UiO er mellom dei 15 mest synlege europeiske universiteta på nett

Universitetet i Oslo tar plass nummer 15 over dei mest synlege universiteta på nett i Europa. Det hamnar dermed godt innanfor meisterligaen av europeiske universitet på rangeringa til spanske Webometrics.

Biletet syner Niels Treschows hus og dei andre HF-bygningane på Blindern

NUMMER 15: Universitetet i Oslo er nummer 15 i Europa og på tredjeplass i Norden over dei mest synlege universiteta på nett. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo kjem på 15.-plass i Europa på statisitikkbyrået Webometrics’ andre universtetsrangering for 2019. Det er tre plassar betre enn den førre rangeringa som blei publisert i februar. På verdsrangeringa endar UiO på 93.-plass., også to plassar opp samanlikna med førre måling.

• Les meir i Uniforum:

UiO på bronseplass i Norden over dei mest synlege universiteta på nett

Fakta om Webometrics:

Webometrics blei starta opp i 2004, etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab.

Gruppa er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).

I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.

Vekting av indikatorar:

Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 5 prosent.

Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.

Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 10 prosent.

Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 35 prosent.

(Kjelder: Uniforum, Webometrics og Universitetsavisa)

Best I Noreg:

1. Universitetet i Oslo

2. NTNU

3. Universitetet I Bergen

4. Universitetet i Tromsø

5. Universitetet I Agder

6. NMBU

7. Universitetet I Stavanger

8. OsloMet

Best i Europa:

  1. University of Oxford
  2. University of Cambridge
  3. University College London
  4. ETH Zürich/Swiss Federal Institute of Technology I Zürich
  5. University of Edinburgh

Best i verda:

1. Harvard University

2. Stanford University

3. Massachusetts Institute of Technology

(Kjelder: Webometrics og Uniforum)

 

Nummer tre  i Norden

 I Norden må UiO sjå seg slått av både Københavns Universitet som plasserer seg som nummer 10 i Europa og Universitetet i Helsinki som inntar 13.-plassen, to plassar over UiO. Trøysta må vera at UiO slår dei beste svenske universiteta. Uppsala universitet finn me som nummer 21 medan Lunds universitet tar plass nummer 25. Karolinska Institutet ligg på 43.-plass, og slår dermed dei nest beste norske universiteta.

– Hyggeleg

UiO-rektor Svein Stølen er glad for resultatet:

–Det er alltid hyggeleg når UiO gjer det bra på rangeringar. UiO har hatt både 1. og 2. plassen i Norden på denne rangeringa dei siste åra og det viser at me gjer det godt over tid, og at me  klarer oss godt samanlikna med andre universitet i Norden og Europa, seier han i ein kommentar til Uniforum.

– Med atterhald om metodeproblema  ved slike rangeringar, og at eg ikkje har analysert resultata, er plasseringa på Webometrics eit uttrykk for at me lykkast med eitt av våre viktige mål, nemleg at kunnskap frå UiO i endå større grad når folk der ute og blir tatt i bruk. Så all honnør til alle som jobbar med utvikling av og innhaldsproduksjon til alle nettsidene våre, rosar Svein Stølen.

Plasseringar for sju norske universitet

For av dei andre norske universiteta er det NTNU i Trondheim og Universitetet i Bergen som gjer det best. NTNU kjem på 53.-plass og UiB på 56.-plass i Europa. Denne gongen kjem Universitetet i Tromsø som nummer 228. Universitetet i Agder og NMBU på Ås ligg høvesvis som nummer 430 og 443 mellom dei beste universiteta i Europa. Universitetet i Stavanger endar som nummer 453, medan OsloMet på denne rangeringa kjem inn som nummer 532.

Oxford best i Europa, Harvard best i verda

I Europa er det University of Oxford som tronar høgast, tett fylgt av University of Cambridge og University College London. På fjerdeplass kjem ETH Zürich i Sveits, som har ein lang tradisjon i å vera det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda på dei ulike universitetsrangeringane.

Og på topp av alle verdas universitet ligg ikkje særleg overraskande, Harvard University i USA, fylgt av Stanford University og Massachussets Institute of Technology (MiT) på sølv-og bronseplass. Det beste ikkje-amerikanske universitetet er University of Oxford på sjuandeplass.

Kina best i Asia, Brasil i Latin-Amerika

I Asia er det nok ein gong Tsinghua University i Kina som gjer det best. På dei neste plassane fylgjer University of Hong Kong og National University of Singapore. På femteplass kjem

University of Tokyo, som tidlegare har toppa Asia-rangeringa. Denne gongen blir det også slått av Peking University.

I Latin-Amerika er det Universitetet i Sao Paolo i Brasil som tar førsteplassen medan Nasjonaluniversitetet i Mexico tar andreplassen før Det føderale universitetet i Rio de Janeiro på tredjeplass.

Sør-Afrika tar storeslem

I Afrika dominerer framleis universiteta frå Sør-Afrika. Dei tar dei fire første plassane, og med University of Cape Town på topplassen. Det er berre University of Cairo på femteplass som klarer å kila seg mellom åtte sør-afrikanske universitet.

Samlar inn data frå 28 000 universitet

Webometrics opplyser at dei har gått gjennom over 28 000 høgare utdanningsinstitusjonar

over heile verda. Alle forskingsdata blei samla inn dei første vekene i juli i år. Dei peikar på at dersom ein institusjon skårar mindre enn det den hadde rekna med på grunnlag av den akademiske prestisjen den har, bør universitetsleiinga gå gjennom weben sin på nytt og sjå på i kor stor grad den har open tilgang og ein gjennomsiktig politikk, noko som kan auka både mengda og kvaliteten på dei elektroniske publikasjonane til institusjonen, skriv statistikkbyrået.

Metodologien bak målinga

Webometrics er altså ein del av det spanske forskingsrådet, og det måler i hovudsak kor synleg og tilgjengeleg eit universitet er på nett. Då handlar det både om nettsider, forskingsartiklar og anna materiell som universiteta gir ut.

Kor synleg ein institusjon er på nett utgjer 50 prosent av det endelege resultatet. Det som tel nest mest er kor mange vitskaplege artiklar institusjonen har mellom dei 10 prosent mest siterte forskingsartiklane i 26 ulike fag i perioden 2012–2016. Det utgjer 35 prosent av den samla poengsummen. Talet på siteringar frå dei beste forskarane tilgjengelege på nett, utgjer 10 prosent, medan det samla talet på nettsider med felles nettadresse bidrar med 5 prosent av den samla karakteren institusjonen får på målinga til Webometrics.

Les heile rangeringa til Webometrics:

Best i verda

Best i Europa

Best i Asia

Best i Latin-Amerika

Best i Afrika

(Oppdatert klokka 13:40 med kommentar frå UiO-rektor Svein Stølen)

 

 

 

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 5. aug. 2019 12:40 - Sist endra 5. aug. 2019 13:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere