO er det tredje mest innovative universitetet i Norden, i fylgje pressebyrået Reuters siste rangering over dei 100 mest innovative universiteta i Europa. 

Foto: Anders Lien

Noreg har to universitet inne blant Europas mest innovative eller nyskapande universitet. For nokre plassar bak Universitetet i Oslo, kjem Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

(NTNU) som nummer 56. 

I ei melding på Twitter uttrykkjer UiO-rektor Svein Stølen stor glede over at universitetet han leier plasserer seg som nummer 51 på denne rangeringa.

”godt fornøyd med at et breddeuniversitet som @UniOslo med fokus på grunnleggende forskning ligger så høyt på en liste hvor mange er teknisk-orienterte”.  

Universiteta blir målte på kor flinke dei er til å utnytta forsking til å utvikla nye teknologiar og styrkja industrien.

Belgisk universitet på topp

Det er det belgiske universitetet KU Leuven som toppar rangeringa over dei 100 mest nyskapande universiteta i Europa.  Deretter fylgjer University of Erlangen i Nürnberg i Tyskland på andreplass og Imperial College London på tredjeplass. Heile 23 av dei 100 universiteta på rangeringa ligg i Tyskland.

Danske universitet best i Norden

Det mest nyskapande universitetet i Norden er Danmarks Tekniske Universitet, medan Københavns Universitet kjem på andreplass før UiO på tredjeplass.  

Danmarks Tekniske Universitet kjem på trettandeplass i Europa samtidig som nabouniversitetet Københavns Universitet plasserer seg som nummer 35.  Ingen svenske eller finske universitet gjer det så godt som dei to norske universiteta.  NTNU er den einaste nykomaren blant dei 100 mest innovative universiteta i Europa, skriv pressebyrået Reuters.

Les heile lista over Europas 100 mest innovative universitet: 

Dette er dei beste:i Europa og i Norden:

1. KU Leuven, Belgia

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 15. mai 2019 00:33 - Sist endret 15. mai 2019 01:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere