Den 1. februar fyrte rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo av startskotet for arbeidet med ein ny strategisk plan for Universitetet i Oslo. Planen fekk namnet Strategi 2030.
Ein viktig del av arbeidet var å etablera fire tankesmier som skulle drøfta både Kopling av forsking og utdanning, Digitalisering, UiO sett utanfrå og Tunge trendar. Desse skulle koma med innspel til arbeidet med strategien. Kort etter blei det bestemt at tankesmia Digitalisering ikkje skulle halda fram som ei eiga tankesmie, men omdanna til å bli eit felles spor i dei tre attverande tankesmiene.
Reagerte på samansetjinga av “Tunge trendar”
Det var først og fremst samansetjinga av tankesmia Tunge trendar, UiO-samfunnet og samfunnet utanfor reagerte på. Dit hadde SV-dekan og Høgre-medlem, Nils-Henrik von der Fehr plukka ut ein tidlegare partifelle og statsråd og fleire med sterk tilknyting til Næringslivets hovudorganisasjon. Mange både innanfor og utanfor styret meinte at den var høgrevridd og kravde endringar. Også tankesmia “ UiO sett utanfrå” fekk kritikk for ikkje å ha hatt med nokon “utanfrå” i tankesmia, men berre tilsette og studentar frå UiO.
Vanka både ris og ros
Også på sist møte i universitetsstyret 5. februar var saka oppe. Då blei universitetsstyret oppfordra til å be dekanane som leier desse tankesmiene om å gjera naudsynte endringar. Det har difor knytt seg mykje spenning til kva som er blitt gjort for å endra desse tankesmiene. Heller lite, skal me tru dei som tok ordet i debatten i universitetsstyret i dag. Men det vanka likevel både ros og ris til rektoratet då framdrifta av arbeidet med Strategi 2030 var oppe som ei orienteringssak i universitetsstyret tysdag formiddag.
Det er prorektor Gro Bjørnerud Mo som leier arbeidet med Strategi 2030. Etter at ho hadde fortalt korleis arbeidet med strategisk plan og fellesmøta var blitt godt dekka både i Uniforum og Khrono, og minna om strategiveka etter påske, blei det opna for diskusjon mellom styremedlemane.
– Kom litt skeivt ut
Først ut var representanten for dei teknisk-administrative Marianne Midthus Østby:
– Arbeidet med Strategi 2030 kom litt skeivt ut. De gjorde mykje bra for å retta det opp. Eg er litt usikker på om det er nok endringar som er gjort. Me får håpa at det ikkje er det me hugsar frå Strategi 2030, sa Midthus Østby. Ho reagerte også sterkt på at rektoratet har sett dekanane sine råd over råda frå medlemar i universitetsstyret.
– Det eg er uroa for er at rektoratet set dekagruppa sine råd over fleire av innspela fleire av styremedlemane har til saka. Det reagerer eg på. Eg er skuffa over at de ikkje har gripe inn, sa Midthus Østby. Ho viser til at rektoratet etter ein diskusjon med dekangruppa konkluderte med at dei har tillit til tankesmiene og samansetjinga av dei. – Eg meiner at det er styret som skulle ha konkludert om det er tillit, ikkje dekanmøtet, presiserer Midhus Østby overfor Uniforum.
I eit intervju med Uniforum ho peika også på kva tinginga til universitetsstyret var.
– Styret har bede om at den skal vera kortare, meir konsis og meir konkret enn den førre var, men det er jo ikkje sikkert at endringar i forma, er det som skal til for at folk les den. Strategidokument er det gjerne toppleiarar som les. Kor vidt den blir brukt er avhengig av om ein treffer godt, me har jo inga krystallkule, sa ho.
– Når de har det ansvaret har de også makt
Rektorat slapp heller ikkje unna kritikk frå ekstern styrerepresentant Idar Kreutzer:
– Når de delegerer oppgåver er det heilt greit, men de delegerer ikkje ansvaret. Det synest eg er viktig i den vidare prosessen. Når de har det ansvaret har de også makt. Berre pass på at når de delegerer desse oppgåvene, så delegerer de ikkje frå dykk høvet til å styra denne prosessen, sa Idar Kreutzer. Han kom også med ei krystallklar oppfordring til rektoratet:
– De må kommunisera megatydeleg at de har gjennomføringsansvar for denne gjennomføringsprosessen, sa han.
Men dommen frå Anne Birgitte Rønning som er representant for dei vitskaplege tilsette, var ikkje så hard som frå dei to førstnemnde.
–Tankesmiene skal koma med innspel og ikkje vera det primære. Det er bra, tykte ho. Hennar forskarkollega og medrepresentant for dei vitskaplege i styret, Olav Gjelsvik, var langt meir kritisk.
– De fekk eit oppdrag frå universitetsstyret på førre møte. No er arbeidet på eit betre spor. Signala de fekk frå UiO burde ha blitt tatt betre til fylgje av dei som leier tankesmiene. Det var masse motstand i systemet, meinte Gjelsvik.
Studentrepresentant Synthia Zaman var derimot svært nøgd.
– Det er veldig viktig at de vil få inn fleire studentstemmer, tykte ho.
Ingrid Lossius Falkum er representant for dei mellombels vitskaplege tilsette. Ho delte uroa til Marianne Midthus Østby og Olav Gjelsvik om tankesmiene.
– Eg stiller meg heilt bak kritikken frå Marianne og Olav når det gjeld samansetjinga av tankesmiene. No er det viktig at me er konkrete og ser framover, sa ho.
– Stort engasjement
Ekstern representant Anne Marie Engel gav honnør til rektoratet for at dei hadde klart å skapa masse merksemd rundt prosessen med Strategi 2030.
– Det er svært imponerande at det er eit så stort engasjement i denne prosessen. Det skal me vera glade for, meinte ho.
Gro Bjørnerud Mo leier arbeidet med Strategi 2030, og ho avslutta diskusjonen med å peika på at dei også vil ta imot innspel som gjeld organiseringa av UiO.
– No vil me ta fram dei punkta me har diskutert. Livslang læring er også komen høgt oppe på agendaen. Det er fint, syntest ho.
Til slutt minna ho og Svein Stølen om heile prosessen for arbeidet med strategien før den skal vedtakast endeleg i desember 2019. Dei såg også fram til strategiveka rett etter påske.
Les meir om Strategi 2030 i Uniforum:
Bare seks personer har levert innspill til Strategi 2030
Kristin Braa: UiO kan læra av det globale sør
More collaboration and less competition
Studentar og forskarar vil ha berekraft og klima inn som tung trend
Svein Stølen og Gro Bjørnerud Mo tar kritikken på alvor og endrar arbeidet med Strategi 2030
Gro Mo: Vil drøfte strategien med fagorganisasjonene
NTL-leiar støttar kritikken om mangel på medverknad på UiO
Sterk kritikk av Tunge trender i universitetsstyret
Kom med innspill til et bredddeuniversitet i eliteklassen!
Strategi 2030: Hva slags elitistisk opplegg er dette?
Alle må med, også samfunnsaktørar utanfor næringslivet
Hvordan ruster vi UiO for fremtiden?
Oppfordar alle til å vera med på å forma framtidas UiO
Les også nettsidene til Strategi 2030
.
Logg inn for å kommentere