Noreg har to universitet med blant verdas 200 beste

For første gong sidan 2016 har Noreg med to universitet mellom dei 200 beste i verda. UiO kjem på 121.–plass og UiB endar som nummer 197 på rangeringa til Times Higher Education som blei publisert i dag.

OPP 25 PLASSAR: Universitetet i Oslo klatrar opp 25 plassar og kjem på 121.-plass på Times Higher Education rangering over verdas beste universitet. Universitetet i Bergen hamnar som nummer 197.

Foto: Ola Sæther

Rangeringa til Times Higher Education (THE) ber namnet World University Rankings,og er den mest prestisjetunge rangeringa av alle dei internasjonale universitetsrangeringane. I 2019-utgåva legg dei to britiske universiteta; University of Oxford og University of Cambridge beslag på dei to øvste plassane, medan amerikanske Stanford University tar bronseplassen. For første gong er også eit kinesisk universitet mellom dei 25 beste i verda. Det gjeld Tsinghua University som plasserer seg som nummer 22.

Beste UiO-plassering sidan 2011

Det er nettopp i denne universitetsrangeringa Universitetet i Oslo vert kalla for Noregs flaggskip, og  det er blitt lagt merke til at UiO har klatra 25 plassar og opp til plasseringa som nummer 121 mellom verdas 200 beste universitet.  Det er den beste plasseringa UiO har fått, sidan Times Higher Education  innførte ein ny metodologi i 2011. Redaktør Ellie Bothwell i THE’s Global Rankings gir overfor Uniforum uttrykk for at ho er imponert.

– Grunnen til at Universitetet i Oslo klatrar opp heile 25 plassar har å gjera med forbetringar i læringsmiljøet, forsking, (mengd, inntekter og omdømme) og verdien av siteringar, konstaterer ho.

 • Les meir i Uniforum: UiO fell på verdsrangeringa, men held stillinga i Noreg

– Glade

UiO-rektor Svein Stølen er godt nøgd med plasseringa til universitetet han leier.

– Me  er glade for at me har hatt ei positiv utvikling og vert rangerte blant dei beste lærestadene i verda. Som eg skreiv på twitter i går, det er berre å takka alle på UiO som kvar dag jobbar for at universitetet skal bli betre, uttalar han til Uniforum.

– Dei siste åra har også mange fagevalueringar blitt utførte av internasjonale fagekspertar, i regi av Noregs forskingsråd. Desse stadfestar også det store biletet, nemleg at UiO er eit sterkt forskingsuniversitet internasjonalt, understrekar Svein Stølen. Han synest likevel det er viktig å peika på at det finst veikskapar ved rangeringar.

– Me tar likevel alltid slike rangeringar med ei klype salt. Det er veikskapar ved metodane, men til saman dannar rangeringane likevel et bilete av kvar UiO ligg i landskapet, seier UiO-rektoren. 

– Høgare siteringsverdi for UiB

Bothwell har også notert seg framgangen til Universitetet i Bergen.

– Universitetet i Bergen er også tilbake på topp 200-lista, i hovudsak som ein konsekvens av høgare verdi på siteringane, men det skuldast også at dei skårar høgare på område som inntekter frå næringslivet og å sjå ting med eit internasjonalt perspektiv, forklarar ho.

Derimot synest ho resultatet til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) er skuffande.

– NTNU har falle ned to hovudgrupper slik at det no endar på ei plassering mellom 351-400. Det skuldast nedgang i resultata både i undervisning, forsking, kunnskapsoverføring og internasjonalt perspektiv, fortel ho.

Også Noreg miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU )ramlar nedover på denne rankinga.

– Det ligg no på gruppa som plasserer seg mellom 501 og 600. Grunnen til det er den auka global konkurransen i denne rangeringa, fortel Ellie Bothwell.  Ho trekkjer fram at medan det var 1100 universitet som blei vurderte på denne rangeringa i fjor, er det over 1 250 universitet med på lista over verdas beste universitet i 2018.

Brexit kan få negative fylgjer for høgare utdanning

Etter hennar meining vil høgare utdanning både i Noreg og i andre europeisk land truleg lida på grunn av at Storbritannia kjem til å gå ut av EU (Brexit). Ho er viss på at Noreg ikkje vil vera noko unntak.

– Ein fersk studie frå the Centre for Global Higher Education fann at Storbritannia er Noregs nest viktigaste samarbeidspartnar i Horisont 2020, rett etter Tyskland. Forskarar, lovgjevarar og universitetsleiarar i Noreg fryktar at universiteta i Storbritannia kan bli ekskluderte frå rammeprogramma, dermed vil samarbeid bli ytterlegare vanskeleggjort.

 – Alt er avhengig av akademisk fridom

– Bør ikkje full akademisk fridom vera ein indikator for å vurdera kvaliteten på verdas beste universitet?

– Når det gjeld akademisk fridom, så er ikkje det nokon bestemt indikator i rangeringane, men universiteta sin kapasitet til å rekruttera toppstudentar og tilsette gir institusjonen høgare inntekter frå forsking, motivasjon til å dyrka fram eit effektivt undervisnings- og forskingsmiljø, og alt det er avhengig av akademisk fridom og institusjonell autonomi, understrekar Ellie Bothwell overfor Uniforum.

Karolinska på topp i Norden

Medan Karolinska Institutet dei siste åra har markert seg mest i media med forskingssvindelen til superkirurgen Macchiarini, kan dei som held til på dette medisinske universitetet gleda seg over at Karolinska Institutet hamnar på plass nummer 40 blant verdas beste universitet. Det gir Karolinska Institutet sjølvsagt også ein klar førsteplass blant dei nordiske universiteta. Saman med Uppsala universitet og Lunds universitet inntar Karolinska Institutet alle pallplassane i den nordiske meisterligaen.  Helsingfors universitet kjem på fjerdeplass, medan Københavns Universitet hamnar på femteplass. Universitetet i Oslo tar sjetteplassen, tett fylgd av Aarhus Universitet.

Metodologien

Ifylgje Times Higher Education er deira rangering over verdas beste universitet som vurderer alle dei forskingsintensive universiteta på kjerneoppgåvene deira. Det handlar om undervisning, forsking, kunnskapsoverføring og internasjonalt perspektiv.  Rangeringa brukar 13 indikatorar for å få til dei mest omfattande og balanserte samanlikningane. Dette er indikatorar som både studentar, akademikarar, universitetsleiarar, næringsliv og regjeringar har tillit til, går det fram at nettsidene til Times Higher Education. Nytt av året er at revisjonsselskapet PricewaterhouseCoopers har kontrollert og sjekka alle opplysningar i rangeringa.

Les meir om metodologien til  THE World University Rankings

 

Verdas beste universitet 2019:

1. University of Oxford

2.University of Cambridge

3. Stanford University

Les heile lista over verdas beste universitet

Europas beste universitet 2019:

1. University of Oxford

2. University of Cambridge

3. Imperial College

4. ETH Zürich

Nordens beste universitet 2019:

1. Karolinska institutet

2. Uppsala universitet

3. Lunds universitet

4. Helsingfors universitet

5. Københavns Universitet

6. Universitetet i Oslo

7. Aarhus Universitet

Noregs beste universitet 2019:

1. Universitetet i Oslo

2. Universitetet i Bergen

3. NTNU

4. Universitetet i Tromsø (UiT)

5. NMBU

(Kjelde: THE World University Rankings)

(Oppdatert  27. september kllokka 11:22 med kommentar frå UiO-rektor Svein Stølen)

Emneord: Rangeringer, Internasjonalisering, Storbritannia, USA, Kina, Norden Av Martin Toft
Publisert 26. sep. 2018 16:34 - Sist endret 27. sep. 2018 11:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere