Karolinska Institutet best og UiO på sjuandeplass i Norden

Universitetet i Oslo kjem på 131.-plass i verda og på sjuandeplass i Norden i rangeringa til Times Higher Education for 2020. Karolinska Institutet er på topp i Norden og Oxford i verda.

SJU I NORDEN: Universitetet i Oslo er nummer sju i Norden og nummer 131 i verda på Times Higher Education si rangering over verdas beste universitet.

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo må denne gongen sjå seg slått av både Karolinska Institutet, Helsingfors universitet, Københavns Universitet, Lunds universitet, Uppsala universitet og Aarhus Universitet på den årlege universitetsrangeringa til Times Higher Education. Det vil seia at UiO ramlar ti plassar ned samanlikna med fjorårets måling.

131.-plassen i verda er likevel det nest beste resultatet UiO har hatt mellom 2010 og 2019, får Uniforum opplyst frå UiO sentralt. I Europa siglar UiO inn som nummer 49.

– Nøgde

Rektor Svein Stølen er tilfreds med plasseringa til Universitetet i Oslo.

– Me er nøgde med å framleis liggja høgt på Times Higher Education, som er ei av dei rangeringane som har best ord på seg. Samtidig er marginane små i slike rangeringar, og ei endring på ti plassar opp eller ned fortel oss lite om kvaliteten på arbeidet som vert gjort ved den enkelte institusjonen. For UiO er det viktige at me leverer på forsking og utdanning, understrekar Svein Stølen overfor Uniforum.

I ein gjennomgang UiO har gjort av dei ulike tala i rangeringa, viser det seg at det altså er svært små endringar på hovudindikatorane som er utdanning, forsking, siteringar og inntekter frå næringslivet. Der har det vore ein nedgang på 0,2 på utdanning, 0,4 på forsking og 1,2 på siteringar. Når det gjeld indikatoren internasjonalt mangfald aukar skåren med 2,2 prosent. Oversynet viser også at dei universiteta som tradisjonelt har lege på plassane rundt UiO, alle har gått ørlite opp sidan den førre rangeringa. Verken NTNU i Trondheim eller Universitetet i Bergen er med på lista over dei 200 beste universiteta i verda.

Fremst i Norden

Med 41.plassen sin går Karolinska Institutet ned ein plass samanlikna med fjorårets rangering. Det kjem på ellevteplass i Europa og  ligg milevis framfor det nest beste nordiske universitetet, som er Helsingfors universitet på 96. plass. Karolinska Institutets rektor, Ole Petter Ottersen, var tidlegare rektor i åtte år ved UiO.

Han forklarar gjerne kvifor Karolinska Institutet gjer det så bra år etter år.

– I utgangspunktet kan eg kanskje skildra det som ein positiv spiral. KI har over mange år bygd  opp ei verksemd  av høg kvalitet som igjen tiltrekkjer seg gode tilsette  og høgt motiverte og talentfulle studentar. Både utdanning og forskning held  ei veldig høg klasse sjølv i ei internasjonal samanlikning.  seier Ole Petter Ottersen til Uniforum

Han viser også til at søkepresset på kursa til KI i mange tilfeller er veldig høgt, og han peikar på at dei siste tala syner til dømes at KIs medisinprogram ligg høgast blant Sveriges medisinprogram når det gjeld talet på  førstehandssøkjarar. 

Ole Petter Ottersen drar også fram plasseringa til Karolinska Institutet på ei anna universitetsrangering.

– Shanghai-rangeringa som kom for nokre veker sidan, plasserte KI på "all time high":  I løpet av dei 17 åra denne målinga har blitt gjort, har me  aldri vore så høgt oppe som i år, på 38. plass i den vekta rangeringa. Når Brexit skjer, vil KI vera på 3. plass i EU på denne rangeringa, trur han.

BEST I NORDEN: Rektor Ole Petter Ottersen har grunn til å gleda seg over at Karolinska Insittutet er best i Norden, nummer 11 i Europa og nummer 41 på Times Higher Education si rangering over verdas beste universitet. (Foto: Ola Sæther)

Ottersen legg heller ikkje skjul på at Karolinska Institutet har eit godt ord på seg internasjonalt.

– Nobelprisen i fysiologi eller medisin bidrar sjølvsagt positivt til KIs omdømme. Og så har me over dei siste åra investert mykje i moderne infrastruktur og nye bygningar.. 60 % av våre tilsette  flytta inn i nye bygninar i löpet av 2018.  

– Inspirerande

– Korleis reagerer du som rektor på plasseringane til Karolinska Institutet?

– Det er inspirerande å få lov til å arbeida på eit universitet som har ein så sterk internasjonal profil. Og det er inspirerande for alle som arbeider og studerer her. Samtidig må me ha ein sunn og sterk skepsis til metodikken bak slike rangeringar. Det er jo eigentleg ei heilt umogleg øving å tvinga ein så kompleks aktivitet som eit universitet driv, inn i ein lineær skala, understrekar han.

– Har du nokre gode råd til andre nordiske universitet om lva dei må gjera for å bli betre?
 

– Eg skal vera forsiktig med å gi råd til andre. Det viktigaste er jo å leggja forholda til rette for den frie forskinga og å kopla  denne til undervisning av høg kvalitet, seier Ole Petter Ottersen til Uniforum.  

Europa tar to av tre pallplassar

Europa har to universitet inne på dei tre pallplassane for verdas beste universitet. University of Oxford tar førsteplassen for fjerde gong på rad , medan den næraste naboen ,University of Cambridge kjem på tredjeplass. I mellom dei to kiler California Technical University (Caltech) seg inn på ein sølvplass.

Prestisjeuniversiteta Stanford og Harvard hamnar på fjerde- og sjuandeplass på verdsrangeringa denne gongen. I mellom dei to plasserer Massachusetts Instiitute of Technology (MiT) seg som nummer fem og Princeton som nummer seks. Sidan Imperial College London vert nummer 10, er det tre britiske universitet mellom verdas ti beste. Det beste universitetet utanfor den angloamerikanske verda, er ETH Zürich i Sveits som no blir rekna som nummer 14 av verdas beste universitet.

University of Oxford er best i verda og sjølvsagt i Europa. Dei fire øvste er alle britiske, medan altså sveitsiske ETH tar femteplassen i Europa.  For Norden er det gledeleg å leggja merke til at Karolinska Institutet altså kaprar ellevteplassen i Europa.  Det nest beste nordiske er Helsingfors universitet i Finland som kjem på 96. plass i verda. Københavns Universitet, Lunds universitet , Uppsala universitet og Aarhus Universitet ligg alle mellom nummer 100 og 110 av dei beste universiteta i verda. Københavns Universitet klatrar frå 118.-plass til 101.plass, medan Uppsala universitet ramlar frå ein 87.-plass i fjor til å enda som nummer 102 denne gongen. Det beste tyske universitet er LMU Munich som er nummer 32 i verda. Det gir det likevel berre ein andreplass i den tyskspråklege verda, sidan sveitsiske ETH i tysktalande Zürich gjer det aller best.

Økonomisk ustabilitet og politisk isolasjonisme gir dårlegare resultat

Phil Baty, som er mediekontakt i Times Higher Education for verdsrangeringa av universiteta, forklarar kvifor dei europeiske universiteta gjer det dårlegare enn før.

– Europa har store utfordringar når det gjeld resultata dei får I høgare utdanning globalt. Auka internasjonal konkurranse er heilt klart eit av dei største hindra, men også faktorar som økonomisk ustabilitet og auka tendensar til politisk isolasjonisme på kontinentet trugar med å underminera ein stor del av det framifrå arbeidet europeiske universitet har gjennomført, poengterer Phil Baty i ei pressemelding.

- Generøse investeringar i forsking

Han prøver også å gi eit svar på kvifor dei aller beste universiteta gjer det så bra.

– Dei beste universiteta i verda er i stand til å trekkja til seg leiande akademikarar ved å tilby generøse investeringar i forsking og eit miljø som er ope for personar frå alle delar av livet. Dette er kvalitetar som må takast vare på ved europeiske institusjonar og samfunn dersom kontinentet skal halda fram med å gjera det godt på framtidige universitetsrangeringar, meiner han.

Kina toppar for første gong Asia-lista

I Asia deler for første gong i historia to kinesiske universitet dei to topplassane. Det er Tsinghua University og Peking University. Dei tok dermed innersvingen på National University of Singapore som var best førre gong. Hong Kong University kjem på fjerdeplass medan det beste japanske The University of Tokyo tar femteplassen. Dei to beste asiatiske universiteta kjem også høgd opp på verdsrangeringa, og kjem på 23.- og 24.plass.

Phil Baty er ikkje overraska.

– Det har lenge vore klart at dei stadig meir veksande landa i Asia kjem til å spela ei endå mektigare rolle mellom den globale eliten av dei som tilbyr høgare utdanning. Det må også understrekast at dei tradisjonelle angloamerikanske kraftsentra ikkje lett vil koma til å bli danka ut av topplassane på denne universitetsrangeringa, uttrykkjer Phil Baty i pressemeldinga.

I Oceania gjer Australian National University og University of Sydney det best. Ti-på-topp-lista er fullstendig dominert av dei australske universiteta.

I Afrika er det sørafrikanske University of Cape Town som toppar lista. Det er nummer 136 i verda.

Latin-Amerika har ingen universitet inne på lista over verdas 200 beste.

Times Higher Education si verdsrangering omfattar 1300 universitet i 92 land.

Ti på topp i verda:

1.University of Oxford

2.Californica Technical University (Caltech)

3. University of Cambridge

4. Stanford University

5. Massachusetts Institute of Technology (MiT)

6. Princeton University

7. Harvard University

8. Yale University

9. University of Chicago

10. Imperial College London

 

Fem på topp i Europa:

1.University of Oxford

2.University of Cambridge

3.Imperial College London

4. ETH-Zürich

5. University College London

Sju på topp i Norden:

1.Karolinska Institutet

2. Helsinfors universitet

3. Københavns Universitet

4. Lunds universitet

5.Uppsala universitet

6. Aarhus Universitet

7.Universitetet i Oslo

Les heile rangeringa til Times Higher Education over verdas beste universitet

 

 

 

Emneord: Rangeringer, Internasjonalisering, Sverige, Storbritannia, USA, Kina Av Martin Toft
Publisert 11. sep. 2019 20:00 - Sist endra 11. sep. 2019 23:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere