No skal makta til nordiske koronaekspertar under forskarlupa

Makta til dagens koronaekspertar, kjønn og mangfald i nordisk førhistorie og suvenirar turistar tok med frå Norden på 1800-talet. Det er tema for nokre av prosjekta som har fått 10 millionar kroner frå UiO:Norden.

Ei kvinne og tre menn deltar på ei pressekonferanse

VARSLA STENGING: Statsminister Stefan Løfven varsla stenging av universitet og vidaregåande skular den 17.mars i år. Her står han saman med høgare utdannings- og  forskingsminister Matilda Ernkrans (lengst til venstre),utdanningsminister Anna Ekström og generaldirektør i det svenske Helsedirektoratet (Folkhälsmyndigheten), Johan Carlson.  (Arkivfoto)

Foto: Fotografi frå SVT

Det var tidlegare i haust UiO:Norden lyste ut 10 millionar kroner til forskingsprosjekt som skulle handla om Norden. Til saman kom det inn 17 søknader, langt fleire enn det UiO:Norden-direktør Tore Rem hadde rekna med.

• Les i Uniforum: Rekordmange søkjer om forskingspengar frå UiO: Norden

Rett før helga bestemte styret for UiO:Norden kva prosjekt som skulle få desse pengane. Dei enda opp med prosjekta “Experts in Nordic Policy-making – increasingly powerful?", “Gendering the Nordic Past” og “Collecting Norden”. Samtidig får det eksisterande prosjektet “Tvisyn i nordisk natur” leia av teologiprofessor Marius Timman Mjaaland, halda fram med ei ny tildeling frå UiO:Norden.  

UiO: Norden:

- blei vedtatt som satsing av universitetsstyret i 2015 og starta opp i 2016

- budsjettramma til satsinga er på 80 millionar kroner fordelt på åtte år.

- satsinga er ei av tre hovudsatsingar på forsking ved UiO. Dei to andre er UiO:Livsvitskap og UiO: Energi.

- UiO:Norden skal halda på ut 2022.

- Tore Rem har vore direktør sidan august 2019. HF er vertsfakultet.

- Delte nyleg ut 10 nye millionar til forskingsprosjekt om Norden

(Kjelde: UiO: Norden)

– Hard konkurranse

Direktør Tore Rem er godt nøgd med at desse prosjekta blei plukka ut.

– Det var hard konkurranse om midlane denne gongen, og fleire søknader kunne fortent støtte. Dei utvalde prosjekta framstår som nyskapande og av høg vitskapleg kvalitet. Alle har dessutan potensial til å nå ut med sine funn og innsikter. Dei tre heilt nye prosjekta utgjer i det heile tatt sterke supplement til UiO:Nordens portefølje, og eg er også glad for at eitt av våre pågåande prosjekt, "Nordiske reaksjoner på klimakrisen", har fått høve til å forsterka verksemda si, skriv Tore Rem i ein epost til Uniforum.

Ekspertkunnskap i politikken

Det er professor Cathrine Holst frå Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi og forskarkollegaen hennar ,førsteamanuensis Johan Christensen frå Leiden-universitetet i Nederland, som står i brodden for prosjektet “Experts in Nordic policy-making – increasingly powerful? Cathrine Holst er heilt klar på at pengetildelinga får mykje å seia for forskinga deira.

– Midlane gjer det mogleg for oss å finna ut meir om kva rolle ekspertkunnskap spelar i politikken, forklarar ho i ein epost til Uniforum. Ho viser til at gruppa på UiO er sett saman av sosiologar, statsvitarar, filosofar og helseforskarar. Og i tillegg har dei med seg internasjonale samarbeidspartnarar i og utanfor Norden. Cathrine Holst fortel at forskarane i fellesskap skal sjå på ekspertveldet i Norden og kor stor makt dei har.

– Me skal gjera ein studie av ekspertane sin politiske påverknad i ulike nordiske land. Kvar lyttar ein mest og minst til ekspertråd? Tar dei nordiske landa ulike vegar i møte med nye krav til «evidensbasering»?, er spørsmåla dei vil stilla, i fylgje Catrine Holst.

FORSKAR PÅ KORONAEKSPERTAR: Professor Cathrine Holst ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi har fått pengar frå UiO:Norden for å forska på koronaekspertar og annan ekspertkunnskap i Norden. (Foto: UiO) 

Ekspertgruppene under koronakrisa

Den dagsaktuelle koronasituasjonen skal dei også sjå på.

– Me skal også ta for oss alle ekspertgruppene under koronakrisa. Kva rolle spelar vitskapleg kunnskap, men også moralske og politiske vurderingar i desse gruppene sitt arbeid? Har koronaekspertane hatt meir makt i nokre nordiske land enn i andre? Mange meiner mykje om dette, men det manglar så langt systematiske, komparative studiar, konstaterer Cathrine Holst. Ho trur også forskinga kan få store ringverknader.

– Me vil bidra til teoriutvikling og bringa nordisk empiri ut i verda, men samtidig levera relevant stoff til samfunnsdebatten her heime. Me har dessutan sett av midlar til masterstipend og forskarkurs, fortel Cathrine Holst.

– Fantastisk gøy

Medan prosjektet Cathrine Holst skal leia, vil forska på ekspertveldet i Norden i notida, går prosjektet som førsteamanuensis Unn Pedersen på Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) skal leia, så langt tilbake i nordisk historie som det er mogleg å koma.

I prosjektet “Gendering the Nordic Past” skal forskarane undersøkja kjønn og mangfald i førhistorisk tid heilt frå steinalderen og fram til vikingtida.

Unn Pedersen gler seg over at dei har fått mange millionar frå UiO:Norden.

– Det er fantastisk gøy med denne tildelinga til Gendering the Nordic Past, uttrykkjer ho i ein epost til Uniforum.

Auka medvit om framstilling av kjønn og mangfald

Målet med prosjektet er ikkje noko ringare enn å gi den oppveksande slekta meir balanserte historier om kjønn og mangfald i førhistorisk tid i Norden.

KJØNN I NORDISK FØRHISTORIE: Førsteamanuensis i historie, Unn Pedersen ved IAKH, meiner prosjektet hennar er basert på eit paradoks. – Norden er verdskjent for likestilling, medan menn med makt ofte har fått ei for framskoten rolle i framstillingar av Nordens forhistorie, seier ho. (Foto: UiO) 

– Løyvinga gir oss høve til å setja i gang eit viktig forskingsprosjekt som me veit vil møta stor interesse både hos studentar og eit breitt publikum. Me vil kartleggja korleis kjønn og mangfald kjem til uttrykk i vitskaplege og populærvitskaplege framstillingar av Nordens forhistorie frå steinalder til vikingtid. Målet er auka medvit om korleis me framstiller kjønn og mangfald, for å kunna bidra med meir balanserte historier som er betre forankra i empirien og meir relevante for generasjonen som veks opp i dag, fortel Unn Pedersen.

Ho viser til at tildelinga gjer det mogleg for dei å lysa ut ei postdoktorstilling, og ho ser fram til at dei blir utfordra av ein dyktig rekrutt. Samtidig trekkjer Unn Pedersen fram at forskarlaget vil vera tverrfagleg, forankra i arkeologi og med samarbeidspartnarar frå historie, teologi, kunsthistorie, museologi, tverrfaglege kjønnsstudiar og kritiske kulturarvstudiar.

– Me har samla forskarar frå ulike fagmiljø ved UiO og frå dei andre nordiske landa, ekspertar på Nordens forhistorie og forskarar med kompetanse på andre geografiske område og periodar som kan bidra med internasjonale perspektiv og eit utan-frå-blikk. Prosjektet er inspirert av eit paradoks: Norden er verdskjent for likestilling, medan menn med makt ofte har fått ei for framskoten rolle i framstillingar av Nordens forhistorie, fortel Unn Pedersen.

Suvenirar frå Norden på 1800-talet

Det tredje prosjektet skal handla om ei litt nærare fortid. For førsteamanuensis Ulrikke Spring på IAKH og hennar forskarlag har fått ei tildeling til “Collecting Norden”. Forskingsarbeidet går ut på å sjå nærare kva suvenirar utanlandske turistar tok med seg frå Norden på 1800-talet.

– Kva folk vel å samla på og å ta med som suvenirar frå reiser, kan fortelja oss om både historiske og samtidige forhold, seier Ulrikke Spring i ein epost til Uniforum. Og ho held fram:

 – I prosjektet "Collecting Norden" undersøkjer me objekt om og frå Norden som blei samla inn på turistreiser og vitskaplege ekspedisjonar til den nordlege delen av Norden. Fokuset ligg på perioden frå midt av 1800-tallet og fram til tidleg på 1900-tallet då det nordlege blei ein sentral del av Nordens identitet og då dei fleste musea og samlingane deira blei grunnlagde. Mange av objekta finst på museum i dag, andre blei tatt med heim og har forsvunne, forklarar ho.

Forteljingar om Norden

– Me skal finna fram til forteljingar om Norden som objekta formidlar, og spørja om me vil finna alternative forteljingar om Norden i dag, særleg når me undersøkjer objekt som ikkje lenger er tatt vare på. Slike forteljingar kan berre bli synlege igjen når me går etter objekta i dei historiske kjeldene og diskuterer desse frå eit tverrfagleg og internasjonalt perspektiv, understrekar ho.

Planen er at dei skal få med både studentar og forskarar og at dei skal samarbeida med museum.

– Me skal etablera ei nettside der me skal samla, kommentera og diskutera objekt knytte til den nordlege delen av Norden, arrangera virtuelle djupkikk i samlingar, organisera workshops og lysa ut stipend for masterstudentar, listar ho opp. 

Ulrike Spring trekkjer fram at prosjektet består av ei kjernegruppe av forskarar og museumsarbeidarar. Prosjektet kjem til å vera dynamisk og sikta mot å integrera nye prosjektdeltakarar undervegs.

Tverrfagleg samarbeid mellom humaniora og naturvitskap

No gler Ulrike Spring seg til eit tverrfagleg forskingsarbeid.

– Eg har svært god erfaring med samarbeid mellom akademia og kulturinstitusjonar frå tidlegare. Dette prosjektet gir meg ein unik moglegheit til å bidra til å skapa nye kontaktflatar på tvers av universitetet og samfunnet elles. Eg gler meg serskilt mykje til samarbeidet på tvers av faga innanfor  humaniora og naturvitskap,  og på denne måten oppdaga nye fortolkingar av det nordiske, fortel Ulrike Spring.

Prosjektpengane skal vara ut 2022. Det er siste året i levetida til den seks år lange forskingssatsinga UiO:Norden.

 

Emneord: Norden, Forskning Av Martin Toft
Publisert 30. nov. 2020 16:06 - Sist endra 30. nov. 2020 16:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere