Rekordmange søkjer om forskingspengar frå UiO:Norden
17 forskingsprosjekt har søkt om å få støtte frå ein pott på ti millionar kroner som UiO:Norden deler ut seinare i haust.

UTLØYSER NYFIKNA: – Det beste me kan seia om koronapandemien, er at den utløyser nyfikna og kreativiteten til forskarane. Og det synest heilt opplagt i søknadsbunken, registrerer Tore Rem, direktør for UiO:Norden.
Det er stor interesse for å forska på tema om Norden. No har forskingssatsinga UiO: Norden lagt ut den siste utlysinga si. Den har ei maksramme på to millionar til kvart prosjekt, og forskingssatsinga kan dela ut pengar til fem prosjekt. Og responsen har vore stor. Det kan direktør Tore Rem stadfesta.
– Denne gongen slo me alle rekordar når det gjeld talet på søknader. Det er 17 prosjekt som har søkt. Det morosame er jo at det er eit utruleg vidt spenn i tematikk, tykkjer han.
UiO: Norden:
- blei vedtatt som satsing av universitetsstyret i 2015 og starta opp i 2016
- budsjettramma til satsinga er på 80 millionar kroner fordelt på åtte år.
- satsinga er ei av tre hovudsatsingar på forsking ved UiO. Dei to andre er UiO:Livsvitskap og UiO: Energi.
- UiO:Norden skal halda på ut 2022.
- Tore Rem har vore direktør sidan august 2019. HF er vertsfakultet.
- Skal dela ut 10 nye millionar til forskingsprosjekt om Norden
(Kjelde: UiO: Norden)
Ikkje krav om eigenfinansiering
Til skilnad frå tidlegare er det ikkje lenger krav om eigenfinansiering. For tidlegare var det langt færre som søkte om prosjektstøtte frå UiO: Norden.
– Eg er heilt sikker på at grunnen var kravet om eigenfinansiering. Dei hadde problem med å finna pengar som kunne utløysa potten frå UiO: Norden. No er ikkje det problemet der lenger, og då er det fleire som har moglegheita, slår han fast.
– Dette har forløyst kreativitet og søknadsvilje mange stader. Når me ser på ambisjonane til dei tverrfaglege forskingssatsingane, er det ei glede for meg å sjå på at dette openbart stimulerer til tverrfagleg forsking som elles ikkje ville funne stad. Det er det eg noterer meg når eg førebels har sett gjennom søknadene, før dei går ut til «referees», konstaterer Tore Rem.
Frå covid til antirasisme
Og han trekkjer gjerne fram kva ulike tema det er kome inn søknader om å få forska på innanfor den samla tildelinga på ti millionar kroner.
– Det er nokre eksisterande UiO: Norden-prosjekt som søkjer om ei utviding eller forsterking på nokre område. Det ligg i kriteria at dei då må vera originale og representera ei genuin utvikling av prosjektet, fortel Tore Rem.
– Men dei aller fleste er heilt nye og originale prosjekt. Dei spenner frå fleire prosjekt med covidrelatert forsking til nordisk esoterisme (religiøs lære for ein indre krins/Red.merknad), til den lutherske presteskikkelsen og til studiar av korleis Norden blei samla i museumssamanheng, altså kulturhistorisk. Det finst også prosjekt som handlar om nordområda og det samiske. Det nordiske synet på naturen og korleis det oppstod i romantikken, er eit anna prosjekt. Dessutan er det også eit prosjekt som handlar om antirasisme i skandinavisk litteratur. Nordisk ekspertise og helsesystem er andre tema som er med blant dei 17 forskingsprosjekta det blir søkt om støtte til, opplyser Tore Rem til Uniforum.
Utløyser nyfikna og kreativiten til forskarane
Den førre utlysinga skjedde like før koronapandemien braut ut. Og Tore Rem ser at den ekstraordinære tida me lever i har sett preg på fleire av søknadene.
– Det er tydeleg at det har noko med interessefeltet å gjera. Det beste me kan seia om koronapandemien, er at den utløyser nyfikna og kreativiteten til forskarane. Det er verdt å merka seg. Og det synest heilt opplagt i søknadsbunken, registrerer Tore Rem.
Eigaren til prosjektet må vera frå UiO. Og oppteljinga til Tore Rem viser at sju av åtte fakultet på UiO har sendt inn prosjektsøknader. Også nokre senter er representerte.
Om to månader vert det avgjort kva fem prosjekt som får pengane frå den samla potten på ti millionar kroner.
– Det blir endeleg vedtatt i styremøtet vårt den 26. november, seier Tore Rem.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere