Stor siger for eit lite folk

Folket frå Diego Garcia kan venda tilbake til øya som i dag er ein av USAs viktigaste flybasar. Det har Den britiske høgsteretten avgjort. - No er eg kjempeglad, seier Jhingoor Baptiste, som er talsmann for eksilregjeringa til øyfolket og som i mange år har arbeidd ved Universitetet i Oslo.

Talsmann Jhingoor Baptiste er svært glad for at Den britiske høgsteretten gav folket frå Diego Garcia rett til å venda tilbake til landet sitt.
Foto: Ståle Skogstad

Etter nærare 30 års kamp mot den tidlegare koloniherren Storbritannia fekk dei til slutt medhald i Den britiske høgsteretten. Ei av eldsjelene i denne kampen har vore Jhingoor Baptiste, som i mange år har vore tilknytta Universitetet i Oslo. Han er sjølvsagt svært glad for denne rettsavgjerda.

- Dette er ein like stor og uventa prestasjon som om eg hadde klart å sprengja Mount Everest i lufta heilt åleine. Det er heilt utruleg at etter å ha jobba hardt og systematisk med denne saka i 25 år, så blir kampen endeleg krona med siger, seier Baptiste.

Ubåtar for øy

I teorien kan dermed dei til saman 4000 innbyggjarane forlata Mauritius og Secheyllane dit dei blei forviste til i 1973, og dra heim. Så lett er det derimot ikkje. For først må det amerikanske flyvåpenet forlata øya som det har leigd av Storbritannia fram til 2016. Øybuarane frå dei 65 øyane i øygruppa Chagos Archipelago blei tvangsforviste til Mauritius og Seychellane etter at Storbritannias regjering med statsminister Harold Wilson i bresjen, i 1965 leigde ut hovudøya Diego Garcia til USA som ville bruka den som ein militærbase fram til 2016. Som betaling fekk Storbritannia Polaris-ubåtar for den nette sum av 5 milliardar pund eller nærare 50 milliardar norske kroner.

Men Ilois-folket som budde på desse øyane, blei ikkje spurte om kva dei meinte. Dei hamna i fattigkvartera i Mauritius´ hovudstad Port Louis og på Seychellane. Det amerikanske flyvåpenet inntok Diego Garcia i 1970, og flybasen var sentral i bombeåtaka mot Irak under Golfkrigen og var også utgangspunktet for åtaka mot den saudiarabiske terroristleiaren Osami bin-Ladens hovudkvarter i Afghanistan i 1998?.

Stemnar USA

Ilois-folket organiserte ei eksilregjering som stemna Storbritannia for brot på FNs urfolkskonvensjon og artikkel 6 i EU-charteret. Jhingoor Baptiste kan enno ikkje fortelja når dei første øybuarane kan dra tilbake til Diego Garcia.

- Først må USA innsjå at avtalen med Storbritannia om å leiga Diego Garcia fram til 2016, ikkje lenger er gyldig, og difor må USA gi øya tilbake til dei opprinnelege innbyggjarane. For å få dei amerikanske styresmaktene til å forstå dette, har eksilregjeringa vår ved leiaren Louis Olivier Bancoult stemna USA inn for ein amerikansk domstol for å ha brote både FNs urfolkskonvensjon og artikkel 6 i EU-charteret. Når det er skjedd, må det byggjast ny infrastruktur på Diego Garcia og dei andre øyane, og då kan folket venda tilbake.

- Ja, eg håpar eg snart får oppleva at den nye generasjonen av Ilois-folket giftar seg med kvarandre i kyrkja på dei øyane foreldra og besteforeldra deira blei fordrivne frå for 27 år sidan, fortel Baptiste, som gjennom lobbyverksemd i avisredaksjonar, overfor europeiske regjeringar og frivillige organisasjonar, har skapt stor merksemd og forståing for lagnaden til folket hans.

Norske statsrådar svarte ikkje

- Eg sende brev til Tysklands utanriksminister Joschka Fischer, og fekk svar tilbake om at han hadde fått brevet og skulle lesa det så fort som mogleg. Derimot fekk eg aldri svar på breva eg sende til Noregs tidlegare utanriksminister Knut Vollebæk og tidlegare menneskerettsminister Hilde Frafjord Johnson. Det skuffa meg stort, understrekar han. I dag tel dei opprinnelege innbyggjarane på dei 65 øyane i Chagos Archipelago, rundt 7000 personar.

- Dersom folket ikkje hadde blitt tvangsfordrivne, ville det ha budd over 30 000 personar på desse øyane i dag, om me tar omsyn til at dei ville ha gifta seg og fått born. Fattigdom og dårlege levevilkår på Seychellane og i Mauritius har ført til at mange har døydd lenge før dei blei gamle, seier Baptiste. Sjølv blei han fødd på Diego Garcia, før han saman med familien sin blei deportert til ei av øyane i nærleiken av Mauritius. Seinare drog han til Spania og Frankrike før han hamna i Noreg i 1984.

Framtida

- Kva framtid ser du for Ilois-folket når dei vender heim til Diego Garcia og dei andre øyane?
- Eg trur det vil vera mogleg å satsa på turismen som den viktigaste næringsvegen i tillegg til det tradisjonelle fisket. Dessutan trur eg det vil vera naudsynt å vera ein del av Mauritius, men samtidig ha indre sjølvstyre.
- Og du sjølv, vil du dra tilbake?
- Nei, eg har levd for lenge i Europa. Men eg drar gjerne dit berre for å oppleva at folket mitt har fått landet sitt tilbake.

Iloisfolket har altså vunne over Storbritannia i rettssalen. No vil Ilois-folket og Storbritannia stå saman for å få USA til å fylgja rettsavgjerda og trekkja seg tilbake frå flybasen og lata dei opprinnelege innbyggjarane få venda tilbake. Men Ilois-folket har også stemna USA for ein amerikansk domstol for å få landet til å trekkja seg ut av Diego Garcia.

Fakta om Diego Garcia:

44 kvadratkilometer (24 km lang og 11 km brei)
-oppdaga av portugisiske sjøfararar på 1500-talet
-har stort sett heile tida vore tilknytt Mauritius
-i 1965 blei øya skilt frå Mauritius og innlemma i Det britiske territoriet i Indiahavet
-kopraproduksjon frå kokosnøttpalmar viktigaste næringsveg
-1966: Storbritannia leigde ut Diego Garcia til USA som ville bruka øya som militærbase
-1965-1973: øybuarane blei tvangsflytta til Mauritius og Seychellane.
(Kjelde: Encyclopedia Britannica)

Av Martin Toft
Publisert 8. des. 2000 15:09 - Sist endra 10. des. 2008 15:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere